Alternative energiformer
Nettsider redaksjonelt vurdert
Hydrogenplattformen
Hydrogenplattformen skal samle, koordinere og synleggjere den norske satsinga på hydrogen.
Landssammenslutninga av Norske Vindkraftkommuner
LNVK er eit nasjonalt nettverk for vindkraftkommunar i Noreg.
Grønn boks
Energiverksemdene i Noreg har gått saman om å lage den grøne boksen. Boksen skal fyllast opp med klimaløysingar, og ønskjet er at fleire skal vere med å utgjere ein skilnad. Med denne nettstaden kan du lære meir, gjere noko, seie i frå eller få tips om relevant utdanning og arbeid med fornybar energi.
Norsk Bioenergiforening
Arbeider for auka og rasjonell utnytting av bioenergi i Noreg.
Norsk solenergiforening
Arbeider for fornuftig utnytting av solenergipotensialet i Noreg.
Oljefri.no
Naturvernforbundets føremål med nettstaden er å redusere klimagassutsleppa gjennom å gjere det lettare og tryggare å få oljefrie og energieffektive bygg. Her finst blant anna informasjon om klimaendringar, klimavennleg oppvarming, fjerning av oljetank og energieffektivisering.
Senter for Fornybar Energi
Senter for fornybar energi arbeider med forsking og utvikling av fornybar energi i Noreg.
Småkraftforeninga
Foreininga sine mål er å samle alle som eig eller leiger mikro-, mini- eller småkraftverk til næringspolitisk samarbeid og virksemd, å fremme rammevilkår, samt sikre rettane for foreininga sine medlemmer.
Østfold Energi AS
Kraft- og varmeprodusent. Verksemda omfattar vatnkraft, vindkraft, energigjenvinning og naturgass.
Miljøturbiner
Side til ETTE, Environmental Turbine Technology. Dette er resultat av eit prosjekt om små vind- og vasskraftverk.
Moonpipe
Den fremtidsrettede løsningen for produksjon av fornybar energi er en undervannsgenerator som produserer energi.
NVEs vindkraftsoversyn
Oversyn over utbygde og planlagde anlegg for vindkraft i Noreg.
Småkraftverk '98
«Kokebok» for bygging av mikro-, mini- og småkraftverk.
Varmepumper.org
På nettstaden kan du finne ein del nyttig informasjon, inne mellom all reklamen, om du tenkjer på å investere i ei varmepumpe.
Vindkraft
Privat side med informasjon om vindkraft.
Voith Siemens Hydro Power Generation AS
Kompetanse på vasskraft og småkraftverk, og leverer turbinar, kontrollanlegg, regulatorar og fjernkontrollar til kraftverk av ulike storleikar.
Wind Energy Hotlist (usa)
Oversyn over vindenergiressursar. Sida er på engelsk.