Aktivitets- og sportsreiser
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
62°Nord
Reiseoperatør på Sunnmøre som tilbyr ei rekkje aktivitetar på dei enkelte destinasjonane, som fjellturar, havfiske, utleige av kajakk, båt og sykkel. Utleige av selskapslokale.
67°Nord
Tilbyr grottevandring, elveaktivitetar, lavvoarrangement og laksefiske for verksemder og grupper.
Active Travel Norway AS
Har spesialisert seg på helse-, velvære-, SPA og konseptreiser retta mot helseorganisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar.
Adventure Travel, IExplore (usa)
IExplore samarbeider med National Geographic og er eit firma som har spesialisert seg på å setje saman opplevingsreiser. På denne engelskspråklege sida tilbyr dei meir enn 2500 ulike reiser i over 150 forskjellige land. Sida er utstyrt med ein eigen søkjemotor som gjer det enklare å finne den turen som passar.
Adventure Women (usa)
Actionferiar for kvinner over 30 år.
Aktiv Fritid
Heilårsdrive aktivitetsfirma innanfor friluftsliv og aktivitetar, med hovudbase på Tjøme.
Aktiv Villmark Opplevelse / Runtleneset aktivitetsgard
Tilbyr villmarksopplevingar i Sirdal i Vest-Agder.
Alfa Travel
Arrangerer reiser til motorsportarrangement og -arenaer.
Alta Adventure AS
Verksemda skipar til opplevingsturar i Finnmark.
Arctic Adventures
Ein liten, sjølvstendig turoperatør som har sin base med 35 grønlandshundar utanfor Longyearbyen på Svalbard. Arrangerer diverse aktivitetar og turar.
Arctic Mountain
Privatperson som skipar til turar til fjelltopper i Troms og Nordland, dessutan kajakk-turar.
Arctic Nature AS
Arrangerer aktivitetsturar i Finnmark, i tillegg til kurs for næringslivet.
Army Days
Tilbyr mellom anna villmarksturar, leirdueskyting, teambuilding, paintball, rappellering, skreddarsydde arrangement og aktiviteten Army days, der ein oppheld seg ute i felten og køyrer feltvogner, beltevogner og flyg helikopter. Held til på Gardermoen.
Barents Safari
Arrangerer snøskuterturar, elvebåttur til den russiske grensa, sledeturar med hundespann eller reinsdyr, safari til Barentshavet og andre villmarksopplevingar.
Basecamp Explorer
Satsar på økologisk turisme. Reisemåla er små og intime med ein røff komfort og spesiell atmosfære.
Bergen Base Camp
BBS tilretteleggjer for trygge, miljøvenlege og inspirerande aktivitetar for skuleklassar, vener og familiar, utdrikkingslag, turistar, enkeltpersonar m.fl.
Besseggen Arrangement & Booking
Legg til rette for naturopplevingar og -aktivitetar i Jotunheimen og Rondane.
Birdsafari AS
Selskapet skipar til fuglesafari med båt i Nordkappområdet.
Boazo Sami Siida
Omvising i siidaen, samane sin gamle buplass, med orientering om reindriftskulturen før og no.
Brandheia Villmarksleir
Tilbyr hestekøyring, padling, fisking og fleire andre friluftsaktivitetar til bedrifter og skuleklasser. Kan også leigast til private arrangement som bryllaup.
Breheimsenteret
Senteret ligg like ved Jostedalsbreen Nasjonalpark i Sogn og Fjordane, og tilbyr blant anna guida breturar. Eige museum som omhandlar temaet isbrear. Sidene er på engelsk.
Bre og Fjell
Tilbyr breføring, toppturar og bre-/klatrekurs. Fjærland i Sogn er utgangspunkt for dei fleste av aktivitetane.
Breoppleving
Tilbyr kurs i brevandring, fjellvandring, klatring, turar og opplevingshelgar. Dei tilbyr òg arrangement og aktivitetar etter førespurnad og ønske. Aktivitetane er først og fremst knytte til Briksdalsbreen i Sogn og Fjordane.
Briksdal Breføring
Firmaet arrangerer turar og kurs i brevandring og klatring på Briksdalsbreen, samt andre aktivitetar.
Canyon Huskies
Leverer sledehundturar av ulik lengd i Finnmarksområdet. Men selskapet hjelper også til med kano- og fisketurar, villmarksguiding med hest og/eller hund, og jaktprogram.
Carbon AS
Arrangerer langturar med snøskuter og 4-hjuling, paintball, fisketurar, teltturar, hytteturar m.m.
Cávzo Safari
Turopplegg og aktivitetar knytt til elvesamane sin kultur og historie. Overnatting i lavvo eller hytte for gjestene.
Classic Norway AS
Arrangerer ulike turopplegg til lands og til vatn på Nordmøre.
Dagali Opplevelser
Arrangør av sommar- og vinteraktivitetar i Dagali. Tilbyr bl.a. opplevingar innanfor motorsport, ski og rafting.
Destinasjon 71° Nord AS
Tilbyr opplevingsturar som kan inkludere alt frå rafting, fisking og grilling til skutersafari og lavvocamp. Overnatting på Helnes Fyr og i lavvo.
Destination Rally
Arrangerer supporterturar for supporterklubben til Petter Solberg, og turar for dei som vil ta tilsette og forretningskontaktar med på rally rundt omkring i verda.
Dæsbekken Villmarksenter
Villmarkssenteret i Hedmark har eit vell av aktivitetar og opplevingar å by på, og arrangerer også villmarksleirar. Informasjon på heimesida.
EcoExpeditions
Klatre- og sykkelturar til fjellområde i Asia, Afrika og Sør-Amerika.
Espen Lee
Espen Lee tek firma, klubbar og enkeltpersonar med på alt frå haifiske til bjørnejakt i Canada. Tilbyr guida turar hovudsakleg til Miami og Key West, men òg til Afrika, Sør-Amerika m.m.
Eventus
Tilbyr ulike aktivitetsopplevingar, også jakt og fiske, i Ryfylke.
Eventyreren.no
Portal for ekspedisjoner. Lenker til de store turoperatørene innen ekspedisjons- og eventyrsjangeren i Norge.
Expedition4x4
Firmaet tilbyr opplevingsreiser som inkluderer offroadkøyring og gjesting på ulike offroadsenter. Sel også brukte bilar.
Explore Arcadia
Tilbyr turar og eventar for privatpersonar og bedrifter rundt om i verda. Har utvikla konseptet «Camp Norway» som er retta mot supportarar i samband med arrangement som VM, OL m.m. Også tilbod innan coaching.
Farout Event and Adventure
Eventarrangør som tilbyr ulike opplevingar i Nord-Noreg.
Femund Canoe Camp
Femund Canoe Camp ligg ved elva Sorka, som renn ut på austsida av Femund. Arrangerer kanoturar og leiger ut utstyr.
Finnmark Snowmobile Safari
Tilbyr snøskutersafari i Alta.
Finnmarksreiser
Firma i Alta som arrangerer opplevingsturar på Finnmarksvidda. Tilbyr blant anna snøskutersafari, fiske og jakt.
Fjellferie
Har i over 20 år organisert fotturar med guide, frå hotell til hotell i ulike fjellområde i Sør-Noreg.
Fjordbui BA
Tilbyr aktivitetar og opplevingar som t.d. fjellturar med guide, padleturar, gardsbesøk, fjordsafari og historieforteljing.
Formel-1.no
Norsk formel 1-nettstad med nyhende, forum og reisetilbod.
Fritzøe Gård Aktiv
Driv einavdelings barnehage på garden, samt tilbyr naturopplevingar frå det opne hav til dei høge fjell.
Glacier Team
Firma som organiserer fjell- og breturar i Noreg, med hovudvekt på Jostedalsbreen.
Glød
Tilbyr skreddarsydde turar i friluft for einskildpersonar og grupper, med utgangspunkt i Alta og Finnmark.
GuideGunnar - villmarksguiden
Gunnar Hildonen Nilsen guidar deg på tur i norsk natur. Tilbyr både kano-, sykkel-, ski- og vandreturar. Nettstaden er utstyrt med prisoverslag og høve til påmelding per e-post.
Gaasvig Adventures
Tilbyr opplevingar og aktivitetar på skogbrukseigedommen Gaasvig. Terrengsykling med firehjuls motorsykkel, paintball, jakt, kanopadling, natursti m.m. Moglegheit for overnatting i lavvo eller hytte.
Hansatour
Selskapet skipar til motorsykkelturar i Noreg.
Hardanger Opplevelse
Arrangør av natur- og kulturbaserte aktivitetar, kurs og lagbygging i Hardanger eller andre stader.
Hawa Sport
Ekstremsport og villmarksaktivitetar i Bergen og Hordaland.
Henningsen Transport & Guiding AS
Familiebedrifta med base i Longyearbyen, tilbyr ulike reiseopplevingar knytta til passasjerbåten MS Farm om sommaren, samt utleige av feltutstyr og guiding vinterstid.
Hexeria AS
Turoperatør som har spesialisert seg på Aust-Finnmark og finsk lappland. Skreddarsyr sommar- og vinteropplevingar for grupper.
Himalayan Experience
Arrangerer ekspedisjonar til Himalaya og Everest.
Hjelde Maskinservice
Selskapet tilbyr fjellturar/skuterturar med tilhøyrande overnatting og aktivitetar på Gjefsjøen Fjellgård, som ligg rett ved svenskegrensa.
Hvitserk & Eventyrreiser AS
Opplevings- og aktivitetsturar til mange og varierte destinasjonar, bl.a. klatreturar til toppen av ei rekkje av dei høgaste fjella i verda, kryssing av Grønland. Dei tilbyr også lettare turar, som t.d. rafting i Grand Canyon.
Høve Støtt AS
Eventbyrå og opplevingsverksemd på Geilo. Les om tilboda på nettsida. Du kan også få tilbod her om å leige kjøkemeister (toastmaster), underhaldar o.l.
Håholmen Havstuer AS
Tilbyr overnatting, servering og båtturar. Spesielt retta mot kurs- og konferansegjester.
Inspiratour
Selskapet (som tidlegare gjekk under namnet «Leirskule for vaksne» ønskjer å tilby reiser med høve til å oppleve, lære og ha det gøy saman med andre. Nettsida orienterer om tilbodet av opplevingsturar, kurs og arrangement.
Island Adventure
Tilbyr aktivitetar og opplevingar i samarbeid med hotella i Vesterålen og Lødingen, inne som ute.
Jomfrureiser
Selskapet arrangerer temareiser til inn- og utland for kvinner, med trim, fellesskap og sosialt samver. Selskapet held til i Sandvika.
Jostedalen Breførarlag
Tilbyr fjellsportsaktivitetar og kurs på bre, klippe, snø og is. Kurslokale i Krundalen, ein sidedal til Jotunheimen.
Jostedalsbreen nasjonalpark - Informasjonsportal
Nettstad som samlar alle aktørane som driv aktivitetar i Jostedalsbreen nasjonalpark.
Jotunheimen Adventure
Tilbyr vandring og andre naturopplevingar.
Jotunheimen Aktiv It
Jotunheimen Aktiv It kan tilby mange typar aktivitetar, sommar som vinter. Her er det også turframlegg til Jotunheimen.
Kalls Skotersafari AB (se)
Firmaet arrangerer skutersafari i Kall, i nærleiken av Åre i Sverige.
Kim Camp & Nordic Safari
Arrangerer turar både i eksotiske strok av verda og lokalt i Nordmarka, Oslo.
Kirkenes Fjord-fiske
Her tilbyr dei fiske- og jaktturar, både i Noreg og i Russland, opplevingsturar i Pasvikelva, skutersafari m.m.
Klatring og Friluftsliv AS
Tilbyr eit utval klatrekurs og -turar, fjellføring og bedriftsarrangement.
Kvitfjell
Nettsider for alpinanlegget på Kvitfjell, og for Kvitfjell Booking. Her kan du også reise på sykkel- og fotturar, spele golf, bestille gruppeaktivitetar, drive med jakt og fiske m.m.
Langley Travel
Arrangerer opplevingsturar til dei franske alpane og Canada om vinteren, og tilbyr sommar-opplevingsturar til Korsika og Kreta for dei som vil ha noko meir enn berre sol og bad.
Latitude.no
Firma som berre tilbyr unike turar til høge fjell og kalde område som Grønland, Sydpolen og Nordpolen.
Liana Tours
Arrangerer unike motorsykkelturer i Indonesia. I prisen inngår alt nødvendige for hele turen.
Lofoten Kajakk
Arrangerer havfisketurar, dykking, fotturar, skiturar m.m. i Lofoten.
Magic North
Magic North er eit selskap med base i Nord-Noreg, som tilbyr aktivitetar som golfing, kvalsafari, deep sea rafting, sledeturar med hund, reinsdyrkøyring, snøskutersafari, jaktsafari og spennande fiskeopplevingar på Nordkalotten.
Mangen Gård
Tilbyr fasilitetar for bedrifter og andre, der ein kan utfalde seg med utandørsaktivitetar.
Marits Reisetjenester
Hjelper til med det sosiale programmet under kurs, konferansar og julebordsarrangement. Organiserer arrangement i Lofoten, Trøndelag og på Sørlandet/i Kristiansand. Arrangerer også turar til Island og Svalbard.
Merlot
Fot- og sykkelturar på kontinentet, mest Frankrike. Held til i Oslo.
Midnight Sun Mountain Guides
Guiding til fjellopplevingar i Lyngen og Nord-Troms.
Midtre Olimb Gård
Økologisk driven gard med ulike arrangement og høve til opplevingar på garden og i utmarka. Av aktivitetar kan vi nemne gardsbesøk, kurs, konferansar, selskapslokale, kanefart og teambuilding.
Miraflores
Selskap som tilbyr skreddarsydde golfturar til Costa Del Sol i Spania. Her finn du meir informasjon om overnatting, firmaet og prisane. Besøksadresse i Kristiansand.
Moskus Safari Dovrefjell ANS
I tillegg til moskussafari, tilbyr dei elg- og sykkelsafari, fisketurar, rafting og guida fjellturar.
Motor og Fritid
Leverandør av snøskutersafariar, utleige av skuter, attåt sal av Yamaha-snøskuterar.
M/S Moby Duck Båtcharter AS
Ombord på M/S Moby Duck kan du oppleve havfisketurar, fjordturar, sightseeing og generell båtcharter og i tillegg dykketurar både i Trondheimsfjorden og til Shetland / Orknøyane.
NaturEventyr AS
Selskapet har spesialisert seg på klatreturar, dykking, jakt og fiske og arrangerer turar over heile verda.
Natur-guide
Arrangerer friluftslivskurs, fotturar i fjellet og møte og kurs for bedrifter med friluftsliv som ramme.
Naturinord
Naturinord tilbyr ulike turar og arrangement ute i naturen i Tromsø. Turane går primært til kystområda, men ein tilbyr også turar til Dividalen nasjonalpark, Skibotndalen og Lyngsalpane.
Natur og Utfordring
Natur og Utfordring tilbyr kurs i samhandling og personleg grensesprenging, spenningsaktivitetar, naturopplevingar og villmarksskule for skuleelevar. Aktivitetane går føre seg på Sommarøy i Tromsø kommune.
Naturopplevingar AS
Side som tilbyr opplevingar og aktivitetar med naturen som ramme. Her er informasjon om berg- og brevandring, grotteturar, klippeklatring, fjellskiløping, rafting og tindeklatring.
Nes Villmarksforum AS
Tilbyr ei komplett villmarksoppleving med ei rekkje aktivitetstilbod, matservering og overnatting for firma, organisasjonar, skular og privatpersonar.
Njord
Firmaet tilbyr kajakkturar, klatring og fjellvandring i Sogn og Fjordane.
Noca Tours AS
Tilbydar av diverse opplevingsturar og arrangement først og fremst til næringslivet.
Nordic Bike Adventure
Firma som arrangerer motorsykkelturar i inn- og utland. Forretningsadresse i Kristiansand.
Nordic Safari Wildlife Adventures AS
her tilbyr dei arktiske opplevingsturar med ei rekkje aktivitetar, til Lappland, Finnmark og Spitsbergen/Svalbard.
Nordkapp Safari
Arrangerer turar i Nordkappnaturen, med bl.a. rafting, dykking og havfiske.
Nordland Turselskap
Tur- og aktivitetsfirma med base i Bodø, som har til mål å servere det beste Nordland kan by på av natur, opplevingar og aktivitetar.
Norgesguidene AS
Spesialiserer seg på turar, kurs og utdanning innanfor fjellsport. Arrangerer turar over heile Noreg.
Norske Bygdeopplevelser
Turoperatør med kontor på Lillehammer, som tilbyr ulike sykkelpakker/-turar, skiturar, bondegardsferie, fotturar m.m.
Norske Opplevelser
Norske Opplevelser i Hemsedal legg opp til aktivitetsbaserte læringsmetodar ute i naturen og er først og fremst retta mot næringslivet. På heimesida deira finn du ei oversikt over aktivitetar dei arrangerer, framlegg til overnattingsstad og ein video som presenterer bedrifta og det dei driv med.
Norsk Moskussafari
Oppdal Booking AS arrangerer guida moskussafari i området kring Dovrefjell.
North Cape Adventures
Opplevingssenter som arrangerer aktivitetar med utgangspunkt i Finnmark. Bedrifta sine tilbod inkluderer rafting, dykking, havfiske, kajakk, reinsømjing og sykkelturar.
Norwegian Adventure
Tilbyr naturopplevingar, som t.d. klatring, fjellturar, brevandring, rafting, fjordsafari og ski. Også eventarrangør.
OK-Tur
Tilbyr sightseeing rundt Lista/Farsund på ATV (firehjuling).
Olden Aktiv Briksdalsbreen AS
Tilbyr blant anna brevandring og isklatring på Briksdalsbreen i Stryn.
OnTarget Event AS
Tilbyr turar til større sportsarrangement, fotball, Formel-1, OL, golf m.m.
Oppdal Natur
Selskapet arrangerer fot- og sykkelturar, fjellkurs, skiopplæring og andre aktivitetar i Dovrefjell og Trollheimen.
Opplev Børgefjell
Tek sikte på å tilby naturopplevingar av ulik art i og kring Børgefjell Nasjonalpark. Arangering av turar med både grupper og bedrifter som ønskjer å ha turar, kick-off-samlingar e.l.
Opplevelser i natur og kultur
Selskapet skreddarsyr turar og kurs ute i norsk natur for bedrifter, organisasjonar og grupper.
Opptur Villmarksopplevelser
Ei rekkje aktivitetar og arrangement ute i vestfoldnaturen; kanopadling, laksefiske, leirdueskyting, orientering m.m. er noko av det dei tilbyr her.
Oslo City And Naturewalks
Guidebyrå i Oslo med vandringer i byen og marka som spesialitet.
Otra Portal AS
Firmaet tilbyr lag og foreiningar treningsopphald i flotte omgjevnader kombinert med eit mangfald av aktivitetar innanfor ein radius på 5-6 km frå Evje sentrum.
PWT Travel
Arrangerer orienteringsreiser over heile verda og treningsleirar for orienterarar. Tilbyr òg reiser til Kina.
På Nordmanns Vis
Turar for grupper og verksemder i ulike omgjevnader: på havet, i skogen, på fjellet eller på isbrear.
Real Villmark
På Kleppseter gard tilbyr dei utradisjonelle opplevingar og friluftsaktivitetar, spesielt for grupper i næringslivet. Har konferansefasilitetar, turar med guide, julebord m.m.
Reisebutikken.com
Tilbyr fotballreiser og sportsreiser, bl.a. til fotball-VM, tennisarrangement og Formel 1-løp.
Rica Hotel Svolvær
Hotellet ligg sentralt på ei eiga øy midt i hamna i Svolvær. Nettsida informerer om overnattingstilboda, eit variert aktivitetstilbod m.m.
Rogaland Marathon Tour
Selskapet samarbeider med Travelnet Forretningsreiser AS, og arrangerer reiser til ulike maratonløp rundt om i verda.
RSS Rana SpesialSport
RSS tilbyr organiserte opplegg og aktivitetar innanfor friluftsliv.
Safarieksperten.com
Safarieksperten som er den største operatøren i marknaden av jakt, fiske og opplevingsreiser på den nordiske marknaden. Selskapet legg til rette, rådgir og føreslår reisemål og operatørar og har tilgang til over 15000 reisemål.
Sandmark Bygdeutviklingsselskap AS
Selskapet tilbyr villmarksopplevingar i og rundt Vilgesvarre (Blåfjell), i Skånland kommune.
Sappen Leirskole Ferie- og Fritidssenter
Informasjon om leirskulen og leirskuleaktivitetar. Arrangerer kurs og selskap, sledehundturar og skutersafari.
SeaAction
Leverandør av opplevingar på vatn. Kan blant anna tilby rafting, offshore, charterturar, vassport, båtutleige, havfiske, selsafari, kanoturar, dykking, parasegling m.m. langs kysten av Vestfold.
Sjoa Raftingsenter NWR
Bedrifta arrangerer rafting, juving eller elvebrett i Sjoa og omland, både for privatpersonar og bedrifter.
Sjusjøen Fritid
Tilbyr turar med naturopplevinga i fokus, som sykkelturar, elgsafari og kanoturar, til firma, avdelingar og grupper.
Skaidicenteret
Senteret ligg i Kvalsund i Finnmark og tilbyr blant anna skutersafari og villmarksturar.
Småbruket
Småbruk som driv med produksjon av urter, har besøksgard med dyr, gardsbutikk og aktivitetar. Har også selskaps-/konferanselokale.
Solli-Adventure
Einmannsfirma som held til i Isfjorden. Opplevingsturar både til havs og til fjells.
Solund Aktiv
Tilbyr fotturer, padleturer, sykkelturer, øyhopping m.m. i øyriket Solund.
Spektrum Reiser
Reisebyrået i Bergen arrangerer vandrarturar og rafting i ei rekkje land, men tilbyr også vanlege charterreiser.
Spitsbergen Travel
Reiselivsbedrifta tilbyr eit breidt spekter av turopplegg og opplevelsesreiser på Svalbard.
Sponsor Compagniet AS
Operatør som tilbyr skreddarsydde sportsreiser, firmaturer og treningsleirar.
SponsorLink
Event- og sponsorformidlingsselskapet arbeider primært med idrett og idrettsrelaterte prosjekt. Arrangerer mellom anna fleire skreddarsydde turer.
Sport og Helseferie AS
Tilbyr faste og skreddarsydde reiser over heile verda for dei som ønskjer å kombinere ferie med sport, helse og velvere.
Sports Link Event
Arrangerer sportsreiser til fotball- og Formel-1-arrangement, opplevings- og spesialreiser.
Springtime Travel
Arrangerer reiser til løp som New York Marathon, Honolulu Marathon, Paris Marathon m.m. Driv også treningsleiren «Scandinavian Training Camp» i Algarve.
Stalheim Oppleving
Aktivitets- og opplevelsessenter i naturskjønne omgivelser, i nærheten av Voss og Flåm. Opplev tiurlek, traktorsafari, guidede turer m.m.
Stella Polaris AS
Havfiske, havørnsafari, havrafting, havdåp, utflukter og snøskutersafari i Bodø.
Steve Perryman Sport Travel
Reisearrangør av fotballturar til England og andre stader. Dei arrangerer også reiser til andre sportsarrangement i verda, særleg Formel-1.
SunAlp
Arrangerer klatrekurs, brekurs, skredkurs og skikurs i tillegg til fjellføring året rundt.
Svalbard Snøscooterutleie AS
Svalbard Snøscooterutleie AS driv med sal og utleige av snøskuterar og faste guida snøskuterturar med erfarne guidar.
Svalbard Wildlife Service AS
Tilbyr aktivitetsturar på ski, i kajakk og med hundespann, både dagsturar og lengre turar. Arrangerer også turar til Nordpolen i samarbeid med Børge Ousland.
Sykkylven Aktiv
Selskapet tilbyr opplevingar og kurs i sunnmørsk natur sommar og vinter. Les om tilboda på nettsida.
Sæterstad Gård
Produserer raka og røykt fjellrøye i tillegg til økologisk geitost. Driv landbasert oppdrettsanlegg for fjellrøye. Tilbyr omvisningar på garden, fiske og gåturar i terreng.
Telemark Opplevelser AS
Rjukan-verksemda byr på ulike opplevingstilbod og kurs, mellom anna i klatring, isklatring, strikkhopp og tur i fotefara til Vemork-sabotørane.
Termikk & Rotor AS
Forhandlar av paraglidingutstyr som også arrangerer årleg paraglidingtur til Mexico.
Tide Reiser
Selskapet tilbyr opplevingsreiser i Noreg for einskildpersonar og grupper, t.d. turar i fjord og fjell, kystreiser og aktivitetsturar. Reiser kan også skreddersyast på bestilling.
Tour de Flo
Tilbyder av ekstremopplevingar som base-hopping, skogskøyring med firehjulingar og speedbåtar på fjorden.
Travel House Consult (THC)
Ein turoperatør som har spesialisert seg på fjerne reisemål. Tilbyr også ei rekkje opplevings- og aktivitetsreiser.
Travel Partner AS
Reisebyrået har spesialisert seg på gruppereiser, sport- og fotballturar og forretningsreiser.
Travel Planners of Scandinavia AS
Driv turoperasjon for utanlandske grupper som inkluderer salsmøte, produktlanseringar, spesialgrupper, insentivreiser og gruppereiser for turistar frå ulike land.
Travel to Finnmark AS
Tilbyr turar i Finnmarks villmark både for næringslivet og den private marknaden.
TrollAktiv
Raftingsenter i Setesdalen som tilbyr aktivitetar og aktivitetspakkar til einskildpersonar, familiar, venegjengar, skuleklasser osb. På programmet står rafting, vasski, fjellklatring, hesteriding, bever- og elgsafari og mykje meir.
Tromsø Villmarkssenter
Tilbyr utandørsaktivitetar etter sesong, som hundekøyring, lavvokveldar, nordlysturar, breturar og fjellklatring.
Turgleder
Opplevingsaktør som tilbyr særeigne natur- og kulturbaserte opplevingar i innlandet og i Finnmark. Skreddarsyr også opplegg etter kva kunden ønskjer. Godkjend som Norsk Økoturisme Bedrift.
Turkompaniet ANS
Firmaet skreddarsyr opplevingsturar i Fjellheimen eller i Oppdal og tilbyr alt frå enkle turopplevingar til diverse lagbyggingsaktivitetar.
Tyin - Filefjell Aktiviteter
Tilbyr aktivitetar som reinsafari, breturar, fiskesafari, klatring og toppturar.
Undervegs
Arrangerer turar på alle nivå og innanfor dei fleste greiner av friluftsliv, blant anna hundekøyring, ski- og fotturar, padling og segling. Aktivitetane går i hovudsak føre seg i indre Troms. Program, prisliste og fotogalleri er noko av det du finn på desse sidene.
Unnis Aktivitetsferie
Tilbyr aktivitetsferie for åleineforeldre med barn, både i Noreg og i utlandet.
Upptur
Selskapet tilbyr spesielle opplevingsarrangement i norsk natur og kultur, som juving, breturar, rafting, fjellturar osb. Det geografiske verkeområdet deira er Jotunheimen og områda ikring.
Utlevelser
Arrangerer og tilrettelegg eit breitt spekter av uteaktivitetar, som seglturar, fallskjermhopping, klatring og villmarksturar.
Valdres Fjellaktivitetar
Selskapet skipar til turar og opplevingar som er knytte til reinsdyr. Også vandreturar, hundekøyring, ATV-køyring osb.
Valdres Naturaktiviteter
Her vil du finne informasjon om ulike aktivitetstilbod. Valdres naturaktivitetar skreddarsyr ulike aktivitetar og arrangement etter dine ønske og behov.
Valldal Naturopplevingar
Valldal naturopplevingar ligg mellom Geiranger og Trollstigen. Her tilbyr dei rafting, villmarksleirar, brevandring og toppturar.
Varanger Opplevelser AS
Tilbyr m.a. snøscootersafari, havrafting og ferskvassfiske.
Veidemenn AS
Driv diverse jaktrelaterte kurs: Jaktguidekurs, jaktskyting med hagle og rifle, jaktsals- og jaktleiarkurs m.m. Tilbyr dessutan opplevingshelger med aktivt friluftsliv.
Veilederen
Arrangerer mange ulike kurs og friluftsaktivitetar.
Vetle Kroken
Arrangør av kajakkpadling, fjellturar og overnatting i Luster i Sogn og Fjordane. Informasjonen er på engelsk.
Vidy Reiser
Selskapet tilbyr alt frå golf- og sykkelturar til Thalassoterapi og naturistferiar i utlandet. Besøksadresse i Stavanger.
Vigdal Fjelling
Arrangerer klatre-, bre-, ski- og skredkurs, samt turar på brear og fjell rundt om i Noreg.
Villmarken kaller AS
Aktivitetsarrangør med base i Oppland. Firmaet har spesialisert seg på å skreddarsy opplegg til grupper og firma som ønskjer ei total pakke med spennande aktivitetar, mat, drikke og overnatting.
Villmarkskompaniet
Villmarkskompaniet er totalleverandør av aktivitetar i den mangfaldige naturen i Trysilområdet. Prisar, aktivitetsoversikt og overnattingstilbod kan du lese meir om her.
Villmarksleiren
Ein idyllisk ur-landsby bygd etter gamle prinsipp. Tilrettelagd for mange slags aktivitetar og opplevingar, som fjellklatring og flòtebygging.
Villmarksopplevelser
Turoperatør retta mot næringslivet som arrangerer aktivitetar som kanefart, juvvandring, hundekøyring, riding, golf m.m. Besøksadresse i Drammen.
Visit Alta
Aktivitetar og opplegg for firmaturar til Finnmark: hundekøyring, snøscootersafari, jakt og fiske. Tilbyr overnatting i lavvo og ishotell.
Visit the Adventure
Tek vanlege folk med på reiser og opplevingar litt utanom det vanlege. Tilbyr turar til spennande reisemål og med spesielle opplevingar. Skreddarsyr også reiser for firma eller grupper med spesielle ønske og interesser.
World Wide Vikings
Arrangerer reise til fjelltoppar rundt i verda. Nettstaden har òg mykje info om toppturar i Noreg.
XXLofoten
Tilbyr opplevingar og aktivitetar retta mot næringslivet og eventyrlystne.
XXL Sport & Villmark
Fyldige nettsider for varehuskjeda, der alle slags varer og sportsartiklar blir tilbydd. I magasinformat får du mykje informasjon om aktivitetar, tips om vedlikehald etc. I tillegg får du og opplevingsreiser, kurs m.m. via «XXL Adventure».