Tilsynsorgan
Nettsider redaksjonelt vurdert
Arbeidstilsynet
Statleg etat som har til oppgåve å føre tilsyn med at verksemder følgjer krava i arbeidsmiljølova. Nettsidene inneheld nyhende og informasjon, regelverk, skjema, publikasjonar og peikarar vidare.
Barneombodet
Barneombudet arbeider for born og unge frå 0 til 18 år. Barneombudet skal følgje opp all den lovgjevnaden som vernar barna sine interesser. Mykje informasjon på sida.
Datatilsynet
Etaten fører ei offentleg liste over alle handsamingar som er innmelde eller som har konsesjon. Vidare skal tilsynet handsame konsesjonar og vurdere å gje pålegg, i tillegg til å informere og gje råd i høve til personvernet.
Finanstilsynet
Finanstilsynet har tilsyn med at bankar, finansieringsselskap, kredittføretak, forsikringsselskap, pensjonskassar, verdipapirhandel, eigedomsmekling, inkasso og rekneskaps- og revisorverksemd verkar i samsvar med lov.
Fordelingsutvalget
Forvaltningsorgan underlagt Barne- og likestillingsdepartementet. Hovudoppgåva er å tildele tilskot til dei frivillige, landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonane i Noreg.
Gassnova
Statens senter for miljøvenleg gassteknologi har som føremål å fremje utvikling av framtidsretta, miljøvenleg og kostnadseffektiv gassteknologi. Verksemda er eit forvaltingsorgan underlagt Olje- og energidepartementet.
Helsetilsynet
Statleg tilsyn med sosial- og helsetenestene. Nettstaden har nyhende og informasjon rundt lovverk, rettar og klagemoglegheiter etc.
Konkurransetilsynet
Etaten er oppretta i medhald av konkurranselova, som gjev Konkurransetilsynet tilgang til å gripe inn mot konkurranseskadeleg åtferd og mot bedriftsoppkjøp og fusjonar som skadar konkurransen i strid med føremålet med lova.
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Ombodet skal kjempe mot diskriminering og fremje likestilling uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonshemming, seksuell orientering og alder.
Luftfartstilsynet
Etaten er eit sjølvstendig og uavhengig forvaltningsorgan direkte underlagt Samferdsledepartementet. Oppgåvene er å medverke til auka tryggleik i luftfarta og elles føre tilsyn med at lovar og reglar blir følgde. Sidene har statistikk over ulukker for Noreg, aktuelle saker og mange peikarar.
Medietilsynet
Medietilsynet samlar dei tidlegare oppgåvene til Filmtilsynet, Eierskapstilsynet og Statens medieforvaltning. Det er Medietilsynet som fører tilsyn med marknads- og eigeforhold i dagspresse og krigkasting, set aldersgrense på film, er konsesjons- og registreringsmynde for lokalkringkasting og anna kringkasting samt administrerar ulike tilskotsordningar.
Petroleumstilsynet
Tilsynet driv informasjons- og rådgivningsvirksemd ovanfor aktørane i petroleumsvirksemda og ser til at det haldast eit høgt nivå for helse, miljø, sikring og tryggingstiltak.
Post- og teletilsynet
Forvaltingsorganet har ansvar for regulering og overvaking av post- og telekommunikasjonssektoren i Noreg. Vidare gjev det råd til Samferdsledepartementet om fastsetjingar og/eller endringar i regelverket, handsamar klager og driv utgreiingsarbeid.
Riksmeklingsmannen
Oppgåva til institusjonen er å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, dvs. tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Verksemda er leia av riksmeklingsmannen.
Sivilombodsmannen
Klageinstans som tek i mot klagemål på feil eller forsømingar i den offentlege forvaltninga.
Statens jernbanetilsyn
Tilsynet skal verne om offentlege interesser i tilknyting til tryggingsspørsmål m.v. ved anlegg og drift av jernbaner, sporveg, tunnelbaner og forstadsbaner. Vidare skal det føre tilsyn med at utøvarar av jernbaneverksemd oppfyller krava i jernbanelova eller reglar gjevne i medhald av lova.
Statens strålevern
Faginstansen i Noreg på området strålevern og atomtryggleik. Relevant publikumsinformasjon om bl.a. UV-stråling.
Tilsynsrådet For advokatverksemd
Rådet fører tilsyn med praktiserande advokatar- og rettshjelparar, og utstader advokatløyve, autorisjonar som advokatfullmektig i tillegg til løyve til ulike rettshjelparar og rettshjelptiltak.
Tolkeportalen
Det nasjonale tolkeregisteret skal vere eit innsynsregister med ålmenn tilgang til informasjon om tolkar og kvalifikasjonane deira i tolking mellom norsk og andre språk.