Nettsider redaksjonelt vurdert
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Anna Rogde
Her kan du tinge turar med den 92 fot lange 2-masta slett-toppa skonnerten.
Anne Margrethe
Tilbyr seglturar, havfiske m.m. på denne hardangerjakta.
Arctic Circle Yachting AS
Tilbyr seglturar i Nord-Noreg, med utgangspunkt i Bodø.
Ask Mr. Cruise
Firmaet samarbeider med somme av dei største og beste cruiseselskapa på marknaden, og kan tilby cruise over heile verda - i ulike prisklassar.
Aurora Borealis
Tilbyr seglskuteopplevingar med seglfartøyet s/y Goxsheim i Nord-Noreg. Opplev Lofotfisket, spekkhoggarsafari, bortgjøymde perler og norsk natur.
Azimin charteryacht i Oslofjorden
Turer med M/Y Azimin vert lagt opp etter ynska frå kundane. Selskapet har utgangspunkt i Oslo hamn eller Drøbak.
Bergen Yacht AS
Med ein Rodman 56 som er sertifisert for inntil 14 passasjerar arrangerer firmaet opplevingsturar, sightseeing og firmaturar m.m.
Betine Yachting
Luksusyachtar til utleige med mannskap og kokk.
Bjønnes Charter Rederi AS
Firmaet tilbyr havfisketurar og komplette opplegg for lagbygging og kick-off. Har også pizzeria og restaurant Papas AS i Langesund.
Bjørklids Ferjerederi
Reieriet trafikkerer nokre ferjesamband i Troms, og tilbyr også charterturar (utleige for slektstreff, fisketurar og andre arrangement).
Blue C Star - Syvertsen Charter Service
Båten har heimehamn i Tønsberg og tilbyr turar i skjergarden kring Nøtterøy og Tjøme.
Brekkestø Charter
Tilbyr charterturar, forretningslunsjar, havfiske og opplevingsturar på sørlandskysten.
Brevegen
Reiselivsbedrift i Jostedalen i Sogn. Tilbyr båtturar over Brevatnet inn til Nigardsbreen.
Båtservice Sightseeing AS
Tek i bruk både båt og buss for å gje publikum ei sightseeing i Oslo. Les meir om turtilbodet her.
Båtskyss AS
Båtskyss og fisketurar tilbys frå Kristiansund med redningsskøyta MS Hagbart Waage.
Charterbåtene Sunrise
Tilbyr chartertrafikk i Oslofjorden.
Charterbåtrederiet AS
Tilbyr utleige av båtane M/S Lånan og M/S Linan med mannskap til alle typar arrangement.
Chart IT
Firma som køyrer tilrettelagde charterturar frå Fredrikstad til skjergarden rundt Hvaler og Onsøy.
Christiane av Drammen
Galeasen Christiane ble bygd i 1879, og gjekk i sandfart frå Drammen til 1960. Er no eigd av sjøspeidarane i same by. Den 100 år gamle seglskuta kan leigast for turar på fjorden.
Christiania Fjordcharter
Arrangør av tur- og selskapsaktivitetar på Oslofjorden. Her finn du prisar og firmainformasjon.
Coast cruise
Arrangerer ulike typar turar med hurtiggåande yacht på Romsdalskysten.
Cruise-Båtene AS
Skreddarsyr selskapsturar m.m. i skjergarden i Oslo. Les meir om underhaldningstilbodet og prisane deira her.
Cruiseferie.no
Bak nettsidene står Cruise Spesialisten, som tilbyr cruiseferiar inkl. fly over heile verda.
Cruise Norway
Firmaet marknadsfører, informerer om, og presenterer cruisetrafikken i Noreg.
Cruise Service AS
Totalleverandør av opplevingsturar med båt på mørekysten.
Cruise & Travel AS
Skreddarsyr cruisereiser for familiar, grupper og firma til Karibia, Østersjøen og Middelhavet m.m.
DS Engebret Soot
Med hovudbase i Ørje Brug i Østfold køyrer denne båten faste ruter til Strømfoss, Skullerud og Tistedal. Dei tek charterturar på bestilling.
Eileen Sail Charter AS
Eileen II kan chartrast for ein ettermiddag i indre Oslofjord eller for ei vekes tur der du måtte ønskje.
European Cruise Service
Arrangerer strandutflukter og hjelper cruiseskip med diverse byråtenester. Eigast av International Travel Group AS.
Executive Cruising
Firmaet tilbyr turar på Oslofjorden for selskap inntil 12 personar, eller fire personar på overnattingstur med båten «Belle Helene».
Fembøringene
Gruppeturar for leirskular eller kurs- og konferansedeltakarar med fembøringane Tidens Arv, Storskarven og Fortuna.
Fjordcruise Narvik AS
Firmaet arrangerer spekkhoggarsafari, fjordsightseeing, havfiske og fjordcharter.
Fjordopplevelse
Tilbyr skreddarsydde fjordcruise og kveldsturar med mat og drikke og eventuelle «strandhogg», for kundemøte, kick-off og anna.
Fjord sightseeing
Firmaet arrangerer turar på Oslofjorden med kryssaren M/S Firkløveren.
Fjord Venture Norway
Bergen-selskapet skipar til fjordcruise med fokus på kultur og natur.
Florø Skyssbåt
Med utgangspunkt i Florø tilbyr dei skyssbåttenester og charterturar. Dei tek elles oppdrag på heile vestlandskysten.
Flybåten
Kombinasjonsruta buss/hurtigbåt som flybåten har mellom Fredrikstad og Tønsberg, er raskaste rute mellom dei største byane i Østfold og Vestfold.
Flåm Guide Service AS
Selskapet tilbyr fjordsafari i Nærøyfjorden med utgangspunkt frå Flåm, guida gåturar, ekskursjonar på sykkel m.m.
Frøya Charterservice ANS
Kan by på havfisketurar.
Færder Charter
Firmaet tilbyr turar i Vestfold-skjergarden med den tidlegare redningskryssaren RS 54 «Therese Klaveness».
Gamle Lofotferga
Tilbyr natur og matopplevingar i Lofotens skjergard; fisketurar, firmaturar m.m.
Gamle Salten
Båtturar, selskap og cruise i Ryfylke ombord på veteranskipet «Gamle Salten».
Geiranger Fjordservice AS / Geiranger Skysslag AS
Fjordcruise på Geirangerfjorden og busstur frå fjorden og opp til Dalsnibba. Turane gjev høve til å sjå nokre av dei mest kjende turistattraksjonane i norsk natur på nært hald. Norsk, engelsk og tysk tekst på nettsidene.
Grace AS
Tilbyr dags- og overnattingsturar på motoryachten frå 1927. Skjenkjerett for øl, vin og brennevin.
Grip Skyss
Leverer fiske-, charter- og opplevingsturar langs nordmørekysten.
Hammervold Shipping AS
Har Midt-Noreg som arbeidsfelt og køyrer hurtigbåtar på opplevingsturar langs kysten.
Hansens brygge
Med base i Båtstø i Røyken kommune tilbyr dei båtutleige, fisketurar, aktivitetsturar og selskapsarrangement i indre Oslofjord.
Hardanger Fartøyvern Senter
Arrangerer seglturar på vestlandskysten med den 116 år gamle hardangerjekta Mathilde.
Havfiske i Skagerrak
Firmaet køyrer taxibåtar og baderuter i risørområdet, og tilbyr dessutan dykking og havfisketurar.
Helgelandscruise
Verneverdig veteranbåt som tilbyr opplevingar på Helgelandskysten. M/S Gamle Helgeland er bygd i 1954 og vart verlevert frå Stord verft til Helgeland Dampskipsselskab A/S den 8 juli 1954.
Hurtigruten
Nettsidene har rutesøk, bestillingsmoglegheiter og annan informasjon for Hurtigruta - turen mellom Bergen og Kirkenes blir også kalla «verdas vakraste sjøreise», ferjesamband, hurtigbåtar og cruisereiser. Selskapet Hurtigruten Group ASA, med hovudkontor i Narvik, opererer også innan buss, gods og anna reiselivsverksemd.
Hvaler Fjordcruise AS
Med MS Vesleø II driv dei charterturar for bedrifter, foreiningar og privatpersonar, attåt ruteturar mellom Skjærhalden og Strømstad.
Jenny
Tilbyr seglturar med den 57 fot lange klassiske båten.
Kabelvåg Turbåt & Trafikkskole AS
MS Tina går daglege mellom Svolvær og Trollfjorden i turistsesongen. Firmaet driv òg trafikkskule.
Kornsjø Dampskipsselskap AL
Føremålet med selskapet er å etablere og leggje til rette for drift av ein dampbåt med tilhøyrande bryggjeanlegg i Kornsjøene.
Kragerø Fjordbåtselskap AS
Selskapet tener heile Kragerøskjergarden, til sjøs og til lands. Dei to ferjene «Jesper» og «Naus» har kvar ein kapasitet på omlag 200 passasjerar og 11 bilar.
Kustos
Tilbyr charter- og fjordturar i Oslofjorden med M/S Kustos som har plass om om lag 50 passasjerar.
Kystopplevelser AS
Selskapet utviklar og sel opplevingsturar med hovudvekt på kysten i Nord-Noreg og Hurtigruta, men tilbyr og cruise i internasjonale farvatn.
Lofoten Charterbåt AS
Trollfjordcruise, spekkhoggarsafari og andre charterturar vert tilbode frå Kabelvåg-selskapet.
Lofoten Seafari
Sjørelatert aktivitetsleverandør som tilbyr faste opplevingspakker og skreddarsydde pakker i Lofoten til invididuelle og grupper.
Lofottur AS
Firmaet tilbyr rundturar til Trollfjorden med passasjerbåten «Fosengutt».
Lunde Båt AS
Norsk importør av tyske Bavaria Motor Boats, BMB og seglbåtane Bavaria Yachts og Nauticat. Driv òg med charterutleige og undervisning.
Lødingen Skyssbåtservice AS
I tillegg til rutetrafikk i Øksfjorden tilbyr firmaet charterturar.
Maritime Tours
Legg til rette for turarrangement til havs, langs store delar av norskekysten. Her finn du meir informasjon om båtane deira, menyar ombord, prisar og turframlegg.
Maud Aktiv
Firmaet legg til rette kurs, konferansar og aktivitetar for firma eller private arrangement på fiskekuttaren Maud af Aalesund.
MF Gamle Stoksundsundferja
Veteranferje som vert nytta til fjordturar i Trondheim. Kapasitet til 60 personar. Alle rettar om bord.
Midtkandal Fjordservice AS
Faste ruter i tillegg til firma- og gruppeturar etter ønskje med MB Breim på Breimsvatnet i Nordfjord.
Moorings Scandinavia AS
Tilbyr ulike seglturferiar i Karibia, Bahamas, Mexico, det sørlege Stillehavet, Nord-Amerika, Skandinavia m.m.
Mosvolds Rederi AS
Tilbyr dagscruise med S/S Adella.
M/S Bibben
Tilbyr skjergardsturar, sightseeing, dykkarturar, firmaturar m.m. med båten M/S Bibben.
M/S Byfjorden
Her tilbyr dei båtturar med ulikt innhald for små- og mellomstore bedrifter i Bergen.
M/S Falkungen
Skjergardsturar i farvatnet utanfor Fredrikstad og Hvaler.
M/S Fjordvind
Fjordcruise med servering for opptil 25 personar på Oslofjorden.
M/S Fæmund II
Båten går i trafikk over Femunden, gjennom nasjonalparken Femundsmarka, i sommarmånadene. Servering om bord og buss-samband til og frå Røros.
MS Gann
Med utgangspunkt i Stavanger seglar MS Gann kvar sommar til Nordkapp med stopp langs ei rekkje stader og byar.
M/S Jøvra
Selbusjøen Båtfart DA er eit selskap som driv båten. M/S Jøvra er bygd for turistfart og selskapet skreddarsyr turar.
MS Klipperfjord
MS Klipperfjord vart bygd i 1986, har 18 sengeplassar, og køyrer turar rundt Nøtterøy og Tjøme.
M/S Kryllingen
Båttrafikk på Krøderen har gamle tradisjonar. Sida inneheld informasjon om båtarrangement på båten «Kryllingen».
M/S Maarten
Skreddarsyr bl.a. representasjonsturar og firmaturar etter kunden sine behov.
M/S Patricia AS
Selskapet tilbyr omvisings- og charterturar på Sørlandet med båtane M/S Patricia og M/S Nidelv.
M/S Turisten
M/S Turisten har både regulære seglingar og tek charterturar i Haldenvassdraget.
Navigarus AS
Firmaet leiger ut seglbåtar til bedrifter og andre som ønskjer eit skreddarsydd opplegg med transport, klede, servering og losji.
Neste Blåne
Fjord & fjell-, kyst-, kultur- og aktivitetsopplevingar. Turar til utlandet. Tilbyr gruppeturar og tilskipingar. Leige av turbuss og båt.
Next Wave AS
Båtutleige og charter av Jeanneau seglbåtar. Sidene inneheld mange bilete.
Norsk Fjordcruise AS
Arrangør av fjordcruise med seglbåt og skjergards- og opplevingsfestar i Oslo-skjergarden.
Norway Fjord Cruise AS
Tilbyr fjordturar og sjøaktivitetar.
Norway Travel Cruises and Tours
Nettsida inneheld peikarar til fjordturar i Noreg og cruisereiser og byferiar i Skandinavia og Nord-Europa. Turane blir arrangerte av Passage Tours Norway AS.
Norway Yacht Charter AS
Med seks seglskuter og fire representasjonsbåtar arrangerer NYC firmaturar, representasjonsturar og private selskap i Oslofjorden.
Oscarsborg Fjordservice AS
Selskapet driv gjestehamn, hamnesenter og fjordbåten mellom Sætre og Oscarsborg, leverar båtchartertenestar og båttransport i heile Oslofjorden.
Oslo Fjordcruise - Arrangement Oslo
Oslo Fjordcruise legg til rette for sjø- og landarrangement året rundt. Sida viser til dei tilbyr aktivitetar.
Oslofjorden chartersevice AS
Legg til rette for og tilbyr cruise på skjergarden rundt Nøtterøy og Tjøme.
Oslofjord Yacht Charter
Charterfirma som tilbyr konferansar, tilstellingar, kundemøte eller bedriftspresentasjon, festar og selskap på båtane sine i Oslofjorden.
Plenty Fjordcruise DA
Treskuta var nyrestaurert i 1996 og høver til firmaturar o.l.
Polar Charter
Tilbyr charterturar i skjergarden og i fjordane kring Tromsø og Nord-Noreg med båtane M/S Caroline Mathilde og M/S Polargirl.
Riskafjord II
Veteranbåt som blir brukt til charterturar av ulikt innhald i Ryfylkefjordane.
R/S 38 Biskop Hvoslef
«Biskop Hvoslef» er ei restaurert redningskøyte som er stasjonert i Tromsø. Ho vert brukt til ulike typar båtturar nordpå i vinterhalvåret og i sommarsesongen. Les meir på nettsida.
Rødne Clipper Fjord Sightseeing
Selskapet har rutebåtar som går i trafikk i Ryfylke og Boknafjorden, men arrangerer òg sightseeing- og firmaturar i området, m.a. til Lysefjorden og Preikestolen.
Sailing with Paradise
Ein bemanna seglbåt der du kan vere med på turar og lære korleis ein manøvrerer ein større seglbåt i ope hav. Har eigen segleplan for 2009 og 2010.
Salten Veteranbåtlag
Salten Veteranbåtlag disponerer 2 veteranbåtar. Tilbyr turar i Salten og Lofoten i båtar med opphav interiør og miljø. Dagsturar med fiske og omvising.
Sandvika Fjordturer AS
Med trebåtane MS Rigmor og MS Rigfar har selskapet rutegåande trafikk i Oslofjorden i sommarhalvåret. Selskapet arrangerar turer, og har også utleigetilbod.
Saxe Norway AS
Driv charter og utleige av seglbåt.
Scandinavian charter Yachts
Formidlar større båtar med mannskap i heile Skandinavia, og tilbyr seglcharterturar i Karibia. Firmaadresse i Bærum. Engelskspråklege sider.
Sea Safari
Skreddarsydde hav- og fisketurar med avgang frå Måløy.
Sea-Sport Yacht
Partrederi med utgangspunkt i Trondheimsregionen. Tilbyr charterturar, kurs og maritim utdanning, og tar ulike slag maritime oppdrag.
Selje Kloster
Tilbyr guida tur til øya Selja og klosterruinane der.
Showboat AS
Om båten har det vorte sagt at han liknar ein koseleg «Donald Duck»-båt frå utsida. Båten tek sikte på å lage liv og røre og kan leigast til dei fleste tilskipingar.
Sjøfix
Taxibåt og turar for opp til 12 personar.
Skilsøferja AS
Ruter for Tromøy-Arendal-Hisøy, Tyholmen-Skilsø. Tilbyr charterutleige og taxiturar. Arrangerer blåturar, firmaturar m.m.
Skonnerten Solrik av Grimstad
Vert leigd ut til alt fra bryllup til fisketurar, til bedrifter/næringsliv såvel som privatpersonar.
Skonnerten Svanen
Svanen seglar vekestokt i området mellom Oslo-Kristiansand-svenskekysten. Dags- og kveldsturar går føre seg i Oslofjorden, og om sommaren kan det arrangerast spesialturar på førespurnad.
Spinnaker BVI
Arrangerer seglturar rundt British Virgin Island i Karibia.
Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet
Les om eller sjå bilete og film av fullriggaren som høyrer til i Kristiansand. Det er mogleg å bli med på ulike tokt med skuta.
Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl
Historia til det største og eldste skværrigga seglskipet i Noreg. Også informasjon om turane med skipet og om ulike segltokt du kan vere med på.
Sun Yachting Scandinavia
Turoperatør som tilbyr seglturar både med og utan mannskap, til dei greske øyane og andre solfylte destinasjonar. Adresse i Drøbak.
Taxibåt Bjørn Arne Halvorsen
Firmaet driv med frakt av turistar og hytteeigarar, arrangerer sightseeing, skuleturar og gruppereiser i skjergarden utanfor Kragerø.
Telemarksbåtene AS
Med M/S Telemarken kan du oppleve Telemarkskanalen, med sluser som blir opna og lukka slik det vart gjort for over 100 år sidan.
The Norwegian Fjord Steamers
Tilbyr både rutegåande cruise og chartercruise med underhaldning og mat i Sognefjorden og Hardangerfjorden.
Tripps Båtservice - Munkholmbåtene
Selskapet driv rutetrafikk til Munkholmen, og tilbyr havnesightseeing, charterturar og fisketurar for grupper på Trondheimsfjorden.
Trollcruise
Leig ei seglskute til firmasamankomstar.
Trøndelag Turbåtselskap AS
Turar på Trondheimsfjorden for opp til 40 personar med den gamle bergingsskøyta MS Willie Wilhelmsen. Servering og skjenkjeløyve om bord.
Veteran Fjordcruise AS
Stavanger-selskapet tilbyr fisketurar, blåturar, sightseeingturar m.m., samt andre arrangement etter ønske.
Viking Queen
Mandal-selskapet tilbyr båtturar på sørlandskysten, samt båtførarkurs.
Vinnes Skyssbåtservice
Selskapet tilbyr skyssturar, konferanse-, firma- og fisketurar i og til vestlandske fjordar og reisemål.
Øyeren Båtservice
Tilbyr ulike båtturar med MS Øyeren.
Øyglimt AS
Skyssbåten Øyglimt, som er stasjonert i Måløy, køyrer både rutetrafikk og charteroppdrag.
Aalesund Boat Adventure
Arrangør av fisketurar, sightseeing, dykketurar, opplevingsturar, seglturar og overnattingsturar på skuta M/K Odin.
Ålesund Havfiskesenter
Firmaet tilbyr havfiske og sightseeing i området kring Ålesund.