Innsamlingsaksjonar
Nettsider redaksjonelt vurdert
Folkehjelper.no
Å vere ein folkehjelpar inneber at du stør Norsk Folkehjelp med ein fast sum i månaden. På nettstaden kan du melde deg som gjevar og lese meir om korleis pengane vert nytta.
GiGave.no
Portal der alle donerbare føremål er samla på ein stad og kategoriserte.
Grenlandsaksjonen
Frå hand til hand - frå hjarte til hjarte.
Hjertevenn 2008
Å vere hjarteven betyr å gje fattige barn og foreldre høve, gjennom mikrofinans og utdanning, til å klare seg sjølve. Strømmestiftinga står bak.
HumAk
Juristforeningens Humanitæraksjon vart etablert i 1989, og vert skipa til anna kvart år.
Jazzaid
Stiftinga Jazzaid skipar til konsertar til inntekt for ulike humanitære prosjekt.
Krafttak mot kreft
Årviss innsamlingsaksjon i regi av Kreftforeininga. Innsamlingsaksjonen skal stø forsking og tiltak knytt til ungdom med kreft.
MedHum
Innsamlingsaksjonen til medisinstudentane går føre seg annakvart år. Pengane skal gå til prosjekt som fremjar primær helse og førebygging i fattige land. I tillegg til innsamlinga vert det òg skipa til føredrag og ordskifte om relevante tema.
NRK: TV-aksjonen 2010
TV-innsamlinga sundag 24. oktober 2010 går til Flyktninghjelpen, Noregs største internasjonale humanitære organisasjon med 2600 tilsette i 20 av verdas mest krigsherja land. Organisasjonen har sidan 1946 arbeida for å fremje og verne rettane til flyktningar i eller utanfor sitt eige land.
Operasjon Dagsverk
Her finn du informasjon om Operasjon Dagsverk, der skuleungdom arbeider ein dag i året til inntekt for ulike prosjekt rundt om i verda.
Rosa Sløyfe
I Noreg har Rosa sløyfe-aksjonen vorte markert sida 1999. Aksjonen går føre seg gjennom heile oktober månad i mange land rundt i verda og inntektene går til forsking på brystkreft.
SAIH - Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond
SAIH er studentane og akademikarane sin eigen solidaritets- og utviklingshjelpsorganisasjon. Dei støttar utdannings- og opplysningsprosjekt i Latin-Amerika og Afrika.
Stamps 4 life
Informasjon om frimerkeinnsamling til inntekt for gateborn og fattige i Ukraina.
Innsamlingskontrollen
Stifting med føremål å ivareta allmennheita sine interesser i at innsamlingar til humanitære, kulturelle og religiøse føremål m.v. vert organiserte og gjennomførde på ein betryggjande måte og at forvaltinga av midlane er forsvarleg.
FreeRice (usa)
Med dette spelet kan du utvikle det engelske ordforrådet ditt, samstundes som du donerer ris til verdas fattige. For kvart rette ord vert det donert 10 riskorn til FN - Verdas matvareprogram.