Lover, reglar og innstillingar
Nettsider redaksjonelt vurdert
Lovdata
Denne basen inneheld Noregs gjeldande lover og forskrifter (sentrale og lokale). Lovdata ajourfører tekstane fortløpande på grunnlag av endringar som vert vedtekne av Stortinget og sanksjonerte av Kongen, departementa, direktorata, fylkesmennene og kommunane (forskriftene). Vidare finst nye avgjerder frå Høgsterett (siste seks mnd.), Lovtidend m.m., samt fleire interessante peikarar vidare.
Lovdata: Kongeriget Norges Grundlov
Grunnlova er den lova som organiserer ein stat som eit politisk samfunn og trekkjer opp hovudlinjene for statsmakta og dei enkelte statsorganar sine funksjonar. Kan også kallast forfatning eller konstitusjon. Blei først gitt ut 17. mai 1814.
Finnmarksloven
Finmarkslova medfører overføring av 96 prosent av grunnen i Finmark frå staten til befolkninga i Finmark, og føremålet med lova er at grunn og naturressursar i Finmark skal verte forvalta til det beste for innbyggjarane i fylket og særleg som grunnlag for samisk kultur og næringsliv. Finmarkslova er med dette den største private grunneigaren i Noreg.
International Constitutional Law (ch)
Her finn du konstitusjonane til mange av landa i verda, attåt litt faktainformasjon om styresettet i dei enkelte landa m.v.
Arbeidsrett.no
Online oppdatert kommentarutgåve til arbeidsmiljølova. I tillegg til ein tilgang til den nye arbeidsmiljølova og kommentarar til lovteksten, gir den også ei oversikt over dei aktuelle rettskjeldene.
Innstillingar til Odelstinget
Lovframlegg frå Regjeringa vert først behandla av stortingskomiteane som deretter kjem med innstilling til Odelstinget.
Lovvedtak og lovanmerkninger fra Odelstinget
Stortinget har vedteke å oppheve ordninga med odelsting og lagting. Her finn du oversyn over alle lovvedtak og lovmerknader, også etter den gamle ordninga.
Norges Offentlige Utredninger, NOU
Før det vert fremma lovforslag vert det gjerne sett ned eit offentleg utval som skal klargjere saksfeltet. Utgreiingane vert publisert i NOUer. Her finn du dokumenta i fulltekst tilbake til 1993.
Proposisjonar til Stortinget
Regjeringa sitt forslag til nye lovar vert fremja som proposisjonar til Stortinget. Her finn du dokumenta i fulltekst tilbake til 1995/1996.
Statens bygningstekniske etat
Informasjon om byggjereglar, byggingsteknikk, produktdokumentasjon og godkjenning av føretak.
Stortinget og demokratiet
Stortinget orienterer om ulike prosessar, sakshandsaming og dei viktigaste oppgåvene. Oversynleg og informativ side.
Oslo Børs: Regelverk
Ei samling børsrelaterte regelverk.
Oversatte norske lover
Fakultetsbiblioteket ved UIO tilbyr her uoffisielle omsetjingar av norske lovar til engelsk.
Schengen-avtalen
Schengensamarbeidet finn stad mellom ei rad europeiske lang med sikte på både å redusere grensekontrollen for personar og å utarbeide felles retningsliner for mellom anna visum og asyl. Her finn du avtalen i norsk språkdrakt.