Offentleg informasjon
Nettsider redaksjonelt vurdert
Noreg.no
Inngangsside og veivisar til offentlege kontor og offentleg informasjon. Her finn du ein hierarkisk, tematisk og geografisk inndeling av tenester og informasjon, med føremål om å finne enkelt fram til den offentlege verksemda som har ansvar for den tenesta du søkjer. Sida finst også på bokmål.
Regjeringa.no
Nettside frå regjeringa og departementa med mål om at offentleg dokumentasjon i Noreg skal bli lettare å finne fram til.
Stortinget.no
Stortingets nettstad.
Altinn
Nettstad for rapportering til det offentlege. Her er elektroniske skjema for moms, statistikk, sjølvmelding, årsrekneskap og meir til.
Statistisk sentralbyrå
SSB utarbeider offisiell statistikk om det norske samfunnet. Institusjonen skaffar fram fakta for allmenn informasjon og offentleg planlegging, og informasjon som er vesentleg for at folkestyret og marknadssystemet skal fungere. Sidene har ei oversiktleg emneoversikt, her er ei liste for komande statistikk dei næraste fire månadene, Statistisk årbok, og meir spesielle ting som namnesøk (finn ut kor mange som heiter det same som deg), utrekning av prisvekst, økonomiske nøkkeltal osb.
Brønnøysundregistrene
Finn informasjon / søk i ulike register. Denne forvaltingsetaten har ansvar for ei rekkje nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet. Som bedriftsleiar, långivar, bruktbilkjøpar, journalist eller enkeltperson kan du få tilgang til mykje av informasjonen som er lagra i Brønnøysund.
MinSide
MinSide er eit offentleg servicekontor på Internett, ein felles inngang til elektroniske tenester frå det offentlege. Her får du også oversikt over informasjon som er registrert om deg i ulike offentlege register.
NAV
Arbeids- og velferdsforvaltinga på nett (tidlegare Aetat og trygdeetaten). NAV skal bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og aktiv verksemd. Nettsidene består av informasjonssider og fleire elektroniske tenester - deriblant ein stor stillingsdatabase til å søkje i.
Tinget.no - Stortingets ungdomssider
Informasjon om korleis Stortinget fungerer og korleis du som vanleg borgar kan påverke viktige avgjerder. Sidene er spesielt laga for ungdom i vidaregåande skuel, men tinget.no høver for alle som lurer litt på korleis Stortinget fungerer, men som synest av www.stortinget.no er litt for stor og tung.
Offentlig informasjon
- Viktige samtaler om Irans atomprogram Regjeringen.no 14:40
- Møte tirsdag den 22. mai 2012 kl. 10 (midlertidig) Stortinget 23:34
- Fylkestur til Møre og Romsdal: Tale i Rauma Det Norske Kongehus 17:18
- Bedre styring av sykehusene Regjeringen.no 14:43
- Klimakvoteloven endret Regjeringen.no 14:43
- Siste etappe av Fylkesturen Det Norske Kongehus 12:55
- Fylkestur til Møre og Romsdal: Tale i Molde Det Norske Kongehus 12:48
- Minneord for Gunnar Sønsteby (1918-2012) Regjeringen.no 10:02
- Først fram Regjeringen.no 10:01
- Fylkestur til Møre og Romsdal: Tale i Brattvåg Det Norske Kongehus 18:26
Det Norske Kongehus
Sjå og lær meir om kongefamilien vår, slottet og monarkiet meir allment. Kva står t.d. på det offisielle programmet til kongefamilien? Noko av det finn du her, i tillegg til at du kan bli med på ei virtuell omvisning i og framfor slottet (ved hjelp av 360 gradars video).
Bedin
Bedriftsinformasjon på Internett - ein fyldig og oversynleg portal og offentleg informasjonsteneste. Etablerarar og bedrifter finn her all relevant informasjon i forhold til det offentlege. I tillegg: Forretningsdokument, guidar, spørsmål/svar, peikarar m.m. Ein avgrensa engelsk-versjon finst også.
Bedriftshjelp.no
Sida gir deg oversyn over offentlege støtteordningar til næringslivet. Skal gi hjelp til å orientere seg i mengda av offentlege tilbod.
Digipost
Hos Digipost får privatpersoner tilgang til en egen digital, gratis postkasse, som brukes til sikker kommunikasjon mot private og offentlige virksomheter. Tjenesten drives av Posten Norge.
Doffin
Noregs offisielle database med offentlege innkjøpskunngjeringar. Tenesten er i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
FiksGataMi
Her kan du melde fra om feil og mangler på de lokale veiene. FiksGataMi sender meldingen videre til riktig kommune eller etat. Tjenesten dekker hele landet.
Klarspråk
Nettstaden til prosjektet «Klart språk i staten». Her finn du gode tips og råd om korleis du kan skrive klart og forståeleg. Det er også råd å sende inn døme på dårleg språk frå det offentlege og delta i diskusjonar.
KOFA: Klagenemnda for offentlige anskaffelser
Offentleg sektor i Noreg kjøper kvart år varer, tenester og byggje- og anleggsarbeid for ca. 200 milliardar kroner. Offentlege innkjøp har difor mykje å seia for effektiviteten og ressursbruken i offentleg sektor, og utgjer samstundes ein viktig marknad for næringslivet.
Norsk Lysingsblad
Vert gjeve ut av Noreg.no, og inneheld m.a. proklama, gjeldstingingar, mortifikasjonar og andre kunngjeringar.
Offentlig elektronisk postjournal
Her kan du søkje i brev og dokument frå statlege verksemder og bestille den informasjonen du ønskjer innsyn i.
Samfunnsnøkkelen
Finn fram i offentleg sektor. Eit verktøy for verksemder og privatpersonar.
Delingsbazaren
Plattform for deling av programvare som er utvikla med offentlege midlar. Målgruppa er offentlege virksemder, og omsynet er m.a. å spare pengar, få ein open utviklingsprosess med auka innovasjon og auka leverandøruavhengigheit.
Statens strålevern: Radnett
Måling av radioaktivitet gjennom eit landsdekkjande nettverk. Føremålet med målenettverket er å gje eit tidleg varsel i fall eit ukjent radioaktivt utslepp råkar Noreg.