Opphavsrett
Nettsider redaksjonelt vurdert
Clara - Informasjonssentral for opphavsrett
Informasjonsteneste om bruk av musikk, film, tekst eller bilete. Les om kva reglar som gjeld, og kven ein skal kontakte for bruk av opphavsrettsleg verna materiale. Dei sju forvaltningsorganisasjonane BONO, FONO, GRAMO, Kopinor, LINO, Norwaco og TONO står bak tenesta.
Kopinor
Interesseorgan som arbeider for å verne opphavspersonar og utgjevarar av trykte og utgjevne åndsverk. Informasjon om lover og reglar for kopiering og ordningar for vederlag finn du på sida.
Lovdata: Åndsverkloven
Lov om opphavsrett til åndsverk m.m. Omtalt i media som mp3-lova i samband med revisjonen i 2005.
Creative Commons
Creative Commons vart grunnlagd med mål om å hjelpe kreative menneske, dvs opphavsmenn og brukarar. Ein CC-lisens er samansett av kategoriar for om opphavsmenn skal krediterast, om verket kan brukast i kommersielle samanhengar, om verket kan endrast og byggast vidare på, og om ein i så fall må gi ut det nye verket under same lisens.
Jussportalen: Opphavsrett
Samleside om faget opphavsrett.
Bono
BONO (Biletkunst Opphavsrett i Noreg) forvaltar opphavsrettane til biletkunstnarane og kunsthandverkarane. Nettsidene har informasjon for både opphavsmenn og brukarar av kunstverk.
Elektronisk forpost Noreg (EFN)
Elektronisk rettsorganisasjon som jobbar med medborgarskap og juridiske rettar i kyberrommet. Organisasjonen er inspirert av den amerikanske organisasjonen Electronic Frontier Foundation.
FONO: Foreningen Norske Plateselskaper
FONO tel over 100 medlemsbedrifter. Dei skal arbeide til beste for norsk fonogramproduksjon og for å fremje fonogrammet som kulturmedium.
Gramo
Den primære oppgåva til Gramo er å krevje inn og fordele vederlag til utøvande kunstnarar og produsentar når innspelt musikk blir kringkasta eller offentleg framført etter Åndsverklova § 45b.
Norwaco
Organisasjon for rettshavarar til audiovisuelle verk.
Tono
TONO er det selskapet i Noreg som forvaltar lydfestings- og framføringsrettar for opphavsmenn eller rettshavarar til musikkverk.