Legat og stipend
Nettsider redaksjonelt vurdert
Legatsiden.no
God nettstad med informasjon om norske legat og relevante utanlandske legat. Søkjemoglegheiter og søkjetips.
Nordisk råd og ministeråd: Støtteordninger
Ministerrådet deler ut stipend, prosjekttilskot, forskingsstøtte m.m.
Alarga
Interesseorganisasjon som stør studentar med flerkulturell bakgrunn gjennom stipendordningar og tett oppfølgjing for dei utvalde ved ei verksemd. Målet er å hjelpe studentane med integrering og arbeidserfaring i næringslivet.
Eurodesk
Nettstad for eit informasjonsnettverk retta mot unge frå 10-30 år. Eurodesk finst i «alle» europeiske land, og oppgåva er å svare på spørsmål rundt internasjonale alternativ for unge (stipend, støtteordningar, studium og arbeid i utlandet). Denne norske nettstaden har blant anna peikarar til arbeids- og studienettstader i europeiske land.
Fond for utøvande kunstnarar
Fondet gjev stønad til prosjekt der det deltek profesjonelle, utøvande kunstnarar, og til innspelingar som vert gjort i Noreg. Utøvarane må bu og hovudsakeleg ha sitt arbeid i Noreg.
Frifond
Statlege midlar til aktivitetar for barn og unge. Støtteordninga blir administrert av tre paraplyorganisasjonar som fordeler midlane vidare til nesten 100 organisasjonar innanfor musikk, teater og andre fritidsaktivitetar. Alle under 26 år kan søkje.
Legathåndboken
Denne handboka er for den som er på jakt etter stipend og legat. 2400 stipend, legat og andre støtteordningar som også kan søkjast opp på nettet. Søk i databasa kostar kr. 30 for eitt døgn.
L. Meltzers Høyskolefond
Meltzerforndet deler ut forskingsprisar, midlar til forskingsprosjelkt, til generelle føremål og til reisestipend for forskarar. Fondet deler også ut stipend til studentar.
Nansenfondet
Nansen fondet og dei tilknytta fonda har ein samla forvaltningskapital på omlag 80 millionar kroner.
UNIFOR
Forvaltingsstiftinga for fond og legat administrerer og forvaltar omlag 200 fond og legat med ideelt føremål, mellom anna med stønad til forsking og utdanning ved Universitetet i Oslo.
Draumestipendet
Draumestipendet består av 100 stipendi á 10.000 kroner - til saman éin million kroner. Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Målet er å synliggjere korleis kommunane arbeider for barn og unge og vere ein inspirasjon og eit bidrag for å oppfylle mange draumar mellom barn og unge.
Det Norske Videnskaps-Akademi: fond og legater
Oversikt over stipend og legat som vert administrert gjennom DNVA. Informasjon om studieområde, søknadsfristar, søknadsprosedyren samt søknadsskjema som kan lastast ned.
Eksperter i Team: Innovasjonsstipend
Føremålet er å realisere og videreutvikle dei gode og innovative idéane som studentane skapar.
Jansons Legat
Stipend til yrkesaktive kvinner og menn som i det daglege har vist positive anlegg utover det vanlege, og som gjennom reiser, studiar eller opphald i utlandet vil vidareutvikle seg i yrket, få internasjonal røynsle eller etterutdanne seg.
Legater.nu
Leiter fram stipendmoglegheiter for deg i ein database som inneheld fleire tusen stipend frå heile verda og sel lister over desse.
Major og advokat Eivind Eckbos Legater I - XII
Søknadsfristen på legata er 1. november, og tradisjonelt har stiftinga Eckbos Legater, støtta prosjekt som ikkje oppnår offentleg støtte.
Namsos kommune: legater og stipender
Fondsmidlar som vert styrt av Namsos kommune.
NordForsk
NordForsk er eit sjølvstendig organ under Nordisk Ministerråd for utdanning og forsking og har ansvar for nordisk samarbeid innan forsking og forskarutdanning.
Norge-Amerika Foreningen
Formidlar stønad og stipend til forskingsutveksling mellom Noreg og USA.
Norge.no: Studiefinansiering
Informasjon om lån og stipend.
Norske Arkitekters Landsforbund: stipend og legater
Oversikt over legat og stipend for arkitektstudentar, og andre som har tilknyting til forbundet.
Solofondet
Fond for ungdom mellom 15 og 25 med gode idear og prosjekt. Dei har delt ut stipend til alt frå revy, eigenetablering, kultur, sport til andre typar fritidssyslar eller livsstilar.
Stor-Elvdal Legatkontor
Her ligg informasjon om legata i Stor-Elvdal - Berekna på søkjarar, styremedlem, studentar og andre interesserte.
Støtte til internasjonalt samarbeid
Database over støttemoglegheiter for internasjonalt samarbeid innan utdanning og forsking.
UD: Kunstfaglege stønadsordningar/ Kunstfagutvala
Oversyn frå Utanriksdepartementet om ulike stønadsordningar og stipend, dessutan norske tilskipingar i utlandet.
Universitetet i Tromsø: stipend.
Informasjon om stipend og legat og presentasjon av stipendordninga til Lånekassen.
U.S: Norway Fulbright Foundation..
Norway Fulbright Foundation for Educational Exchange gir økonomisk støtte til høgare utdanning ved amerikanske institusjonar og til amerikanarar som vil studere i Noreg.