Betalingstenester
Nettsider redaksjonelt vurdert
ATEKST
Ei sentral kjelde i Noreg som let deg søkje i Aftenposten sitt tekstarkiv f.o.m. januar 1984 og dessutan i arkiva til Dagbladet, Dagens Næringsliv, NTB, Bergens Tidende, Avis 1 og Hvem Hva Hvor f.o.m. 1995-utgåva. Eit søk gir deg ei liste med titlane på artiklane. Ønskjer du å sjå innhaldet, må du vere abonnent. Artiklane blir lagde inn seinast 48 timar etter at dei stod på trykk.
Norart Norske tidsskriftsartikler
Denne tenesta frå Nasjonalbiblioteket gjev referansar til artiklar i eit utval norske tidsskrift og årbøker. Tenesta inkluderer høve til å tinge kopiar og er berre tilgjengeleg gjennom abonnement.
HighBeam (usa)
Stor base med artiklar, bøker, bilete osb. Men du må betale abonnement for å få tilgang. Tidlegare kjend under namnet eLibrary.
Mediearkivet (se)
Elektronisk arkivteneste som let det søkje i kva som er skrive i svenske aviser (som Aftonbladet, Göteborgs-Posten, Svenska Dagbladet m.fl.) og tidsskrift. Dei tilbyr også ei nyhendeagent-teneste. Ulike pris- og abonnementstilbod (gratis prøveperiode).