Musikkportalar
Nettsider redaksjonelt vurdert
Myspace.com: Music (usa)
Enormt populær nettside (community) der kjende og ukjende artistar og band får høve til å legge ut låtar og informasjon om seg sjølv. Sida inneheld musikk frå over 500 000 artistar og grupper, har over 38 millionar brukarar og tilbyr fritekstsøk og alfabetisk søk.
Søk i nettsidene til så godt som alle tenkelege band og artistar! Skriv inn namnet i søkjeruta!
Artistdirect (usa)
Ei av dei beste og mest pålitlege kildene til musikk av vår tid. Lytt til til dømes ny musikk, sjå kva for eit som er vekas band, eller søk etter din favorittartist.
Musikk.no
Ein nyhendeportal for musikklivet, og informasjonskanal for Norsk musikkråd og andre musikkorganisasjonar.
All Music Guide (usa)
Ei bra teneste som gjev deg vurdering av nye utgjevingar, masse artist - og bandinformasjon, diskografiar med meir.
BBC: Music (uk)
Utruleg bra og omfattande side som inkluderer nyheiter, meldingar og biografar innanfor dei fleste musikksjangrar.
Google: Music (usa)
Hierarkisk inndelt musikkressurs med ei mengd ulike kategoriar.
LP33.tv (usa)
Musikkteneste der du kan gå inn på profilane til musikarane, høyre songar, sjå videoar og reportasjar m.m. Artistane lagar sine eigne profilar.
Mediateket: Rockheim
I Mediateket viser «Det nasjonale opplevingssenteret for pop og rock» Rockheim utvalde delar frå samlingane sine av dokument og gjenstandar frå norsk populærkultur. Her kan du navigere deg gjennom ulike kjelder frå norsk pop og rock.
MOG (usa)
Ein av verdas mest populære musikkbloggar.
MTV (usa)
Alle musikk-kanalars mor. I tillegg til fjernsynsrelaterte nyhende finn du også mykje bandinformasjon, videoklipp, hitlister m.m.
Musicnodes
Nettstad for publisering og deling av musikk. Let deg spele av musikk direkte fra nettstaden eller bloggen din og dele musikk gratis utan registrering. Dersom du registrerar deg kan du òg lage musikknodar og tene pengar.
Musiker.no
Internettside av, for og med musikarar. Her finn du informasjon både for profesjonelle musikarar og dei som har musikken som hobby.
Gnoosic (de)
Nettstad der du kan oppdage ny musikk bygd på kva du likar frå før. Tast inn dei tre favorittbanda dine, og så vil tenesta finna tilsvarande musikk.
IVideosongs (usa)
Teneste der du kan få gitartimar frå røynde gitaristar. Dekkjer over sjangrar som klassisk, folk, country, indie, rock m.m.
RCRD LBL (usa)
Plateselskap og distribusjonsteneste der du kan finne musikk av nye spanande artistar, dessutan nokre etablerte som vil dele musikken sin gratis. Tilrådd!
Rockblogg.no
Blogg med fokus på alle sjangrar innanfor rockeomgrepet.
Setlist.fm (li)
Wikiside der det vert samla og delt setlister (songane artisten eller bandet spelte på ein spesifikk konsert).
Ballade
Musikkinformasjonssenteret si eiga nettavis med nyhende, pressemeldingar og lesarbrev relatert til heile breidda i norsk musikkliv.
Fjalar: Musikk
Her finn du omtalar, oversyn over utgjevingar, biografiar og musikkvideoar av artistar og band frå inn og utland.
Lokalmusikk.no
Musikkportal for lokale musikarar i Modum, Sigdal, Krødsherad og Øvre Eiker med nyhende om konsertar og plateutgjevingar.
musikknorge.org
Portal som hjelper deg med å finne norsk musikk på MySpace.
Sol.no: Musikk
Oversyn over aktuelle og relevante musikkressursar på Internett.
Demotape
Innhaldet på nettstaden er generert av medlemene sjølve og handlar om songar og bilete av norske artistar som ønskjer å publisere verka sine og namnet sitt.
Musikkdiskusjon.no
Norsk Musikkforum, diskusjon av musikk med andre musikkinteresserte.
Channel [V] (int)
Internasjonal musikkkanal for Australasia og Asia. Har eigne avdelingar i Australia, Kina, India, Taiwan, Thailand, Korea samt ein internasjonal.
MTV Europe (uk)
MTV Europe fokuserer på nettop europeisk musikk.