Trim og trening
Nettsider redaksjonelt vurdert
Aktivlivsstil.no
Mosjonsportal med nyhende, råd og andre relevante saker knytte til fysisk aktivitet, kosthald og ein aktiv livsstil. Norges mosjons- og bedriftsidrettsforbund står attom nettsidene.
Olympiatoppen: Fagsider
På desse sidene er det fleire nyttige, interessante artiklar om korleis ein skal kome seg i form og få kroppen til å prestere. Finn ut meir om basistrening, uthald, styrkje, ernæring osb.
Skadefri
Få informasjon om idrettsskadar, øvingsprogram og andre skadeførebyggjande tiltak - i tekst, bilete og video, på desse nettsidene frå Senter for idrettsskadeforskning.
Treningsmagasinet.no
Treningstips, kosthald og utstyrstips og spørsmål og svar-teneste for den som er glad i å springe, sykle eller gå langrenn.
Trim.no
Fyldig artikkelsamling med kunnskapsstoff innanfor trening og helse, i tillegg til eige spørsmål & svar-forum. Treningsprogram og hefte er også tilgjengelege.
DHL-Stafetten
Stafett i Oslo. Vert arrangert i eit samarbeid mellom DHL og Sportsklubben Vidar.
Dinform
Nettside med artiklar om trening, slanking og kosthald, i tillegg til forum.
Helsenett.no: Idrettsmedisin
Helseinformasjon: Artiklar om trening, skader, opptrening etc.
Norges Gang- og Mosjonsforbund
Dei offisielle nettsidene for forbundet.
Sportsskader
Informasjon om fleire sportsskader, førebyggjande trening og behandling.
Sykle til jobben
Sentral nettstad for ein årleg aksjon der ein vert beden om å vere aktiv på vei til jobben. Flest brukar sykkelen, andre går, spring eller brukar kroppen på andre vis.
Trening.no
Nettstad for trening og fysisk aktivitet. Lær meir om treningstips, relevant kosthald og ernæring osb. PS: Nettsidene blir ikkje oppdatert for tida.
Finstadeliten
Heimeside for nord-trønderske Finstadeliten, eit av familielaga som årleg er med i mosjonsløpet St. Olavsloppet mellom Trondheim og Østersund, ein firedagars-stafett på 34 mil mellom Noreg og Sverige. Nettsidene fortel meir om familien, og har forslag til ulike treningsprogram.
Fitnessbloggen
Blogg om trening og kosthold.
Forskningssenter for trening og prestasjon
Senteret ved Norges idrettshøgskole forskar på planlegging og gjennomføring av aktivitet, både i toppidrett og i barne-, ungdoms- og mosjonsidrett.
Gymguiden
Nettsida har oversikt over treningssenter i Noreg, og andre ressurssider om trening.
Gymlink.no
Nettstad med oversyn over treningssenter, treningsutstyr, fysioterapauter, kampsportsentre m.m.
Helhetstrening
Tidlegare løpardronning Ingrid Kristiansen og mannen Arve deler her kunnskapen sin innanfor helse, livsstil, mosjon og toppidrett. Det fyldige lesestoffet om fysisk og psykisk aktivitet er basert på ein heilskapsfilosofi - at kropp, hovud og sjel er avhengige av kvarandre for at du skal fungere harmonisk.
Hvert skritt teller
Nettsider for kampanjen «Hvert skritt teller», i regi av Landsforeiningen for hjerte- og lungesyke. Kampanjen vart arrangert første gong hausten 2006, og målet var - og er framleis - å få folk flest til å røre meir på seg i kvardagen.
Idrettsmerket.no
Nettsidene gjev informasjon om øvingar og krav til å ta idrettsmerket.
Jentetrippelen
For jenter som tek sportslege utfordringar. Trippelen er bygd opp av ski, sykkel og fjell-løp, tre disiplinar på eitt år.
Löplabbet
Sportskjede med fokus på sko og klede for løparar. Forutan informasjon om produkta, får du her også artikkelstoff om trening, helse og kosthald.
Stavgang / Nordic Walking
Informasjon om stavgang / Nordic Walking ved Semsvatn i Asker.