Røyndoms-TV
Nettsider redaksjonelt vurdert
71 grader nord
Program på TVNorge der deltakarane skal gjennomføre ei reise frå Lindesnes til Nordkapp. På nettsida finn du m.a. informasjon om deltakarane, dagbøker, reiseplan og konkurransar.
Jakten på kjærligheten
Katrine Moholt hjelper norske bønder i jakta på kjærleiken.
Robinsonekspedisjonen
19 vanlege norske menn og kvinner vert sette i land på ei aude øy i Stillehavet. Christer Falck og Robinson er tilbake!
Skaperen
På nettsidene til den nye sesongen av gründerprogrammet til TV2 kan du finne nyhende om deltakarane og fagpanelet, dessutan kan du sjå episodane på nett-TV.
RealityShows.com (usa)
Nyhende frå reality-program i USA.
American Idol (usa)
Den amerikanske versjonen av Idol er eit av dei mest sette programma i verda. På nettsidene kan du finne nyhende og all anna informasjon om showet. Du kan også logge deg inn på bloggsida MyIdol.
America`s Next Top Model (usa)
Tyra Banks gjev 13 håpefulle kandidatar sjansen til å verte verdas neste store supermodell. På nettsidene finn du video og bilete av kandidatane, bloggar m.m.
Fear Factor (usa)
Showet går ut på at deltakarane skal konfrontere dei verste mareritta sine. Ein norsk versjon har tidlegare vorte sendt på TV3.