Utenlandske plateselskaper
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Atlantic Records (usa)
Amerikansk plateselskap som blant anna har AC/DC, The Darkness, Missy Elliott og Snoop Dogg i stallen.
Blue Note Records (usa)
Legendarisk selskap som utgjev mellom andre Miles Davies, Al Green og den unge - og svært lovande - Norah Jones.
Decca Records (uk/usa)
Tradisjonsrikt plateselskap som mellom andre hadde Rolling Stones, Everly Brothers, Tina Turner og Roy Orbison i stallen. I dag er det Universal som eig dei og det er eit leiade merke for både klassisk musikk og «Broadway-musikk».
Def Jam Recordings (usa)
Amerikansk hip-hop-plateselskap som Universal eig og som opererer som ein del av Island Def Jam Music Group. Har mellom andre Jay-Z, Nas, Method Man, Kanye West, Ludacris, LL Cool J og The Roots i stallen.
Ed Banger Records (fr)
Fransk plateselskap som opererer i landskapet innanfor elektronisk musikk. Kjent for å eksperimentere og blande sjangrar.
Ipecac Records (usa)
Plateselskapet til Mike Patton er ein rimeleg «sær» label. Vårt norske alibi som har kontrakt med Ipecac er Kaada.
!K7 (de)
Legendarisk plateselskap som gjev ut omtrent alt det som er verdt å få med seg av tilbakelent og groovande elektronika.
Motown Records (usa)
Legendarisk amerikansk plateselskap som stod bak Surpremes, Stevie Wonder, Michael Jackson, Erykah Badu og ei rad andre som har hatt stor innverknad på popmusikken.
Napalm Records (at)
Plateselskap med høve til online bestilling av musikk.
Necropolis Records (usa)
Plateselskap for skandinavisk metal-musikk. Selskapet har hovudsete i California. Informasjonsrike nettsider.
Ninja Tune (uk)
Plateselskap i London som først og fremst opererer i det elektroniske landskapet; abstrakt hip-hop, instrumental hip- hop, Nu-Jazz, drum 'n bass og chillout-musikk.
RCRD LBL (usa)
Plateselskap og distribusjonsteneste der du kan finne musikk av nye spanande artistar, dessutan nokre etablerte som vil dele musikken sin gratis. Tilrådd!
Roc-a-Fella Records (usa)
Plateselskapet til rappar Jay-Z. Har rundt tjue artistar på labelen sin.
SubPop (usa)
Seattle-basert uavhengig plateselskap med artistar som t.d. Iron and Wine og The Postal Service.
Thrive (usa)
Uavhengig plateselskap som tildlegare i hovudsak satsa på elektronisk musikk, men som no også har markert seg innanfor rock.
Verve Records (usa)
Amerikansk plateselskap som er eigde av Universal. Har hatt legender som mellom anna Count Basie, Charlie Parker, Bing Crosby og Billie Holliday i stallen.
XL Recordings (uk)
Uavhengig britisk plateselskap som blant anna har stått bak Basement Jaxx, The White Stripes, Thom Yorke og Dizzee Rascal.
ANTI- (usa)
Nettsidene til det amerikanske plateselskapet som ønskjer å spesialisere seg på musikk der artisten sjølv har mesteparten av makta over det ferdige produktet. Har veteranar som Tom Waits, Nick Cave og Marianne Faithfull i stallen.
!K7 Records (de)
Populært plateselskap som er kjent for å gje ut noko av den mest varierte musikken i electronicasjangren.