Offentleg informasjon
Nettsider redaksjonelt vurdert
Noreg.no
Inngangsside og veivisar til offentlege kontor og offentleg informasjon. Her finn du ein hierarkisk, tematisk og geografisk inndeling av tenester og informasjon, med føremål om å finne enkelt fram til den offentlege verksemda som har ansvar for den tenesta du søkjer. Sida finst også på bokmål.
Regjeringa.no
Regjeringa.no har erstatta ODIN frå 12. februar 2007. Innhaldet er informasjon frå regjering og departementa og målet er at offentleg dokumentasjon i Noreg skal bli lettare å finne fram i.
Tinget.no - Stortingets ungdomssider
Informasjon om korleis Stortinget fungerer og korleis du som vanleg borgar kan påverke viktige avgjerder. Sidene er spesielt laga for ungdom i vidaregåande skuel, men tinget.no høver for alle som lurer litt på korleis Stortinget fungerer, men som synest av www.stortinget.no er litt for stor og tung.
Altinn
Nettstad for rapportering til det offentlege. Her er elektroniske skjema for moms, statistikk, sjølvmelding, årsrekneskap og meir til.
Statistisk sentralbyrå
SSB utarbeider offisiell statistikk om det norske samfunnet. Institusjonen skaffar fram fakta for allmenn informasjon og offentleg planlegging, og informasjon som er vesentleg for at folkestyret og marknadssystemet skal fungere. Sidene har ei oversiktleg emneoversikt, her er ei liste for komande statistikk dei næraste fire månadene, Statistisk årbok, og meir spesielle ting som namnesøk (finn ut kor mange som heiter det same som deg), utrekning av prisvekst, økonomiske nøkkeltal osb.
Brønnøysundregistrene
Finn informasjon / søk i ulike register. Denne forvaltingsetaten har ansvar for ei rekkje nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet. Som bedriftsleiar, långivar, bruktbilkjøpar, journalist eller enkeltperson kan du få tilgang til mykje av informasjonen som er lagra i Brønnøysund.
MinSide
MinSide er eit offentleg servicekontor på Internett, ein felles inngang til elektroniske tenester frå det offentlege. Her får du også oversikt over informasjon som er registrert om deg i ulike offentlege register.
Det Norske Kongehus
Sjå og lær meir om kongefamilien vår, slottet og monarkiet meir allment. Kva står t.d. på det offisielle programmet til kongefamilien? Noko av det finn du her, i tillegg til at du kan bli med på ei virtuell omvisning i og framfor slottet (ved hjelp av 360 gradars video).
Bedin
Bedriftsinformasjon på Internett - ein fyldig og oversynleg portal og offentleg informasjonsteneste. Etablerarar og bedrifter finn her all relevant informasjon i forhold til det offentlege. I tillegg: Forretningsdokument, guidar, spørsmål/svar, peikarar m.m. Ein avgrensa engelsk-versjon finst også.
Bedriftshjelp.no
Sida gir deg oversyn over offentlege støtteordningar til næringslivet. Skal gi hjelp til å orientere seg i mengda av offentlege tilbod.
Doffin
Noregs offisielle database med offentlege innkjøpskunngjeringar. Tenesten er i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Hallo Norden!
Nordisk Ministerråd si informasjonteneste for privatpersonar og verksemder. Her finn du informasjon som er aktuell dersom du skal flytte, arbeide eller studere i eit anna nordisk land. Ryddig og bra side.
Klarspråk
Nettstaden til prosjektet «Klart språk i staten». Her finn du gode tips og råd om korleis du kan skrive klart og forståeleg. Det er også råd å sende inn døme på dårleg språk frå det offentlege og delta i diskusjonar.
KOFA: Klagenemnda for offentlige anskaffelser
Offentleg sektor i Noreg kjøper kvart år varer, tenester og byggje- og anleggsarbeid for ca. 200 milliardar kroner. Offentlege innkjøp har difor mykje å seia for effektiviteten og ressursbruken i offentleg sektor, og utgjer samstundes ein viktig marknad for næringslivet.
Norsk Lysingsblad
Vert gjeve ut av Noreg.no, og inneheld m.a. proklama, gjeldstingingar, mortifikasjonar og andre kunngjeringar.
Samfunnsnøkkelen
Finn fram i offentleg sektor. Eit verktøy for verksemder og privatpersonar.
Statens strålevern: Radnett
Måling av radioaktivitet gjennom eit landsdekkjande nettverk. Føremålet med målenettverket er å gje eit tidleg varsel i fall eit ukjent radioaktivt utslepp råkar Noreg.