Attføringsbedrifter
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
A3ressurs
Tenestene til bedrifta dreier seg om tilrettelagt arbeid, arbeidspraksis i skjerma verksemd og arbeid med støtte.
Aksis Arbeid og Kompetanse AS
Godkjend attføringsbedrift med eit breitt produktspekter, som kjøkenfornying, pallar, tromlar, brensleved, diverse tekstil- og formingsprodukt.
Aktør AS
Verksemda tek sikte på å tilby varige og sikre arbeidsplassar til personar med ulike typar yrkeshemmingar.
ALF - Senter for arbeidslivsforberedelse
Kommunalt eigd aksjeselskap i Bergen med formål å gje yrkeshemma opplæring og arbeidsførebiande trening.
Arbeidstreningsbedriften Oslo KF
Foretaket er eigd og drive av Oslo kommune og består av ulike seksjonar som arbeider med attføring/arbeidstrening.
Asker Produkt AS
Bedrifta tilbyr arbeidsplassar og kompetanseutvikling for yrkeshemma.
Aski
Bedrift med høg kompetanse innan yrkesretta attføring. Har fleire ulike avdelingar, som kopisenter, kjøkenfornyaren, mekanisk verkstad og reklame.
Askim ASVO AS
Bedrifta vart etablert i 1990, er eigd av Askim og Skiptvedt kommunar, og tilbyr tenester knytt til hjelpemiddelservice, snikkarverkstad, pakking, montering og gravering.
Askøy Produkter AS
Arbeidstilbod til yrkeshemma med redusert arbeidsevne.
AS Lundi
Bedrifta driv med Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeid med Bistand (AB). I tillegg driv bedrifta eit Trenings- og Aktivitetssenter (TAS).
AS Rehabil
Attføringsbedrift med verkstadinnan bilpleie, måletenester, catering, kafé, kantinedrift, olje- og bilservice, arbeidspraksis og kursavdeling.
Astafjord Vekst AS
Tilbyr arbeid til personar som i korte eller lengre periodar treng ein tilrettelagt arbeidsplass. Bedrifta er eigd av kommunane Gratangen, Lavangen og Salangen.
Astero
Arbeidsmarknadsbedriften i Molde har eit allsidig produkt- og tenestetilbod. Les meir på nettsida.
AS Vapro
Eit interkommunalt aksjeselskap som gjev arbeid om 30 yrkeshemma. Har pakke- og adresseringsavdeling og snikkaravdeling.
ASVO Bergen
Tenestene til attføringsbedrifta inkluderer reinseri og kopiering, i tillegg til sal og utkøyring av frukt, grønsaker og jus.
ASVO Bjørkelangen AS
Bedrifta gjev arbeidstilbod til yrkeshemma og har avdelingane snikkarverkstad, vaskeri/reinseri, pakking og montering.
ASVO Ibestad AS
Service- og produksjonsbedrift med produksjon tilrettelagd for personar med ulik yrkesvalhemming.
ASVO Kongsberg AS
Bedrifta leverer varer og tenester til næringslivet og private i Kongsberg-området. Tek pakke- og monteringsoppdrag, køyrer ut frukt til bedrifter, driv gjenbruksstasjon og ei rekkje kantiner.
ASVO Kvinesdal AS
Verkemda gjevyrkeshemma eit arbeidstilbod og er bygd opp av avdelingane møbelrestaurering, skogbruk, snikkarverkstad og vaskeri/reinseri.
ASVO Måløy AS
VTA-bedrifta tilbyr tenester som skiltgravering, kantineutleige, heimebakst, klipping av plen og hekk, flisekutting, tekstilproduksjon, sal av brensel m.m.
ASVO Nøtterøy AS
Arbeidsmarknadsbedrift i Vestfold.
ASVO Revetal AS
Tilbyr produkt i akrylglas, attåt pakking, montering og utsending av produkt for industrien og næringslivet. Gardinsaum for bedrifter, institusjonar og private.
ASVO Østfold
Peikarar til ASVO-bedrifter i Østfold, samt oversikt over kva bedrifter som tilbyr kva tenester.
ATS Gjøvik/Toten AS
Aktiv produksjons- og opplæringsbedrift for menneske med yrkeshemming. Bedrifta har i dag tre tiltak: VTA (varig tilrettelagt arbeid), APS (arbeidspraksis i skjerma verksemd) og kommunale plassar.
Avigo AS
Bedrifta kan hjelpe yrkeshemma med ein ny start. Held kurs, produserer varer og tenester m.m.
Balder Tekstil AS
Driv produksjon av sydde, vovne og strikka tekstil, strikkeplagg og ulike småartiklar for kjøken.
Balsfjord Arbeidersamvirke AS
Vekstbedrifta utfører diverse vaktmeistertenester, driv gjenbruksbutikk, vaskeri, rammeverkstad m.m.
Barduprodukter AS
Bedrifta har som føremål å skape varige, trygge arbeidsplassar for personar med ulike funksjonshemmingar gjennom produksjon og sal av varer til den ordinære marknaden.
Beiarn VTA AS
Føremålet er gjennom fabrikasjon og anna næringsverksemd å skape grunnlag for sysselsetjing av yrkeshemma. Produserer fiskegarn, handlaga såper, drops.
Beredt
Spesialiserer seg på å gje arbeidstakarar ein ny sjanse i arbeidslivet gjennom drift av kantine, bilverkstad og møbelsnikring.
Biva AS
Selskapet er eit kompetansesenter for arbeidsmarknadstiltak, primært for menneske med psykisk utviklingshemming.
Bjørkhaug Arbeidsfellesskap AS
Tilbyr varig tilrettelagt arbeid til personar som har eller er forventa å få innvilga uførepensjon.
Blådalen
Blådalen er eit prosjekt som vert drive av Åstvedt AS. Visjonen er å få menneske attende i arbeid.
Bodø Industri AS
Arbeidsmarknadsbedrifta er eigd av Bodø Kommune og Nordland Fylkeskommune, og har avdelingar og tenester knytt til mellom anna grafisk arbeid, lager, reinhald, vaktmeister og transport.
Bodø Produksjonssenter AS
Bedrifta tilbyr arbeid med støtte og har verkeområde innanfor vedproduksjon, husflid, snikkeri, tekstiltrykkeri og frukt.
Bra-Pro: Lurøy kommunale ASVO
Bedrift med tilrettelagt arbeid for yrkeshemma. Tilbyr produkt som t.d. ved, kompostkassar, skinnsekker, strikkegenserar og rammer.
Breistein industri AS
Verksemda utfører arbeid innan mekanisk produksjon, pakke- og monteringsarbeid. Har 60 arbeidsplassar for yrkeshemma arbeidstakarar.
Brisk Kompetansesenter AS
Har industri- og tenesteproduksjon, kurs og opplæring til næringslivet og offentlege instansar som forretningsområde. Produksjonsområda er: mekanisk, snikkeri, skilt og reklame, møbel- og interiørsaum, teppekanting, montering og catering.
Broen Verkstedsutsalg
Butikken er Nordnes Verksteder AS (og 10 tilsvarande bedrifter) sitt utsal av eigenproduserte produkt med utval av kunst og bruksting.
Deltagruppen AS
Indre Austfold si største attføringsbedrift.
DI Gruppen
Verksemda omfattar kompetanseutvikling, opplæring og kvalifisering, grafisk produksjon, medisinsk produksjon, barnehagedrift og enklare bedriftsserviceoppdrag innanfor emballering og forsending, montering, vedlikehald m.m.
Durapart AS
Tilbyr arbeidsretta rehabilitering, rettleiing og opplæring, både internt og ute i andre bedrifter. Har også produksjon og leveranse innanfor kabelsystem, elektrotavler, skiltsystem og annan montasje.
Dønna ASVO AS
Verna bedrift som blant anna produserer fyringsved.
Eiker Asvo AS
Bedrifta har som føremål å drive produksjon, handel og anna tenesteytande arbeid som skapar jobb for arbeidstakarar med trong for hjelp.
Enebakk Produkter AS
VTA-bedrifta leverer snittar på bestilling, tek oppdrag innanfor pakking og merking av varer. Har snikkaravdeling, vedavdeling og gjenbruksstasjon.
Eskoleia AS
Selskapet har ulike greiner som produserer bl.a. stålprodukt og møblar. Bedrifta fungerer som attføringsbedrift og driv eigen barnehage med avdelingar på Kongsvinger og Eidskog.
Farsund Produkter AS
Marknadsfører messetelt, partytelt, segl, båtkalesjer, presenningar, verktøyhaldarar i skinn og lêr i tillegg til arbeid med yrkesretta attføring.
Flekkefjord Produkter AS
Produserer treprodukt, graveskuffer og utstyr til gravemaskiner. Leverer cateringtenester. Tilbyr opplæring i mekaniske fag, kontor, IT, kantinedrift og trearbeid. Arbeider også med attføring og personalutvikling.
Fossheim Verksteder AS
Produksjonsretta verkstad for psykisk utviklingshemma. Tilbyr montering, pakking og utsending av ei rad produktar, i tillegg til plastemballering, kopiering, trykking m.m.
Fredrikstad Arbeidssamvirke AS
Attføringsbedrifta tilbyr catering, bakevarer, ryddetenester og driv ein bruktmarknad attåt eit bakeriutsal.
Fretex
Noregs største bruktkjede utgjer ein sentral del av Frelsehæren Noreg, som har forretningar over heile landet. Sentralt for verksemda er å drive yrkesretta attføring.
Furene AS
Tidlegere Volda Industri AS. Driv attføringsarbeid innanfor metallproduksjon, drift av servicesenter, produksjon av trebrikettar, vask av arbeidstøy, bokreparasjon, montering, stansing og stoffprøver.
Furene AS
Attføringsbedrift i Volda. Har kompetanse på HTML, XHTML, CSS, Javascript m.m. Tek på seg oppdrag for små og mellomstore bedrifter.
Fønix Kompetansenett AS
Tilbyr oppfølging tilknytt attføring og sjukefråver, attåt coaching av leiarar og tilsette.
Gamle Oslo Tre & Tekstil
Føremålet til bedrifta er å skape varige arbeidsplassar til yrkeshemma innbyggjarar i Oslo kommune.
Gausdal A-senter AS
Arbeidsmarknadsbedrifta driv spesialproduksjon av trearbeid, diverse tømmar- og vaktmeisterarbeid. Montering og pakking av mindre produkt.
Grane Bedriftsservice AS
Selskapet ønskjer å lokalt hjelpe flest mogleg yrkeshemma i prosessen mot ein jobb.
Hadelandprodukter AS
Driv innanfor kontraktproduksjon av profesjonell elektronikk. I tillegg driv bedrifta opplæring og kvalifisering av arbeidssøkjarar.
Hadsel ASVO AS
VTA-bedrifta har vaskeriavdeling, snikkarverkstad og serviceavdeling som bl.a. omfattar drift av miljøstasjon, bodbilteneste og gartnararbeid.
Halden ASVO AS
Bedrifta har som føremål å etablere og drive faste arbeidsplassar for yrkeshemma.
Hasvo
Bedrifta er tilbydarar av arbeidsmarknadstiltaket VTA og APS, og tek også inn arbeidstakarar på opplæring, arbeidstrening eller utprøving. Arbeidsområde er møblar, tre og handverk.
Haugaland Industri AS
Bedrifta som vart starta i 1964 framstår i dag som ei av landets leiande attføringsbedrifter, med ein unik og brei kompetanse i høve til arbeidsmarknaden.
Hobøl Asvo AS
På nettsida kan du lese kva attføringsbedrifta tilbyr av produkt og tenester.
Hurum Produkter
Bedrift som gjennom produksjon av varer og tenester driv med arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma.
Hvaler arbeidssenter AS
Bedrifta driv med monterings- og pakkingsarbeid, vedproduksjon, papirinnsamling m.m.
ifokus AS
Selskapet tilbyr arbeidssøkjarar med yrkeshemmingar ulike kurs, trening, opplæring og rettleiing for å bli rusta til arbeidslivet.
Ime Verksted AS
Vil gi dei som har ein kortvarig eller langvarig avgrensing i jobbval, høve til å leve eit aktivt yrkesliv, i staden for eit passivt tilvere.
Indre Sogn ASVO AS
Vekstbedrifta har syavdeling, skilt- og dekoravdeling, driv produksjon av pallar og diverse treprodukt, utfører monteringsarbeid, sel ved m.m.
Industripartner Karmøy AS
Ei VTA-bedrift (varig tilrettelagt arbeid) med 45 godkjende plassar, derav 10 øyremerkt for personar med psykiske lidingar.
Innherred Produkter AS
Arbeidsmarknadsbedrift og godkjend lærebedrift etter lov om fagopplæring for produksjon av elektronikk og industrimekanikk.
Invivo
Attføringsbedrifta i Stavanger driv med pakking, montering, konvoluttering m.m.
JobbIntro AS
Tilbyr oppfølging og tilrettelegging for arbeidstakarar med spesielle behov.
Jæren Industripartner
Arbeidsplass for yrkeshemma i Rogaland.
Jørpeland Produkter AS
Arbeidsplassar til personar med avgrensa yrkesval, der treprodukt utgjer ein stor del av produksjonen.
Kanmer AS
VTA-bedrifta driv bl.a. med produksjon og sal av bjørkeved i sekk. Tilbyr også ei rekkje andre varer og tenester.
Knarvik Industrier AS
Vekstbedrifta har vevavdeling, tekstilavdeling, treavdeling, trykkeri og kopisenter. Driv kantine og tre gjenbruksstasjonar.
Koppmolla AS
Vekstbedrift som tilbyr snikkarprodukt, restaurering av vedomnar, kopieringstenester, vaskeri og ved.
Kringla Bakeri
Avdeling under Hamar ASVO AS. Produserer brød, rundstykke, kaker, gjærbakst og påsmurt. Køyrer ut varene på bestilling. Leverer til privatpersonar, offentlege etatar og store og små bedrifter.
Lavek AS
Arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma i regi av Larvik kommune.
Lett-Service AS
Arbeidsmarknadstiltak for Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA). Utfører bl.a. plastpakking, konvolutteringsarbeid, utsending av reklamemateriell.
Leva-Fro AS
Vekstbedrifta driv produksjon av bl.a. storkassar, hagemøblar, blomsterkassar og hagegjerde. Saumavdelinga tek diverse monteringsoppgåver og bilpleieavdelinga utfører dekkskift, reinhald, sykkelreparasjonar m.m.
Lier ASVO AS
ASVO-bedrift med fire avdelingar: Pakkeri, sal av fyringsved, lunsjkafé og tekstilverkstad.
Lofoten Industri AS
Attføringsbedrifta tilbyr trykking, vaskeritenester, skoreparasjon, snikkarprodukt, bilopphogging, barnehage, systove m.m.
Løxa Utvikling AS
Tilbyr pakketenester og tek på seg oppdrag innanfor kapping, borring, dreiing, gjenging, stansing og sveising.
Malvik Produkter AS
Bedrifta driv bakeri, kantineteneste, snikkeri, lakkanlegg, hjelpemiddellager, i tillegg til vedproduksjon og pakkeavdeling.
Masvo AS
Ei avdeling av ASVO i Østfold. Senteret er eit tiltak for kommunane Moss, Rygge, Råde og Våler.
Meskano AS
Vekstverksemda i Nord-Østerdal vert presentert på desse nettsidene.
Mitra AS
Attføringsbedrifta utfører vaskeritenester, produserer pallar og vegsikringsutstyr, driv hjelpemiddellager m.m.
Modum ASVO AS
VTA-bedrift som driv vaskeri, vedproduksjon, tek enkle hageoppdrag og har pakke- og monteringsavdeling.
Mølla Kompetansesenter
Mølla Kompetansesenter Bærum KF er organisert som eit kommunalt føretak og er tiltaksarrangør for Aetat Asker og Aetat Sandvika.
Namdal arbeidssamvirke AS
NAMAS er ei bedrift for yrkeshemma i Namdalen, Nord-Trøndelag.
Nero Produkter AS
Teneste- og produksjonsverksemd som tilbyr varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS). Verksemda utfører tenester som pakking, montering, kantinedrift. Har også keramikkproduksjon.
Nesodden Lettindustri AS
Lagar diverse kjøken- og møbelprodukt, sel ved, monterer ulike produkt og driv manuell innpakking og utsending.
Nipro Nord Odal AS
Arbeidsmarknadsbedrifta tek på seg pakking, montering, mekanisk produksjon, rørbøying, platebearbeiding og diverse tenesteytande virksemd.
Nittedal ASVO AS
ASVO-bedrift i Nittedal. Målet deira er å integrere yrkeshemma i arbeidslivet og skape sosialt tilhøyr generelt.
Nopro Notodden AS
Attføringsbedrift som sysselset over 180 personar innanfor produksjonsområda elektro, plast og mekanisk industri, attåt to barnehagar. Har eigen nettbutikk.
Nordnes Verksteder AS
Attføringsbedrifta tilbyr ulike tenester innanfor vask og montering. Tilbyr også handarbeidsprodukt.
Noris Produkter AS
Vekst-bedrift med arbeidsområde innan montering, mekanisk verkstad, vedsentral, transport og kontor og vareutsal.
Norservice AS
Industri- og arbeidsmarknadsbedrift som tilbyr bilverkstad, møbelproduksjon, trykkeri og elektronikktenester.
Næringstjenester As
Næringstjenester AS er ei ASVO-bedrift i Vestby. Målet er å integrere yrkeshemma i næringslivet.
OK Service
Varig tilrettelagt arbeidsplass (VTA), der bedrifta får støtte frå kommunen og arbeidsetaten. Bedrifta driver sal av t-skjorter, keramikk og ved, i tillegg til at dei driv ein miljøstasjon og har eit gjenbrukssal.
OP Smia AS
Bedrifta driv produksjon innanfor brensel, vaskeri og husflidsartiklar. Har ei systove som tek skreddarsaum for konfeksjonsforretningane i byen.
Oslo Produksjon og Tjenester AS
Eit arbeidsmarknadstiltak som tilbyr diverse tenester: saum, vaskeri, pakkeri, innramming av bilete, produksjon av fyringsbrikettar. Tek også cateringoppdrag og tilbyr det meste innanfor profilering og dekor.
Podlen Verkstad AS
VTA-bedrifta har tre produksjonsavdelingar: vedavdeling, tekstil- og vaskeriavdeling og treverkstad.
Porsgrunn Produkter AS
Bedrifta driv vaskeri, kantine, pakke- og monteringsavdeling. Tilbyr tenester innanfor saum. Sel også fyringsved.
Prima AS
Bedrift som har spesialisert seg på å få yrkeshemma ut i næringslivet.
Rana Produkter AS
Attføringsbedrift med produksjonsavdelingar for skilt og bildekor, plakatplotting, layout og grafisk design, bok- og offsettrykking, bokbinding og kopiering, og eit stort og avansert silketrykkeri.
Ringsaker Asvo AS
Tilbyr næringslivet særeigne og handlaga produkt i tre, utfører pakke- og monteringsoppdrag for industrien, dessutan vaskeritenester for det regionale næringsliv.
Rosenvik AS
Attføringsbedrifta er nisjeleverandør av profileringsmateriell, produserer tradisjonelle produkt til hus og hytter, er spesialist på interiørsaum m.m.
Rycon AS
Arbeidsmarknadsbedrifta tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar for uføretrygda døve, hørselshemma og døvblinde, og hjelper personar som ønskjer å kome ut i det ordinære arbeidslivet.
Sandane Industri LL
Attføringsbedrift som produserer sofagrupper, sovesofaar, salongbord og nattbord.
Sande produkter AS
Vekstbedrifta i Sande har eit breitt tenestetilbod. Les meir på nettsida.
Sandnes Pro-Service AS
Produksjons- og opplæringsbedrift for yrkeshemma. Blant produkta og tenestene er mellom anna trevarer, tekstil og fruktabonnement.
Setpro AS
Attføringsbedrifta har tre- og metallavdeling, i tillegg til vaskeri og gartneri.
Skaun Produkter AS
Vekstbedrifta har produksjon av bjørkepinnar til pinnekjøt som hovudprodukt. Driv også produksjon av bygningskilar, leveranse av jobbfrukt, catering, utfører vaktmeistertenester m.m.
Ski Produksjonsservice AS
Tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar. Tek ulike oppdrag for næringslivet, som pakketenester og grafisk etterarbeid. Vedsal.
Smednes trivselsgård
Kompetansesenter for sosial rehabilitering og førebygging i Aure kommune på nordmørskysten.
Smiløkka Industier AS
Interkommunalt aksjeselskap som har til føremål å integrere yrkeshemma til arbeidslivet. Tilknytt ASVO.
Sogneprodukter AS
Bedrifta vart etablert i 1976, har omlag 100 tilsette, og produserer ei rekkje ulike produkt innan mekanisk industri.
Songvaar Industrier AS
VTA-bedrifta tek på seg oppdrag innanfor pakking og distribusjon, kopi og trykk. Produksjon av trevarer. Utviklar nye læremiddel for læresvake i samarbeid med Sørlandet Kompetansesenter. Lærehefte som eignar seg for lesesvake og i språkopplæring kan tingast på nettsida.
Sotra ASVO
VTA-bedrifta har snikkeri og støyperi, attåt tekstilavdeling, monteringsavdeling og transportavdeling. Leverer også frukt og ved.
Stavne Gård KF
Det kommunale føretaket i Trondheim driv mellom anna arbeidstreningstiltak. Virkemiddel i arbeidet er arbeidstrening, sosialfagleg oppfølgjing og fritidsaktivitetar.
Sunnhordland Industri AS
Attføringsbedrifta utfører allsidig mekanisk produksjon, kantinebedrift, dataopplæring m.m.
SUPRO AS
Surnadal Produkter sysselset yrkeshemma. Driv med reklametrykk og kopiering, delproduksjon til møblar, pakking av møblar, transport og vegsikring.
Svanem AS
Visjonen til bedrifta er å skape arbeidsplassar tilpassa yrkeshemma som ikkje utan vidare kan gjere seg nytte av andre arbeidstilbod. Hovudaktiviteten er snikkeri.
Svanviken Produkter AS
Vekstbedrifta har monterings- og pakkeavdeling, tilbyr tenester innanfor vevdesign og kan lage heimesider til privatpersonar, lag og organisasjonar. Sel profileringsartiklar: trykk på tekstil.
Sørvangen Næringspark AS
Bedrift for yrkeshemma, inkluderer m.a. kantinedrift, fruktleveranse til bedrifter, snekkar- og tekstilverkstad.
Tana arbeidsservice AS
Attføringsbedrift innanfor tre- og tekstilproduksjon, vaskeri og andre tenester.
Torabu AS
Kommunalt oppretta arbeidsplass for yrkeshemma, med butikk, søm-dekoravdeling, mekanisk avdeling og trevareavdeling.
Trastad Produkter
Service- og produksjonsbedrift særskilt tilrettelagt for funksjonshemma arbeidstakarar. Har også nettbutikk.
Tremek AS
Bedrifta tilbyr tilrettelegging, kvalifisering og varig arbeid til yrkeshemma og er organisert i 3 avdelingar: tre, mekanikk og keramikk.
Tromsprodukt AS
Arbeidstiltak for yrkeshemma i Troms. Driv også eit galleri med rameverkstad.
Tromsø ASVO AS
Eit offentleg etablert arbeidssamyrketiltak, som er godkjend for 35 VTA-plassar. Bedrifta tilbyr varer og tenester, som bokbinding, frukt på arbeidsplassen, handverk, reinhald og rydding av gater.
Tunet AS
På ein og same stad finn du rammeverkstad, gjenbruksbutikk, kopi- og makuleringssentral, kafé, cateringtenester, bodtenester, klesbutikk, tekstilverkstad, kurslokale m.m.
Tysnes Industri AS
Montasjeavdeling som har spesialisert seg innanfor elektromontering, delproduksjon og komponentpakking, og treavdeling som har lang erfaring og nyleg er oppdatert og modernisert i maskinparken.
Unika AS
Bedrifta tilbyr arbeid med støtte og har vaskeri-, catering- og treavdeling.
Unikum
Arbeidsmarknadsverksemda i Oslo er leverandør av ulike varer og tenester til offentlege og private kunder. Les meir på nettsida.
Valdres Arbeidssenter AS
Produksjonsbedrift som gjev arbeidstilbod til menneske som av ulike årsaker ikkje utan vidare kan arbeide i det ordinære arbeidslivet. Har vaskeri, vevstove og snikkarverkstad som bl.a. produserer Valdres Jærstolen.
Varodd AS
Arbeidsmarknadsbedrifta har avdelingar knytt til opplæring, mekanikk, saum, trykkeri og tekniske hjelpemiddel.
Vekst Ålesund AS
Vekstverksemda har produksjonsavdelingar innan mekanisk verkstad, tekstil og vaskeri.
Vesterålen Vekst
Vekstverksemda, som er tiltaksarrangør for NAV, produserer ulike varer og tenester.
Vev-Al-Plast AS
Moderne industribedrift med tilpassa arbeidsplassar for psykisk utviklingshemma og attføring av yrkeshemma.
Vevang Produksjon AS
Verksemd for yrkeshemma arbeidstakarar der dei arbeider med treprodukt, tekstilprodukt, firmaporselen og lys.
Vik ASVO
Vekstbedrifta har teikne- og logoavdeling, transportavdeling og vedavdeling.. Dei tek pakke- og monteringsoppdrag og driv produksjon av kassar og pallar m.m.
Vinn AS Hallingdal
Ressurssenter innanfor tilrettelagt arbeid og opplæring. Har eit mangfaldig arbeidstilbod: tekstilarbeid, møbeltapetsering, reinhald, kantine, pakke-/monteringsarbeid, vaskeri, treproduksjon m.m.
Vinn Industri Drammen AS
Tilbyr tenester innanfor grafisk produksjon og ferdiggjering, emballering, ompakking, konvoluttering, adressering og utkøyring.
Voss Bedriftservice AS
Attføringsbedrifta tilbyr yrkesvalhemma hjelp med tanke på opplæring, arbeidspraksis og kompetanseheving. Tek flytte-, reinhalds- og cateringoppdrag. Sel ved.
Våler Vekst AS
Bedrifta med varig tilrettelagde arbeidsplassar tilbyr brøytestikkar, bilpleie, ved m.m.
Våleveien Produkter AS
Arbeidsmarkedsbedrift som m.a. produserar profileringsartiklar.
Øvre Romerike Industriservice AS
Tiltaksbedriften med hovudavdeling i Eidsvoll kommune, har som mål å skape utviklande, varige arbeidsplassar, samt vere eit springbrett inn i ordinært arbeidsliv.
Øyane ASVO AS
Tilbyr tenester innanfor resirkulering, pakking, vaskeri og vaktmeisterarbeid.
Åseral Industrier AS
Vekstbedrifta har snikkaravdeling, pakkeavdeling, tekstilavdeling og måle- og lakkavdeling. Utfører også totalrenovering av møblar.