Nettfenomen
Nettsider redaksjonelt vurdert
The Smoking Gun (usa)
Nettstaden, som vart starta i 1997, lever av å grave fram politirapportar, rettsdokument, FBI-mapper og andre avslørande papir. Her finn du offisielle dokument om alt frå John F. Kennedy til kjende seriemordarar og pikante avsløringar om A- og B-kjendisar.
Hamsterdansen (usa)
Hamsterdansen (no i fleire versjonar!!) kan du sitje å sjå på til du blir gal ... eit bilete av livet sjølv? Alternativt kan du sjå Jesus dance macarena eller kudans.
Mahir Homepage (tr)
I 1999 laga tyrkaren Mahir Cagri ei talentlaus heimeside og vart verdskjendis.
One red paperclip (ca)
Kyle MacDonald starta ein bytehandel med ein raud binders og enda opp med eit hus. Undervegs vart han verdskjend. Alt skjedde via denne bloggen. Her kan du lese om korleis det skjedde, sjå videoklipp m.m.
Ratemyface (usa)
Send inn eit bilete av deg sjølv og la brukarane verda over stemme på kor kjekk du er. Du kan gje deg sjølv ei stemme kvar dag og såleis unngå slakt. OBS! Krev gratis medlemskap.
Uncyclopedia (int)
Parodi på Wikipedia. Vart starta i januar 2005 som ei vidareutvikling av den engelskspråklege Wikipediasida «Bad Jokes and Other Deleted Nonsense».
We love the Iraqi Information Minister (usa)
Alltid i godt humør. Jamvel då amerikanarane skaut i kvartalet like ved, smilte og strålte den irakiske informasjonsministeren medan han fortalde at Irak kom til å vinne krigen. Al-Sahaf hadde noko mange mangla: sjarm.