Nettsider redaksjonelt vurdert
Norges Bank
Noregs Bank skal verke innanfor dei retningslinjene som er fastlagde av dei politiske styresmaktene og skal verke til å fremje tilliten til norsk økonomi og det finansielle systemet.
Den europeiske sentralbanken (ECB) (int)
EUs sentralbank held til i Frankfurt, Tyskland.
Finansnæringens Fellesorganisasjon
FNO er næringsorganisasjon for finansnæringa (bank-, finansiering- og forsikringsnæringa). Nettsida har nyhende, informasjon, ulik statistikk.
Finansportalen.no
Statleg, uavhengig nettstad om økonomi, retta mot privatkundar i finansmarknaden. Her kan ein blant anna samanlikne prisar på utlån, innskot, pengeoverføringar til utlandet, forsikringsvilkår og ulike spareprodukt.
Sparebankforeningen
Næring- og interesseorganisasjon for sparebankane i Noreg. Les om foreininga på nettsidene.
Bankenes sikringsfond
Nettstaden har informasjon om fondet, gjeldande lover og reglar, kva bankar som er medlemer og annan informasjon.
Finansklagenemnda
Her er klagenemndene for bank, finans og verdipapirfond.
Forsikringsselskapenes Godkjennelsesnevnd (FG)
FG utarbeider regelverk og godkjenner sikringsutstyr og føretak for å redusere risiko for brann- og innbrotsskadar. Godkjenningar og regelverk kan søkjast opp på nettsidene. FG er ein del av Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNO).
Autorisasjonsordningen for finansielle rådgivere
Sjekk om din kunderådgiver er autorisert, i dette registeret over autoriserte finansielle rådgivere.
Den Norske Aktuarforening
Aktuarar er ekspertar i forsikringstekniske utrekningar. Føremålet til Den Norske Aktuarforening er å verke til å fremje dei interessene som sameinar dei norske aktuarane.
Egenkapitalbevis.no
Egenkapitalbevis.no er eit eigenkapitalinstrument for sparebanknæringa, med klare likskapstrekk med aksjar. Denne nettstaden frå Sparebankforeininga gjev oppdatert informasjon.
Finansregisteret.no
Nettstaden er basert på Norsk Sparebank Årbok og Finansårbok, og gjev ait oversyn over bank- og finansnæringa i Noreg, dvs. bankar, kreditt- og finansinstitusjonar. Noko informasjon her er gratis; innhald som går i djupna krev abonnement.
ID-tyveri
Test kor utsett du er for ID-tjuveri, og lær meir om identitetstjuveri og identitetssvindel. Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) står attom tenesta.
Nettvett.no
Nettstad med informasjon, råd og rettleiing om sikker bruk av Internett - retta mot både private brukarar og små og mellomstore verksemder. Bak tenesta står Post- og teletilsynet.
Sjøassurandørenes Centralforening (CEFOR)
Organisasjonen for aktørar innanfor sjøforsikring. Arbeider for å styrkje og utvikle den norske sjøforsikringsmarknaden.
Skadesiden.no
På desse internettsidene vil du få rettleiing om korleis du som skadeliden set fram krav om erstatning overfor forsikringsselskap og andre skadevaldarar, samt kva tilhøve du bør vere merksam på.
Trafikkforsikringsforeningen
Forsikringsselskap som vil tilby trafikkforsikring i Noreg pliktar til å vere medlem i denne foreininga. TFF handterer mellom anna skadar som ukjende står bak, evt. uforsikra og utanlandske motorvogner.
Yrkesskadeforsikringsforeningen
YFF har mellom anna til oppgåve å handsame erstatningskrav frå uforsikra arbeidstakarar, dvs. dersom arbeidsgjevaren din ikkje har teikna lovpålagd yrkesskadeforsikring.
Mer enn en bank
Om korleis reklamen set lys på den nye konkurransesituasjonen til bankane. Hovudoppgåve frå Institutt for medievitskap, UIB.
Norsk Naturskadepool
Nettstaden informerer om poolordninga, ei ordning som sikrar dekning mot naturskadar for alle som har teikna brannforsikring.
Norsk Sjøforsikringsplan
Norsk Sjøforsikringsplan 1996, versjon 2002.
Restverdiredning (RVR)
Informasjon om RVR-biler og om hvordan brannvesen og forsikringsnæringen samarbeider om å redde mest mulig av verdier ved branner, vannlekkasjer m.m.