Nettsider redaksjonelt vurdert
Digitale læremidler
Tenesta inneheld over 5000 digitale læremiddel på alle nivå og for dei fleste faga i utdanningskjeda. Du finn læremidla ved å velje anten alder, nivå, fag eller søk. Utdanning.no står bak tenesta.
Lexin
Norsk til engelsk, arabisk, kurdisk, persisk, somali, tamil, tigrinja og tyrkisk språk. Nettbaserte kvalitets-ordbøker laga særskilt for innvandrarar i Noreg. Utdanningsdirektoratet og AKSIS står bak.
Linksidene
Ny startside for elevar og lærarar på Internett. Peikarar til startsider, oppslagsverk og fagrelaterte ressursar.
Nettgymnaset.com: Lenkesamling
Nettgymnaset tilbyr søk eller navigering gjennom meir enn 3000 skulerelaterte peikarar og nettressursar.
Norsk Skoleforum
Her finn du analysar, stilar, artiklar og mykje meir.
NRK: Skule
NRK har samla relevante klipp frå sitt innhaldsrike arkiv og sortert etter fagemne, personar og program. Klippa vert knytt til relevante punkt i læreplanen.
Skoleverkstedet
Hjelp til skulearbeidet? Denne sida gir deg stoff til skuleoppgåver og boktips. Deichmanske bibliotek er ansvarleg for sida.
Bokselskap.no
Bibliotek av norske digitaliserte bøker. Her kan du lese og laste ned verk gratis. Foruten tekstene består nettstedet av forfatterbiografier, periodeomtaler og tekstredegjørelser.
Energiveven
Ein nettstad om energi med hovudvekt på bioenergi, tilpassa læreplanen for ungdomstrinnet.
Forskning.no: Multimedia
Desse multimediaproduksjonane tek føre seg vanskelege tema på ein lettfatteleg måte. Her kan du t.d. lære om planeten vår, sjå korleis teknologiar som DAB og chatting på Internett verkar, eller korleis eit kjernekraftverk fungerer. Kanskje du er meir interessert i celledeling eller CSI-metodar brukte i røynda? På denne nettstaden finn du kanskje svaret.
Hvor Hender Det?
Artikkelserie frå Norsk Utanrikspolitisk Institutt med fokus på internasjonale tilhøve. Publikasjonen har elevar og lærarar i vidaregåande skular som hovudmålgruppe, men er også laga for studentar, avgjerdstakarar, organisasjonsliv og ålmenta.
I lange baner
Lær om korleis jordas ferd rundt sola påverkar årstidene. Innhaldet er inndelt i små snuttar om tema, og vert avslutta med ein quiz. Tenesta er lettfatteleg, med fin grafikk og tydeleg forteljarstemme. Utvikla av forskning.no
Minskole.no
Side med peikarar og masse anna skulerelatert stoff for elevar, foreldre og lærarar.
Moava
Nettstad der elevar kan finne lenkjer til bruk i skulearbeidet sitt. Bruk av nettstaden er gratis, reklamefritt og krev ikkje at elevane loggar seg inn.
Nettverk for miljølære
Hjelpemiddel for miljøundervisninga både i grunnskulen, vidaregåande opplæring og i vaksenopplæringa. Nettverket er eit samarbeid mellom skuler, miljøforvalting, forskingsinstitusjonar og frivillige organisasjonar.
Odd's heimeside
Elementær forklaring av diverse fagord og framandord innanfor fagområda norsk grammatikk, elektronikk, digitalteknikk og elektronikk. Odd har bakgrunn som faglærar i den videregåande skulen.
OpenClass
Startside og peikarsamling av læringsressursar for elevar, privatistar og lærarar i den vidaregåande skulen.
Opplegg for skuleavis
Prosjekt ved Høgskulen i Volda der ein har laga eit opplegg for avis valfag i ungdomsskulen. Ved hjelp av Word, videokamera og PC med TV-kort kan skuleavisa få ein spennande utsjånad med bilete og spaltar.
Pengeby.no
Eit interaktivt spel for barn i alderen 5 - 7 år. Skal introdusere barn for pengeomgrepet, pengeprioriteringar og sparing. Det er Fokus bank som står bak, men det er ikkje reklame på nettstaden.
Periodesystemet.no
Lettlesen informasjon på norsk om det periodiske systemet. På denne nettstaden kan du m.a. sjå tabellen, søkje grunnstoff etter namn eller formlar, og lese om opphavet til grunnstoffa. Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo er ansvarleg for tenesta.
Planeten - NRK
Eit av dei største dokumentarprosjekta i Norden nokon gong. På nettsidene kan du sjå serien, teste deg sjølv og sjå korleis du kan hjelpe til. Her finn du co2-kalkulator, idéar til oppgåver for skoleelevar og mykje meir.
Regnmakerne
Ein regnmakar er oppteken av miljø og fornybar energi. Regnemakarane kan du møte både på skulen, på TV og på nettet. Du kan også bli medlem i regnmakarklubben. Regnmakarane er eit aktivitets- og undervisningsprogram om energi og klima, utvikla av ENOVA.
Salaby
Salaby tilbyr digitale læremiddel i norsk, matematikk, engelsk og natur- og samfunnsfag. Konkrete tips til lærarar om bruk av nettstaden.
Samfunnsveven
Læringsressurs utvikla av Norsk samfunnsvitkapleg datateneste (NSD) for bruk i vidaregåande opplæring. Nettstaden omfattar arbeidsopplegg og dataressursar, og har mål om å gje elevane kunnskap og forståing for det samfunnet vi lever i.
Skoleskogen
Skuleskogen tilbyr undervisningsprogrammet «Lære med skogen» for lærarar, skuleleiarar, foreldre og andre som er interesserte i tverrfagleg undervising i skogen. Skuleskogen formidlar kunnskap om skogen som rekreasjonsområde, læringsarena og produksjonsområde for m.a. byggematerialer og bioenergi. Med opplevingar frå dei nettbaserte læremidla får elevene inspirasjon til nyskapande bruk av skog- og treressursane. Samtidig får lærerne eit verkty for praktiske aktivitetar i skulens ordinære uteundervisning.
Stairs
Engelsk for grunnskoletrinnet. Nettsida til Cappelen inneheld ymse øvingar for elevane.
Steps
Engelsk for grunnskuletrinnet. Sidene til Gyldendal med øvingar, innlesne tekstar og animasjonar.
UNG økonomi
Finansdepartementet sine sider for ungdom om norsk økonomi og budsjettspørsmål. Passar godt å bruke i skulesamanheng, t.d. ved prosjektarbeid eller i faga samfunnsøkonomi og samfunnsfag. Ta finansquizen, eller prøv det nye spelet finansministerens kontor.
Utog
Hjelpemiddel for elevar og lærarar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Programfag til val-, real- og teknologifaga. Nyttig innfallsport for alle yrkes- og utdanningssøkjande.
BBC: History (uk)
BBC-nettsidene for historiske dokumentarar. Her kan du klikke deg inn på artiklar om diverse historiske epokar og personar, finne spel og anna interaktivt innhald m.m.
Brannvettskolen
Undervisingsopplegg om brannvern og el-tryggleik. Lagt opp til barnehage, dei ulike trinna i grunnskulen, vidaregåande, i tillegg lærarar og foreldre. Utabeida av samarbeidsgruppa for brannvern i skulen.
Curriki (usa)
Fri tilgang til pensum og instruksjonsmanualar frå barnehage til vidaregåande nivå. Har læringsressursar innan matematikk, vitskap, teknologi, litteratur og språk. Har som mål om å gje alle studentar og lærarar tilgang til kvalitetssikra læremiddel, i tråd med rammeplanar for opplæring i USA og FNs tusenårsmål.
Eksamensoppgaver.org
Eksamensoppgåver med løysingsframlegg som er laga for å hjelpe elevar og privatister i førebuingane framfor eksamen i realfag.
Engelsklenker
Portal som tek deg rett til multimedia-sider som har å gjere med engelsk og amerikansk litteratur, samt historie og geografi. På engelsk.
Google Boksøk (Norsk versjon)
Google Book Search i norsk versjon. Her kan søkje etter bøker og forfattarar.
Google Book Search
Google digitaliserer verdslitteraturen. Søk etter bøker og forfattarar. Finst òg som mobilsøk.
Grammatikkspill for elever på Internett
GREI er ein nettstad for elever i alderen 10-18. Lær om gramatikk, setningsanalyse, forkortingar m.m. igjennom Internettspel. Utvikla av Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo.
Huseby kompetansesenter: Skolelydbok
Produksjon og distribusjon av tilpassa lydbøker for grunnopplæringa. Tilbyr utlån av bøker til synshemma elever, lesehemma elever og til elevar med nedsett førlegheit.
Justice Learning (usa)
Tekst-, lyd- og multimediaressursar med fokus på juridiske og politiske emne. Læringsressursen er opphavleg tilrettelagt for elevar og lærarar på High School-nivå i USA.
KartISkolen
Webatlas for Noreg. Kartdata og annan informasjon vert henta direkte frå leverandørane av datasetta og difor er dei høgaktuelle og ofte sanntidsdata. Er eigd av utdanningssektoren.
Korrekturavdelingen.no
Korrekturavdelinga tilbyr rettleiing i rettskriving og teiknsetjing, attåt diverse Word-tips.
Murfag.no
Nettportal som presenterer opplæringen i murerfaget fra vg1 og frem til avlagt svenneprøve.
Norsksidene
Ressursside for bokmål og nynorsk. Oppslag på grammatikk, rettskriving, sjangerlære m.m. Passar for elevar, lærarar og foreldre.
Samisk historie
Nettbasert læringsressurs i samisk historie.
Språkrådet: Skole
Informativ side om norsk språk for både elevar og lærarar.
Tradisjonell samisk folkedikting
Nettbasert undervisingsopplegg.
Firda Videregående skole: Fagsider
Her er det samla peikarar til ulike fag og undervisningsopplegg som er tilgjengeleg på Internett. Nyttig for elevar og lærarar.
Røyse skole: Fagsider
Peikarsamling til fagsider som kan vere til hjelp i skulearbeidet.
123skole
Reklamefri nettstad for dei minste. Inneheld peikarar innanfor lesing, skriving, matematikk og engelsk.
iPad i skolen
Inneholder stoff om iPad i skolen, diskusjoner, undervisningsopplegg, grunnleggende verktøy og tester av apper og ekstrautstyr.
Kvar går grensa?
Nettstad for ungdom, laget i samband med utstillinga «Ytringsfridom - kvar går grensa?» på Nobels Fredssenter. Ønskjer å få ungdom til å reflektere over eigne grenser i høve til viktige tema som nettsensur, religion, porno m.m. Her finst også eit pedagogisk opplegg for ungdom i alderen 13-19 år.
Learnlearn.net
Bilete med tekstar til orienteringsfaget og matematikk. Til barnetrinnet i skulen.
Lær samisk
Gjennom dei interaktive nettstadene Lohkan.no får du høve til å lære
alfabetet, stavingar og grammatikk. Mynta på barn.
Sophusportalen
Kunnskapsportal for barnehagar og skular i Nordfjord.