Personvern
Nettsider redaksjonelt vurdert
Lovdata: Personopplysningslova
Dubestemmer.no
Nettstaden handlar om personvern. Korleis er det lurt å oppføre seg og kva val skal ein ta på internett? Filmsnuttar om kva som kan gå gale, kven som ser deg, fakta og opplegg til diskusjonar.
Personvernnemnda
Sjølvstendig forvaltingsorgan som skal handsame klagar på vedtak som Datatilsynet fattar i medhald av personopplysingslova og nokre andre lover.
Personvern på nettet
«Personvern på nettet» er etablert av Avdeling for forvaltningsinformatikk ved UiO for å opplyse og stimulere debatten om personvern innanfor ulike samfunnsområde. Her finn du blant anna peikarar til artiklar i media der personvernspørsmål er tekne opp, personvernavgjerder, relatert litteratur og lover og reglar på personvernrettsområdet.
Rød knapp
Rød knapp er oppretta for at publikum skal ha ei elektronisk moglegheit til å tipse politiet (Kripos) om seksuelle overgrep mot mindreårige, herunder barnepornografi, samt rasistiske ytringar på Internett og menneskehandel. Ved hastesaker bør heller tipstelefonen 09989 nyttast.
Datafaglig sekretariat, Forskning og personvern
Serviceorgan der forskarar og studentar kan vende seg for å få råd og rettleiing i spørsmål som gjeld rettslege, etiske og metodiske sider ved innsamling, bruk, arkivering og gjenbruk av persondata.
Datatilsynet
Etaten fører ei offentleg liste over alle handsamingar som er innmelde eller som har konsesjon. Vidare skal tilsynet handsame konsesjonar og vurdere å gje pålegg, i tillegg til å informere og gje råd i høve til personvernet.
Stopp datalagringsdirektivet
Ein tverrpolitisk uavhengig kampanjeorganisasjon som har som føremål å spreie informasjon om negative konsekvensar for personvernet ved EU sitt datalagringsdirektiv, og hindre at direktivet vert tatt inn i norsk lov.
Teknologirådet: Personvern
Nyhende om personvern, i hovudsak frå eit teknologisk perspektiv.
UiO: Personvernreglar
Norske og internasjonale lover og reglar om personvern.
Elektronisk forpost Noreg (EFN)
Elektronisk rettsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i kyberrommet. Organisasjonen er inspirert av den amerikanske organisasjonen Electronic Frontier Foundation.
Electronic Privacy Information Center (usa)
Her finn du personvernrelaterte nyhende, allmenn informasjon om emnet og ein ABC om personvern.
ID-tyveri
Test kor utsett du er for ID-tjuveri, og lær meir om identitetstjuveri og identitetssvindel. Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) står attom tenesta.
Jons personvernsider
Jon Haugsand har samla informasjon og peikarar til ressursar på nett som handlar om personvern.
Nettvett.no
Nettstad med informasjon, råd og rettleiing om sikker bruk av Internett - retta mot både private brukarar og små og mellomstore verksemder. Bak tenesta står Post- og teletilsynet.
Slettmeg.no
Nettside frå Datatilsynet. Føremålet med tenesta er å gje råd og rettleiing til deg som kjenner deg krenkt på nett, eller som av andre årsaker ønskjer å få sletta eller retta personopplysingar publisert på Internett.