Oppslagsverk og fakta
Nettsider redaksjonelt vurdert
Wikipedia (int)
Spennande prosjekt der målet er å skape eit leksikon med ope innhald på alle språk, der brukarane sjølv legg til informasjon. Den engelske mortenesta er svært god. Finst også på bokmål og i nynorsk versjon.
About.com (usa)
Ein omfattande guide med meir enn 500 frivillige redaktørar som held styr på kvart sitt område. Svært vidfemnande. Tilrådd! !
Statistisk sentralbyrå
SSB utarbeider offisiell statistikk om det norske samfunnet. Institusjonen skaffar fram fakta for allmenn informasjon og offentleg planlegging, og informasjon som er vesentleg for at folkestyret og marknadssystemet skal fungere. Sidene har ei oversiktleg emneoversikt, her er ei liste for komande statistikk dei næraste fire månadene, Statistisk årbok, og meir spesielle ting som namnesøk (finn ut kor mange som heiter det same som deg), utrekning av prisvekst, økonomiske nøkkeltal osb.
Caplex
Komplett norsk leksikon på nettet, heilt gratis. Caplex er kanskje ikkje størst i verda, med det er allsidig, og kjapt og enkelt i bruk. Klikk deg fram til det du leiter etter, eller søk i fritekst.
Telefonkatalogen
Gjev tilgang på alle Telenors telefonkatalogar via Internett. Heilt gratis.
Archive.org (usa)
Nettstad som er i ferd med å byggje eit digitalt bibliotek over internettsider og digital kunnskap. Inneheld tekst, lyd, levande bilete (film), programvare og WayBack Machine, som gjev eit godt innblikk i korleis mange nettsider såg ut før.
Encyclopædia Britannica online (usa)
Det mest omfattande oppslagsverket som blir gjeve ut i verda i dag. Meir enn 125 000 peikarar nøye utvalde og omtalte av den leiande leksikonredaksjonen i verda. Delar av utgåva er tilgjengeleg gratis. Tilrådd!
iam
Personsøk-tjeneste bygget på norske databaser.
Infoplease.com (usa)
Stort og solid oppslagsverk med almanakk, ordbok, leksikon og atlas. Gratis.