Fornøyelsesparkar - utlandet
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Norden:
Astrid Lindgrens Värld (se)
Ein eventyrpark der karakterane og miljøa i forteljingane frå den kjente forfattaren har fått liv. Parken ligg i Vimmerby i Sverige, og held ope i sommarmånadene.
Bakken (dk)
Den eldste opplevingsparken i verda, frå 1583, ligg i Klampenborg/København. Nettsidene har informasjonen du treng.
BonBon-Land (dk)
Parken på Sjælland rommar over 70 attraksjonar, og på desse oversynlege sidene får du informasjon om alt som skjer, pakkeløysingar dei tilbyr, prisar og opningstider og til og med vêret for komande døgn.
Djurs Sommerland (dk)
Dansk opplevingspark med mangfaldig tilbod. Kart over parken og annan informasjon finn du her.
Fårup Sommerland (dk)
Meir enn 50 ulike attraksjonar, og den største badeparken i Danmark er berre noko av det denne parken har å by på. Les meir om aktivitetane, overnattingstilbod, reiseveg, opningstider, prisar og mykje meir på sidene her.
Gröna Lund (se)
Den eldste svenske opplevingsparken ligg i Stockholm og rommar blant anna stort tivoli. Meir om dei ulike attraksjonane og ålmenn turistinformasjon kan du finne på desse sidene.
High Chaparral (se)
Denne wild-west-parken ligg i Hillerstorp, Sverige. Her kan du vaske gull, køyre prærievogner, sjå på wild west-show og mykje meir.
Junibacken (se)
Junibacken ligg på Djurgården i Stockholm, like ved Nordiska Museet i Galärparken og Vasamuseet. Parken er som ein rundtur gjennom Astrid Lindgren sine forteljingar og figurar.
Legoland Billund (dk)
I denne parken er alle hus, landskap og køyretøy bygd av heilt vanlege legoklossar. Gjestearealet er på om lag 100 000 m2, og er delt inn i temaområde som appellerer til barn i ulike aldrar.
Liseberg (se)
Nettstasden til Nordens største fornøyelsespark, med all relevant informasjon.
Mummiland (fi)
I Nådendal, utanfor Turku (Åbo) i Finland, ligg Mummiland - ein eventyrpark med bakgrunn i verdskjente Tove Janssons teikningar. Sidene finst i både, finsk, svensk og engelsk språkdrakt.
Santapark (fi)
Ein heilårsopen julenissepark i Lappland i Finland, der du kan treffe julenissen og vere med på julenisseverkstad m.m. Les nettsida på engelsk eller finsk.
Skansen (se)
Skansen er verdas største friluftsmuseum, stifta alt i 1891. Her kan du spasere gjennom Sverige i eit historisk perspektiv, frå nord til sør. Skansen er også ein festplass for dans, underhaldning, høgtidsfeiring og dessutan den einaste dyreparken i Stockholm.
Skara Sommarland (se)
Nordens største vasspark tilbyr allslags festlege aktivitetar. Nettstaden har informasjon om dei ulike attraksjonane, opningstider og prisar m.m.
Tivoli (dk)
Dette tivoliet ligg midt i bykjerna i København, og lokkar med ei rekkje attraksjonar både for små og store.
Tivoli Friheden (dk)
Tivoliet ligg på Århus i Jylland. På sidene kan du kikke nærare på dei attraksjonane dei tilbyr.
USA:
Cedar Point (usa)
Dei offisielle sidene til den største fornøyelsesparken i verda inneheld alt du treng for å planleggje eit besøk: Kart over parken, tinging av brosjyrar, ei oversikt over berg- og dalbanane (med høgdetabell), stillingsannonsar, nyheiter, online-spel m.m.
Disneyland (usa)
Saman med Disney World kanskje den mest kjente fornøyelsesparken i verda? I California, USA.
Disney World (usa)
Offisiell side med informasjon om parken, attraksjonane, underhaldning, pakketurar, reservasjonar, webkamera og mykje meir.
Paramount's Kings Island (usa)
Svær familiepark med ei rekkje attraksjonar, blant anna tivoli og vasspark. Sida inneheld informasjon om alle attraksjonane, opningstider, prisar og peikarar til andre Paramount-parkar.
SeaWorld Adventure Parks (usa)
Seaworld har parkar både i Texas, California og Florida. På denne sida finn du peikarar til alle saman.
Six Flags Worlds of Adventure (usa)
Six Flags har fornøyelsesparkar fleire stader i Nord- og Latin-Amerika og Europa. Finn fram til dei her.
Universal Studios (usa)
Her kan ein lese om komande filmar frå Universal, heimevideoutgjevingar, vitjing av filmstudioa, moroparkar m.m.
Andre:
Disneyland Paris, The internet guidebook
Uoffisiell guide til Disneyland i Paris, som også har fyldig informasjon om parken.
EuroDisney, Paris (fr)
Dei offisielle sidene til parken, med informasjon om attraksjonane m.m.
Heide-Park (de)
Stor moropark i Nord-Tyskland.