Psykologi
Nettsider redaksjonelt vurdert
Det psykologiske fakultet UiB
Ved fakultetet tilbyr dei profesjonsutdanning i psykologi, studium i arbeids- og organisasjonspsykologi og ein del pedagogiske fag og helsefag.
Institutt for psykologi UiT
Tilbod om psykologistudium på ulike nivå og profesjonsstudium.
NTNU: Psykologisk institutt
Forskingsaktivitet og psykologistudium både som allmennutdanning og profesjonsstudium. Faggrupper for Sosial- og samfunnspsykologi, Utviklingspsykologi og klinisk barn, Helse-, arbeids- og organisasjonspsykologi, Biologisk, kognitiv og klinisk nevropsykologi, attåt Personlegdomspsykologi, klinisk vaksenpsykologi og metode.
Psykologisk institutt UiO
Instituttet tilbyr grunnfags-, mellomfags- og profesjonsstudium i psykologi.
Institutt for samfunnspsykologi UiB
Stort institutt som gjev undervisning for grunnfags- og profesjonsstudentar i psykologi, delfag i arbeidslivs- og organisasjonspsykologi og helsefag. Fagområda spenner frå studium av personlegdom og kognisjon til studium av menneske i sosiale- og samfunnsmessige samanhengar.
Norsk Gestaltinstitutt (NGI)
Høgskolen tilbyr utdanning i gestaltterapi/psykoterapi, gestaltorientert coaching og organisasjonsutvikling samt veileiing.
UiB: Institutt for biologisk og medisinsk psykologi.
Instituttseksjonar for fysiologisk psykologi, klinisk nevropsykologi og kognitiv nevrovitskap underviser grunnfags- og profesjonsstudentar i psykologi i ei rekkje ulike fagområde. I tillegg driv dei ein nevropsykologisk poliklinikk og omfattande forsking.