Tru og livssyn
Nettsider redaksjonelt vurdert
Bibel.no
Alt om Bibelen på éin stad. Du kan søkje og lese i den siste omsetjinga - t.d. dagens bibelord, og i somme tidlegare utgåver. Sidene har ellers mykje nyhende- og ressursstoff, og nettbokhandel. Bibelselskapet/Verbum forlag står attom tenesta.
Koranen.no
Fine, ryddige sider om Koranen og Islam. Inneheld informasjon, spørsmål og svar, nyhende, artiklar, forum og Koranen på norsk, engelsk og arabisk.
Beliefnet (usa)
Stor og kompleks teneste for alt som har med religion og tru å gjere. Du finn artiklar og stoff om alt frå det åndelege, religion og moral til tru og samfunn. Tenesta har også eit stort oppslagsverk med referanse til alle trusretningar.
GospelSearch
Emnekatalog med søkjefunksjon over kristne nettstader i Noreg. I tillegg finn du nyhendeoversyn, andakt m.m. Den leiande kristne nettportalen i Noreg, gjekk tidlegare under namnet GospelSearch.
Islam.no
Inneheld artiklar og anna stoff om islam, diskusjonsforum og informasjon om kva som skjer i det muslimske miljøet. Moglegheit til å melde seg på nyhendebrev. Domenet eigast av Den Islamske Informasjonsforeningen (DIIF), men blir driven av frivilljuge.
Buddhanet - buddhist information network (aus)
Tenesta er informativ og lett å manøvrere i og er eit resultat av eit ønske om å foreine buddhisme-kultur med ny informasjonsteknologi. Rettar seg mot alle buddhisttradisjonar. Du finn blant anna eigne lydfiler (Real-format).
Hindu (dk)
God, dansk teneste med mykje informasjon om hinduismen.
Alternativt Nettverk
Fellesforum som skal stimulere til informasjon, debatt og aktivitet på område som personleg og spirituell utvikling, alternativ medisin, økologi, global erkjenning, alternative livssyn og eit meir heilskapleg verdsbilete. Har mellom anna oversyn over messer og organisasjonar.
About.com: Religion & Spirituality (usa)
USAs største guide på nett har eigne, innhaldsrike sider for dei ulike religionane, som du finn gjennom hovudsida deira for religion og åndelegheit. Dei ulike kategoriane har eigne ekspertguidar til å hjelpe deg, t.d. ved e-postførespurnader.
Religionsguiden (dk)
Oversynleg presentasjon av dei største religionane, ført i pennen av mag.art. Tim Jensen.
Religious Tolerance (ca)
Omfattande sider med artiklar om positive og negative sider ved dei fleste religionar og sekter i verda.