Fri rettshjelp
Nettsider redaksjonelt vurdert
Fri rettshjelp
Informasjon om fri rettshjelp-ordninga, lover, forskrifter, rundskriv m.m. Har også peikarar til advokatar og rettshjelparar i Noreg som tilbyr fri rettshjelp.
Advokatvakten
Med ein opp til 30 minutts gratis konsultasjon kan medlemer av Den Norske Advokatforening over heile landet hjelpe deg med å avklare om du har eit juridisk problem, og gje enkle råd om det. Advokatvakta har kontor i dei fleste fylke.
Juridisk Rådgivning for Kvinner JURK
Uavhengig rettshjelps- og likestillingstiltak som arbeider mot kvinneundertrykking og for å betre kvinners rettsstilling. JURK blir driven av kvinnelege jusstudentar ved Universitetet i Oslo, og yter gratis rettshjelp på dei fleste rettsområde.
Juss-Buss
Ein uavhengig, idealistisk rettshjelpsorganisasjon drive av juss-studentar i Oslo, som yter gratis rettshjelp. Merk likevel at saker vedrørande arv, skatt, straff, fast eigedom eller næringsverksemd fell utanfor verkeområdet deira.
Jussformidlingen
Organisasjonen blir driven av vidarekomne studentar ved Det Juridiske Fakultet i Bergen, og hovudoppgåva deira er å yte gratis rettshjelp til dei som treng det. Dei har også laga eindel brosjyrar og artiklar som du finn eit utdrag av på denne nettstaden.
Jusshjelpa i Midt-Norge
Blir driven av jusstudentar ved Universitetet i Trondheim, og behandlar dei fleste saker bortsett frå skatte- og straffesaker. På sidene deira finn du meir informasjon om tenesta, og peikarar til samarbeidspartnarar og relaterte nettstader.
Jusshjelpa i Nord-Norge
Rettshjelpstiltak, drive av vidarekomne jusstudentar ved Universitetet i Tromsø, som yter gratis juridisk hjelp/rådgjeving. Her kan du lese meir om verksemda og laste ned, eller bestille diverse kontraktar, brosjyrar og rapportar.
Kirkens Bymisjon: Gatejuristen
Samarbeidsprosjekt mellom Kyrkja Bymisjon og Fransiskushjelpen med fokus på rettstryggleik for rusavhengige.
Lovinfo.no
Internettenesta tilbyr advokathjelp til dei som treng juridisk hjelp. Firmaet har plukka ut advokatar med spesifiserte rettsområde, og gjev inntil ein halvtime gratis rettleiing.
St.meld. nr. 25, (1999-2000)
Om fri rettshjelp.
Trygdehjelp.no
Internettbasert teneste som fokuserer på trygderettslege problemstillingar. Gjev gratis vurdering, og yt advokatbistand i alle typar av trygdesaker.
Forbrukarrådet
Forbrukarrådet handsamar klager frå forbrukarar på varer og tenester. Her finn du mellom anna ei praktisk adresseliste til kontora til forbrukarrådet i dei ulike fylka.
Gjeldsoffer-Alliansen (GOA)
GOA er ein frivillig organisasjon basert på medlemskap. Som medlem får du tilgang på råd og hjelp ved gjeldsproblem, gratis informasjonsmateriell og innpass på de lukka medlemstenestene på internett, der du mellom anna kan lese handbøker og trykksaker online. Nettstaden inneheld elles ei nyttig peikarsamling.
Huseiernes Landsforbund (HL)
Interesseorganisasjon for huseigarane. Gjev juridisk, teknisk og økonomisk rådgjeving til medlemene.
Oslo Kommune: Fri Rettshjelp
Fri Rettshjelp yter juridisk hjelp ved personleg frammøte på kontoret i Oslo. Her finn du informasjon om etaten og vilkåra for å få fri rettshjelp.