Miljøvern
Nettsider redaksjonelt vurdert
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif)
Direktorat under Miljøverndepartementet, som skal hjelpe til å skape ei berekraftig utvikling. Organet har eit særleg ansvar for ureining av hav og vatn, helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og attvinning, klimaendringar, luftureining og støy.
Miljøstatus i Norge
Svært fyldig informasjonsbase som gjev det den nyaste informasjonen om tilstanden og utviklinga i miljøet. SFT er ansvarleg for nettstaden og dei andre miljødirektorata kjem med innspel.
Miljøverndepartementet (MD)
Departementet har ansvar for og skal jobbe med spørsmål knytt til forureining, friluftsliv, klima, luft og støy, kulturminne, naturmangfald, naturvern, planlegging og utbygging, samt vern av Svalbard og polarområda.
Fornybar.no
Nettstaden presenterer eit samla oversyn over teknologisk-, økonomisk- og marknadsutvikling på fagfeltet fornybar energi.
Grønn Hverdag
Miljøvern for folk flest. Nettstaden har hundrevis av konkrete tips om kva du kan gjere i din eigen kvardag for å leve meir miljøvenleg. Heitte tidlegare Miljøheimevernet.
Natur&Miljø
Tidsskrift utgjeve av Norges Naturvernforbund. Tilbyr nyhende og kunnskapar om nasjonale og internasjonale miljøspørsmål.
Nettverk for miljølære
Nettstaden inneheld aktivitetar som gjev idear til korleis opplæring knytt til miljølære kan leggjast til rette.
Reegle (usa)
Søkjemotor som er spesialisert mot miljøprosjekt og miljønyhende.
Earth Hour (int)
Global kampanje mot global oppvarming. Vi vert oppmoda om å skru av alt lys ein time i året. Klikk deg inn på din by for å sjå når det skal skje.
Folkevett
Magasin for miljø, rettferdig fordeling og livskvalitet. Utgjeve av Framtiden i våre hender (FIVH).
Miljøindex
Innkjøpsguide der du kan søkje etter grøne varer og tenester. Føremålet er å lette prosessen for grøne innkjøp både i privat og offentleg sektor. Her kan ein søkje etter miljømerkte produkt og miljøsertifiserte verksemder.
Miljønytt
Miljønytt blir oppdatert dagleg med miljønyhende frå norske og nordiske nettaviser.
Miljøvakta
Miljøvakta bistår oljeselskaper, entreprenører og 110-sentralenen over hele landet med nødvendig oljevernutstyr, tankbiler, gravemaskiner, feiebiler mm. ved akutt forurensning.
Norske utslipp
Utslepp til luft og vatn og generert avfall frå ulike samfunnssektorer, inkludert årlege utslepp fra verksemder med rapporteringsplikt til Klima- og forureiningsdirektoratet og Fylkesmannen.
NVE: Vann-nett
Oversyn over kvaliteten på vatn i Noreg sine vassdrag, utgitt av Noregs Vassdrags- og Energidirektorat. Nettstaden er litt vanskelig å bruke, så les gjerne gjennom bruksanvisninga først.
Algeinfo
Vekesvis informasjon som vert gjeven ut av Havforskingsinstituttet i samarbeid med Oceanor, Fiskeridirektoratet og NIVA.
Allgrønn
Gruppa fungerer som eit frittståande forum for stadutvikling. Allgrønn riv, byggjer og debatterer.
Grønn Byggallianse
Eit miljønettverk som med dei største eigendomsaktørane i Noreg. Målet er at medlemene, ved å vere med i nettverket, vil verte leiande på miljøsatsing i den norske byggnæringa.
GrønnIT
Grøn IT er eit breitt initiativ der aktørar i IKT-næringa i Noreg set fokus på energi- og klimasparande tiltak. IKT-Noreg er pådrivar for Grøn IT og ønskjer at alle medlemene i organisasjonen skal forplikte seg til initiativet og til å jobbe for ei meir miljøvenleg IKT-næring.
Klagenemnda for miljøinformasjon
Miljøklagenemnda behandlar klager over avslag på innsyn hos private verksemder etter miljøinformasjonslova.
Miljøfyrtårn
Verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter oppfyller definerte bransjekrav, vert sertifiserte som Miljøfyrtårn.
Miljømerket
Stiftinga Miljømerking forvaltar dei to offisielle miljømerka «Svanen» og «Blomsten» i Noreg. Miljømerka produkt og tenester har gått gjennom ei objektiv miljøvurdering.
Miljøringen
Nettverk for ureina grunn.
Miljøveka
9. - 16. august skipar Norsk Permakulturforening (NPK), Norsk Jord- og Halmbyggerforening (NJH) og Framtiden i våre hender (Fivh) til ei veke med kurs, presentasjonar og føredrag, økologisk mat og naturopplevingar i Fyresdal.
Miljøvernpolitikk for ei berekraftig utvikling
Dugnad for framtida. St.meld. nr. 58 (1996-97) frå Miljøverndepartementet.
Natur og Ungdom - 30 år i vegen
Fulltekstversjon av boka om historia til Natur og Ungdom.
NOA: Grevlingen
Her kan du laste ned «Grevlingen» som er medlemsbladet til Naturvernforbundet i Oslo og Akershus (NOA).
Norsk Elgsenter
Presenterer elgen og forvaltinga av elgområde. Opplevings- og informasjonssenter som gjev publikum høve til å kome tett på elgen.
Norsk Juniorvannpris
Norsk Juniorvannpris er ein konkurranse for ungdom under 20 år, og har til føremål å stimulere interessa hjå ungdomen for lokalt og globalt vassmiljø.
PCB.no
Informasjon og rettleiing om miljøgifta PCB.
Planeten - The game
Her er det mange ulike spel der du skal prøve å redde planeten vår. Samle nok regnvatn, sløkkje skogbrannar, redde aper og skru av fjernsynsapparat, for å nemne noko.
Putsj
Magasinet vert gjeve ut Natur og Ungdom. Skriv om miljøvern, politikk og engasjement.
Storebrand økokøyring
Nettkurs frå Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund og Storebrand. Kurset er ein test, som viser kor mykje utslepp du kan spare miljøet for om du endrar bilbruken. Gratis og enkelt å gjennomføre. Målet er å vere med på å redusere CO2-utsleppa og færre skader i vegtrafikken.
Svalbardkurset
Kurset arrangerast i august kvart år og skal gi deltakarane innblikk i naturforhald, historie, miljøovervakning og forutsetningar for virksemd på Svalbard. Retter seg primært mot forvaltarar, sakshandsamarar, forskarar og studentar med Svalbard som arbeidsfelt.
VannInfo
Teneste frå direktoratet for naturforvalting med informasjon og dataprogram for stadfest vassinfo.
Verdas miljøverndag 2007
Skildrar aktivitetar kring Verdas miljøverndag 2007, World Environment Day, og problema rundt hovudtema for dagen: Is som smeltar. Lenker til ei rad interessante stader som utdjupar tematikken.