Litterære organisasjonar
Nettsider redaksjonelt vurdert
Den norske Forfatterforening
Føremålet til foreininga er å verne og fremje norsk litteratur og ivareta interessene til norske forfattarar.
Den norske Forleggerforening
Bransjeforeining som arbeider for forsvar av ytringsfridom og opphavsrett, styrking av vilkåra for litteraturen og posisjonen til forlagsbransjen, i tillegg til dei faglege og økonomiske interessene til bransjen.
Den norske Bokhandlerforening
Bransjeorganisasjon for alle bokandlar, samanslutningar av slike.
Foreningen !les
Foreininga har til føremål å fremje og mobilisere leselyst blant barn og unge, slik at det igjen vil føre til betre leseopplæring og lesekunne hos denne aldersgruppa i Noreg.
Lesersokerbok.no
Lesersokerbok.no er ein allianse med over 20 organisjonar som jobbar for at alle skal ha tilgang til litteratur i Noreg. Foreininga står bak nettstaden Boksok.no.
Litteraturhuset
Frå kjellar til loft er huset i Wergelandsvegen 29 vigd til litteratur. Her vert det utført litteraturarbeid gjennom tilskipingar for vaksne, barn og ungdom, forfattarbesøk og andre faste innslag. Her finst det òg skriveloft for forfattarar og skribentar, itillegg til bokhandel og ein kafè. Verksemda vert driven av Stifting Litteraturhuset.
Norsk Forfattersentrum
Foreininga driv med levande formidling av samtidslitteraturen og er ei formidlingsteneste for skjønnlitterære forfattarar.
Norsk Oversetterforening
Ei foreining for skjønnlitterærer omsetjarar. Sida inneheld m.a. informasjon, avtalar og føremål.
Bokbyen ved Skagerrak
Bokbyen i Tvedestrand inneheld både antikvariat drivne på profesjonell basis, «dugnadsantikvariat» og bok-krokar i fleire av dei eksisterande bedriftene i sentrum.
Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet
Litterært akademi som arbeider for å fremje litteratur og kunnskap, men også litterære og kulturelle ytringsformer som tilhøyrer andre kulturkretsar. Deler også ut den årvisse Bjørnsonprisen.
Camilla Litteraturforening
Litteratur- og kulturhistorisk foreining for kvinner.
Den norske bokbyen i Fjærland
Fjærland er ein liten tettstad med bruktbokhandel som dominerande særpreg. Bokbyen er oppe heile sommaren, og boknatta er i slutten av juni. Sogn og Fjordane.
Gabriel Scott Selskabet
Foreininga fremjar litteraturen til Gabriel Scott, en sørlandsdiktar som levde frå 1874-1958.
GarborgDagane
Organisasjonen har som føremål å spreie kunnskap om og kjennskap til Hulda, Arne Garborg og livsverka deira.
Hamsun-Selskapet
Selskapet har føremål om å fremje interesse for verka til Knut Hamsun, spreie kunnskap om forfatterskapen og stimulere til forsking.
Holbergprisen
Minnepris for framifrå vitskapleg arbeid.
Leser søker bok
«Leser søker bok» er ei foreining av organisasjonar som ønskjer å betre vilkåra for litteratur som er lettare å lese.
Nordnorsk Forfatterlag
Organisasjon for forfattarar i regionen.
Norsk Fortellerforum
NFF er ein organisasjon for forteljarar og for menneske med interesse for munnleg forteljing.
Rasmus Løland-markeringa
Ei ideell stifting som skal arbeide for å markere livsverket til forfattaren, journalisten og samfunnsbyggjaren Rasmus Løland.
Stavanger Fribysenter
Eit engasjement for Stavanger som friby for forfølgde forfattarar.
Undset, Sigrid: Selskapet
Veneforeining stifta etter initiativ frå Sigrid Undset-dagene, Norsk Litteraturfestival.
Unge Lovende Forfatteres Forening (ULFF)
Foreining for skriveglade sjeler i alderen 13-45. Har ungdomsgruppe. Held til i Oslo, men har medlemer over heile landet.
Wergelandakademiet
Stiftinga byggjer på Henrik Wergeland og Ingeborg Refling Hagens folkeopplysningstanke og spring ut ifrå Suttungrørsla. Dei tilbyr seminar og leirar.