Gode utanlandske
Nettsider redaksjonelt vurdert
Ann Merete Tilrår:
Facebook (usa)
Populært nettsamfunn! Her kan du lage deg profil, finne vener, sende meldingar, leggje inn bilete og mykje meir.
Google Reader (usa)
Her kan du samle nyhendefeedar, bloggfeedar og anna du er interessert i å følgje med på.
Astrid Tilrår:
Strawberrynet (hk)
Sel dyr kosmetikk til ein rimeleg penge. Du kan få prisen oppgjeven i norske kroner. Dersom du kjøper for mindre enn 200 kr (summen gjeld for 2009) kvar gong, slepp du å betale toll. Tips: sjekk ut «Gifts and Specials» => «Top 20 specials» for dei beste tilboda!
TripAdvisor (usa)
Les tilrådingar/rangeringar frå andre reisande, av hotell, stader og attraksjonar i heile verda.
Anders Tilrår:
Adobe Photoshop Express (usa)
Nettversjon av Photoshop med høve for å redigere, lagre og dele bilete.
Photo.net (usa)
Omfattande og nyttig nettstad med galleri, peikarar til nettbutikkar, diskusjonsfora og annan informasjon for fotointeresserte.
Asbjørn anbefaler:
NewsNow: Football (uk)
Bra nyhendeteneste. Denne agenten hentar dei siste fotballsakene etter kvart som dei kjem frå ei mengd online nyhendekjelder, og sorterer dei i ulike kategoriar. Elles; hovudinngang for sportsnyhende finn du her.
Sporting Life: Football (uk)
Veldig bra engelsk nettstad, som held deg oppdatert på det som skjer på fotballøya i vest. Men dei dekkjer også annan internasjonal forball og mykje annan idrett.
Jorun Tilrår:
Bolig Magasinet (dk)
I dette danske bustadmagasinet finn du bilete til inspirasjon, artiklar og mykje anna spanande om interiør og eksteriør.
FamilySearch (usa)
Slektsdatabase med mange registrerte personar frå 1700-talet og fram til i dag. Du kan m.a. søkje etter slekta di direkte på nettet, eller laste ned gratis programvare.
Stian Tilrår:
BBC News (uk)
Ei av dei mest vidtfemnande nyhendetenestene i verda tilbyr aktuelle saker frå Storbritannia og resten av verda.
Internet Movie Database (int)
Verdas største og beste film- og TV-søk.
Reuters (usa)
Det verdsomspennande nyhendebyrået har ei fyldig og brei nyhendedekning på nettsider, òg på nett-TV.
Wikipedia (int)
Svært bra og omfattande prosjekt der målet er å skape eit leksikon med ope innhald på alle språk, der brukarane sjølve hjelper til med informasjon. Den engelske mortenesta er spesielt fyldig. Her kan du finne informasjon om det aller meste!