Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Aker BioMarine
Bioteknologisk selskap som m.a. utnyttar krill i framstillinga av ernæringsprodukt til dyr og menneske.
Aker Seafoods
Produsent og eksportør av fiskeprodukt. Selskapet fokuserer på fangst og primærproduksjon av kvitfisk.
Akvaplan-niva AS
Firmaet tilbyr rådgjeving og driv forsking i akvakultur, marin- og ferskvassbiologi.
Akva-Ren AS
Verksemd som driv med innsamling, konservering og sal av lakseavfall.
Akvator
Sel rådgjavande ingeniørtenester til havbruksnæringa og leverandørindustrien, nasjonalt og internasjonalt.
Aqua Kompetanse AS
Tilbyr vurdering og utvelging av nye opdrettslokalitetar, arealplanlegging i sjø, rådgjeving i forholdet til offentlege styresmakter, kurs i miljøriktig oppdrett m.m.
Aquatic-gruppen
Gruppa er samansett av ei rekkje selskap som leverer kjemiske og biologiske løysingar for næringsmiddelindustrien, den mekaniske industrien og transportsektoren.
Argus Miljø AS
Biologisk rådgivningsfirma som utfører dei fleste typar enklere miljøundersøkjingar både på land og i vatn.
Asbjørn Selsbane AS
Rederi som driftar ein trålar og eit ringnotfartøy. Driv fiske, kvalfangst og eit notbøteri. Tilbyr online bestilling av kvalkjøtt.
BarentsNews.com
På BarentsNews.com finn du alt om Barentshavet på ein stad. Informasjon om kvotar, fangsrapportar og nyhende. For å få full tilgang må du betale for registrering. Sea Xray AS står bak tenesta.
Bergen Seafood
Marknadsføringstenester for norske fiskeprodukt. Sidene er meinte å vere ein samlande ressurs for fiskeriinteresserte, og inneheld peikarar til ei rad norske fiske- og havbrukssider på nettet.
Brødrene Berg AS
Driv fiske og produserer og eksporterer fersk-, salt- og tørrfisk.
DNG Norge AS
Leverer utstyr til fiskeindustrien i form av dekksutsyr og fiskekar, dessutan utstyr til pelagisk industri og saltfiskproduksjon. Bedrifta er også forhandlar av hurtiggåande fiskebåtar frå Somi.
Fiskehelse & Miljø AS
Sjølvstendig og uavhengig havbruksteneste. Eit alternativ eller supplement til firmatilsette fiskehelsemedarbeidarar.
Fiskeribladet Fiskaren
Riksdekkjande avis for kystnæringane i Noreg som er eit resultat av ein avisfusjon mellom Fiskeribladet og Fiskaren. Nyhende frå fiskeri- og sjømatindustrien. Papiravisa kjem ut tre gonger i veka, men du må diverre betale for nyhenda på nett.
Fiskeriforum Vest
Stiftinga arbeider for å styrkje og vidareutvikle fiskerinæringa i Vestlandsregionen. Har som mål å vere ein pådrivar både nasjonalt og internasjonalt i saker innanfor utvikling, nyskaping og samarbeid som angår fiskerinæringa her.
Fiskeri.no
Nettstaden til Tangen Fiskeri-Formidling, som driv med sal av artiklar og bilete til fiskeripressa.
Gildeskål forskningsstasjon AS
Forskingsstasjon innafor akvakultur som arbeider med både tekniske og biologiske problemstillingar.
Hammerfest Fryseterminal AS
Anlegget handterer fryste og ferske fiskevarer av alle slag, med ein kapasitet på ca 18 000 m3 fryselager og ca 2000 m3 kjølelager.
Havbrukstjenesten AS
Tilbyr fiskehelsetenester og miljøtenester for fiskeoppdrettsnæringa. Leverer også andre typar konsulenttenester innanfor området fiskehelse, sjukdomskontroll, miljø, brønnbåtinspeksjonar m.m. samt undervisningstenester.
Holmfjord Sjøfarm AS
Tilbyr kompetanse innan yngelproduksjon, laboratorieanalyser, landbasert teknologi og behandling av vatn.
Hvalpsund Net AS (dk)
Storleverandør av fiskeriutstyr, havbruk/fishfarming og landbaserte nettløysingar. Verksemda leverer solide og slitesterke løysingar til fiskeri-industrien på alle kontinent. Held til i Danmark.
Hydra
Tilbyr tjenester som miljøundersøkjingar, resipientovervaking og vurdering av kor eigna hav og ferskvatn er. Tar også andre oppdrag som fordrar marinbiologisk kompetanse.
INAQ Management AS
Tverrfagleg rådgjevingsselskap med strategisk, operasjonell og finansiell kompetanse med hovudfokus på sjømatbransjen og avleia verksemder.
IntraFish
Nettmagasin for fiskerinæringa (for betal-abonnentar). Inneheld m.a. diskusjonsforum, databasar og søkjefunksjon.
Jøkelfjord Laks AS
Produserer laksemolt, driv fleire merdar og eit slakteri. Eksporterer det meste av laksen til utlandet.
Kontali
Eit av verdas leiande analyseselskap innan akvakultur og fiskeri.
Kristiansund Fryseterminal AS
Eit uavhengig nøytralt fryselager for kjøt, fisk og fiskeprodukt. Terminalen har ein kapasitet på 24.000m3.
Kultiveringsanleggenes Forening
Samanslutning av verksemder som driv med kultivering av ville fiskebestandar, attåt genbankanlegg og forskingsanlegg. Driv bl.a. med kvalitetssikring.
Kystfiske.no
Side for kystfiskerinæringa, frå Kystfiskegruppa. Målet er å byggje eit sterkt nettverk for samarbeid mellom aktørar i næringa.
kyst.no
Nettportalen til fiskerinæringa inneheld nytt og nyttig informasjon til interessentane i kyst- og fiskerinæringa. For fullstendig tilgang til alle ressursane krevst det registrering.
Maritech AS
Leverer programvarer til fiskeriindustrien.
Modolv Sjøset AS
Leverer fleire typar fisk, både heil og behandla. Har spesialisert seg på sildefilet og hakka vassild.
M/V FISKTRANS
Presentasjon av ein fiskebåt.
Møgster & Co AS
Moderselskap til sentrale firma innan offshore, fiskeri og industri.
Norges Råfisklag
Etablert i 1938 med føremål å omsetje fisk og sjømat til gode og stabile prisar. Arbeider for like konkurransetilhøve mellom fiskarane og mellom bedriftene. Har som mål å sikre fiskarane sine inntekter og bidra til lønsam verdiskaping i norsk fiskerinæring.
Norges Sildesalgslag
Økonomisk interesseorganisasjon for fiskarar av pelagisk fisk. Formidlar sal av sild, makrell, lodde og pelagiske fiskeslag.
Norsk Sjømat
Eksportutvalet for fisk (EFF) informerer om norsk fisk og sjømat. Fin fiskeoversikt med bilete og fakta, lekker oppskriftsamling og god peikarsamling.
North Atlantic Seafood
Årleg forum for alle som er involverte i den internasjonale sjømatbransjen, og for dei som er interesserte i sjømat frå Nordsjøen. Har både utstilling, konferanse og studietur.
Nutreco (nl)
Konsernet er ein verdsomspanande mat-produsent. Den norske avdelinga arbeider hovudsakleg med utvikling og produksjon innanfor fiskeribransjen.
Olsen Gruppen AS
Fiskebåtrederi som driv to ringnotfartøy, eitt kystfartøy og eitt autolinefartøy. Tilbyr også fryselager, islevering, kaianlegg og basefunksjon. Fiskar etter artar som sild, makrell, brisling, lodde og kolmule.
PatoGen Analyse AS
Selskap som utviklar og utfører kvalitetssikra Real-Time PCR-analysar for akvakulturnæringa for optimal fiskehelse og redusert risiko. Held til i Ålesund.
P/R Espeseth ANS
Familereiarlag som driftar M/S Solkongen og tek seg av utlegging, reutsetting og hausting av blåskjelanlegg i tillegg til ordinære transportoppdrag. Kan levere skjel i bulk til utlandet.
Protevs AS
Eit selskap som tilbyr anvendte forskningstenester og konsulenttenester til industri og næringsliv innan områda fiskeri, havbruk og miljø.
Resipientanalyse
Tilbyr m.a. miljøovervaking av marine matfiskanlegg, marinbiologiske undersøkingar, hydrografisk og topografisk kartlegging, kapasitetsutrekning, konsekvensutgreiingar og miljørisikoanalysar.
Sea Xray AS
Sea Xray AS er eit konsulentfirma innanfor fiskeribransjen og russisk-norske tilhøve.
Seløy Undervannsservice AS
Maritim entreprenør med kompetanse innanfor arbeid med sjøkabel, sjøleidningar, forankringar, hevingar og anna undervassarbeid. Driftar fleire fartøy.
SINTEF Fiskeri og havbruk AS
Oppdragsforsking i samarbeid med NTNU.
Sjøvik Gruppen
Sjøvik-gruppen, med Sjøvik AS i spissen, er eit selskap med basis i eigarskap av fiskebåtar, fiske, foredling, sal og marknadsføring av fiskeprodukt. Gruppa har dotterselskap i Russland, Canada, Frankrike og England.
Skude Fryseri AS
Mottak av hovudsakleg sild og makrell.
Smølagruppen AS
Samarbeidsselskap beståande av 35 fiskefartøy som arbeider for å oppnå kostnadsreduksjonar og auka lønsemd for eigarane gjennom avtalar og samordning av innkjøp. Selskapet satsar primært i området rundt Nordmøre og Sør-Trøndelag.
Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag
Laget omse fisk, fiskeavfall og skaldyr for fiskarane til høgast moglege prisar.
Vesterålen Fiskehelsetjeneste AS
Har sidan selskapet vart etablert i 1989 utført fiskehelse- og hygienetenester for havbruks- og fiskerinæringa i Vesterålen og omland. Hovudarbeidsfeltet for bedrifta er førebyggjande sjukdomsarbeid, diagnostikk og behandling.