Utlandet
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Danmarks Akvarium (dk)
I omlag 70 akvarium i Charlottenlund blir det utstilt omkring 250 ulike artar frå heile verda. På sida deira finn du m.a. informasjon om særutstillingar og opningstider og peikarar til andre danske akvarium og dyreparkar.
Ferskvandcenteret og aqua ferskvandsakvarium (dk)
Vevstaden til Nord-Europas største ferskvassakvarium i silkeborg, Danmark, inneheld adresse og telefonnummer.
Fjord & Bælt Centeret (dk)
Dette er eit opplevingssenter for barn og vaksne med ein 50 meter lang undervasstunnel der du kan utforske fiske-, dyre- og plantelivet i havet i deira naturlege omgjevnader. Senteret ligg på Fyn i Danmark.
Kattegatcentret, Grenaa i Danmark (dk)
Senteret lig heilt ute ved Kattegat-kysten og kan skilte både med tropiske haiar og sel. I tillegg til akvaria har dei også ei miljøutstilling og ei forskingsutstilling. Til saman skal desse tre einingane gje ei fullstendig historie om havet.
Nordsømuseet (dk)
Stort akvarium i Hirtshals, Danmark.
American Zoo and Aquarium Association (AZA) (usa)
Her kan du søkje alfabetisk eller på stat for å finne dyreparkar og akvarium over heile USA.