Utlandet
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Borås Djurpark (se)
Her kan du lese meir om alle artane som er representert i parken, du kan bli fadder for eit dyr og parken har også ein eigen zooskule for barn.
Dyrenes Gård (dk)
Her kan du oppleve dei vanlege gardsdyra, men også meir eksotiske dyr, slik som vaskebjørnar, aper og kenguruar. Det er fleire enn 70 artar til saman, og inngangsprisen ligg på eit rimeleg nivå.
Ebeltoft Zoo (dk)
Denne parken kan freiste med eit eige gepardanlegg og jeep-safari. Her finst det 650 dyr fordelt på 150 artar, eit tropehus med eksotiske fugleartar, og i tillegg er det blomsterutstillingar eit par gonger i året.
Givskud Zoo (dk)
Dette er ein kombinert dyrepark og -hage, som strekkjer seg over eit område på 60 hektar og har meir enn 1000 dyr frå heile verda. Parken er sørvest på Jylland, ikkje langt frå Legoland i Billund.
Jyllands Park Zoo (dk)
700 dyr, sjøløveshow, tivoli og ponnyriding er noko av det dei kan by på i Jyllands Park Zoo. Generell informasjon og bilete av nokre av dyra finn du på sidene her.
Knuthenborg i Bandholm (dk)
Nord-Europas største dyre- og landskapspark, med ville dyr i naturlege og vide omgjevnader. Les meir om arrangement, dyra og opningstider her.
Kolmården (se)
Her kjem du nært ville dyr. Delfinlagune, tigerinnhegning, kamelriding og rovdyrsvisingar er berre noko av det du kan oppleve når du besøkjer Kolmården.
Nordens Ark (se)
Dyra i denne parken står i fare for å bli utrydda og mange går inn i eigne redningsprosjekt. Les meir om parken, dyra, opningstider m.m. på desse sidene.
Odense Zoo (dk)
Parken har omlag 1100 dyr fordelt på 141 artar, oversikta er lagt ut på nettet. Sidene inneheld også arrangementsoversikt, bilete, peikarar og informasjon om tilhaldsstad og opningstider.
Randers Regnskov (dk)
Randers Regnskov er ei tropisk zoologisk utstilling med utgangspunkt i regnskogane i verda. Utstillinga, som er innomhus, er laga som ein naturtru regnskog med frittlevande dyr, plantar og fossefall. Les meir om regnskogen, opningstider og prisar på denne vevstaden.
Skandinavisk Dyrepark (dk)
Denne parken har som mål å formidle kunnskap om dyr frå nordisk natur og villmark. Parken er eit 24 hektar stort naturområde der du kan sjå meir enn 20 ulike nordiske dyreartar. Meir info og faktaopplysningar ligg på vevsida.
Zoo København (dk)
Så oppstykka og inndelt nettstad at det er lett å misse oversikta. Alt det ein treng å vite om parken, dyra, opningstider, kvar den ligg, prisar og meir til finn du her, du må berre leite litt.
Ørnens Verden (dk)
Dette er eit ørnereservat der ein kan oppleve rovfuglar på nært hald i sine naturlege omgjevnader. Nytt frå reservatet, programoversyn, rovfuglprofilar m.m. finn du her.
Aalborg Zoo (dk)
Dyrepark med meir enn 1300 dyr fordelt på omlag 140 artar. Somme av artane har ein tilhøyrande faktatekst saman med biletet. Informasjon om opningstider og prisar, og nyheiter og arrangement.
American Zoo and Aquarium Association (AZA) (usa)
Her kan du søkje alfabetisk eller på stat for å finne dyreparkar og akvarium over heile USA.
SafariPark.co.uk (uk)
Ei engelskspråkleg side med mykje informasjon om ulike dyr, fotogalleri, interaktive postkort med dyremotiv i tillegg til eit oversyn over alle nasjonal- og dyreparkar i Storbritannia.