Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Akvariet i Bergen
Akvariet er Noregs eldste og største i sitt slag. Det har over 60 akvarium, utandørs fugledam med pingvinar og eit eige selbasseng. På nettstaden finn du meir informasjon om dei ulike artene og om kva akvariet ellers har å tilby, adresse og opningstider.
Atlanterhavsparken i Ålesund
Dette akvariet er eineståande i Europa idét det består av landsskapsakvarium som er bygde inn i kystlandskapet. Meir om opningstidene, dei tilsette og støtteorganisasjonen Akvariets Venner m.m. finn du på denne nettstaden.
Drøbak Akvarium
Akvariet vart etablert i 1995 og er ein av Drøbaks store turistattraksjonar. På sidene er det informasjon om opningstider og adresse.
Lofotakvariet
Akvarium i Kabelvåg med fisk og sjødyr frå Lofoten og frå kysten av Nord-Noreg.
Polaria
Akvarium og opplevingssenter sentralt i Tromsø, med vekt på arktisk kultur.
Risør Akvarium
Akvariet er samansett av 25 kar med attraksjonar som steinbit og havål - i alt rommar dei omlag 100 ulike artar. Sidene inneheld informasjon om opningstider, aktivitetar, suvenirar og litt om dei ulike artane.
Sognefjord Akvarium
Dette er eit marint aktivitetssenter som ligg i sentrum av Balestrand. Akvaria har omlag 100 ulike arter henta frå Sognefjorden. På senteret vert det også arrangert ein del uteaktivitetar og eigne opplegg for skular og barnehagar.