Samfunn og politikk
Nettsider redaksjonelt vurdert
Noreg.no
Inngangsside og veivisar til offentlege kontor og offentleg informasjon. Her finn du ein hierarkisk, tematisk og geografisk inndeling av tenester og informasjon, med føremål om å finne enkelt fram til den offentlege verksemda som har ansvar for den tenesta du søkjer. Sida finst også på bokmål.
Regjeringa.no
Nettside frå regjeringa og departementa med mål om at offentleg dokumentasjon i Noreg skal bli lettare å finne fram til.
Stortinget
Her finn du blant anna mykje interessant stoff om Stortinget og forfatninga. Dessutan arbeidsplanen for Stortinget, innstillingar og ein database som inneheld spørsmål og interpellasjonar frå tidlegare spørjetimar. Eigen søkjemotor.
Tinget.no - Stortingets ungdomssider
Informasjon om korleis Stortinget fungerer og korleis du som vanleg borgar kan påverke viktige avgjerder. Sidene er spesielt laga for ungdom i vidaregåande skuel, men tinget.no høver for alle som lurer litt på korleis Stortinget fungerer, men som synest av www.stortinget.no er litt for stor og tung.
Lovdata
Denne basen inneheld Noregs gjeldande lover og forskrifter (sentrale og lokale). Lovdata ajourfører tekstane fortløpande på grunnlag av endringar som vert vedtekne av Stortinget og sanksjonerte av Kongen, departementa, direktorata, fylkesmennene og kommunane (forskriftene). Vidare finst nye avgjerder frå Høgsterett (siste seks mnd.), Lovtidend m.m., samt fleire interessante peikarar vidare.
Europaveien
Har som mål å tilretteleggje informasjon om europapolitikk på ein meir forståeleg måte. Peikarar til og skildringar av europeiske institusjonar og saksområde. Eigen gjennomgåande nyhendeagent som finn europanyhende i norske og utanlandske aviser. Det er også eigne seksjonar for EU, EØS, Schengen og EFTA. Europaveien har utspring i ARENA (Noregs Forskingsråd sitt satsingsprogram innanfor Europaforsking).