Fagforlag
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Gyldendal Akademisk
Informasjon om forlaget og utgjevingane.
Gyldendal Fakta og dokumentar
Skal vere Skandinavias leiande livsstilsforlag.
Gyldendal Undervisning
Gyldendal Undervisning er eit av dei største læremiddelforlaga i Noreg.
Universitetsforlaget
Forlaget sine sider inneheld søkjefunksjon, diskusjonsfora og informasjon m.m. No kan du også handle over nettet.
Abrakadabra Forlag
Verksemda byggjer på grafisk formgjeving og fotografi, med hovudvekt på profesjonell informasjonsformidling.
Ad Infinitum AS
Forlaget Ad Infinitum AS spesialiserer seg på utgjevingar av fagbøker, lærebøker og konferanserapportar.
Agropub
Nettstad for økologisk landbruk. Behandlar ulike fagtema innanfor fagfeltet, som gjødsling, plantedyrking, dyrehald m.m. Gir ut økolitteratur, materiell som omhandlar økologisk landbruk. Eigen netthandel.
Akribe
Dei viktigaste fagområda er sjukepleie, medisin, humanistiske fag og helse- og sosialfag innanfor høgare utdanning, og estetiske fag på alle nivå.
Amalie Forlag
Bøker om video og CDROM.
Angerman AS
Forlag for tryggleiksopplæring, maskinføring og truckkurs.
Antropos Forlag AS
Forlag, bokklubb og bokhandel, den sentrale staden for utgjeving og sal av antroposofisk litteratur i Noreg.
Arbeid med ord, læremidler AS
Forlag dom distribuerer undervisingsmateriell meint for barn, undom og vaksne med lærevanskar.
ARFO
Forlag for arkitektur, kunst og kulturhistorie.
Asbjørnsen Forlag
Forlag som først og fremst satsar på reise-, natur- og praktbøker, dokumentarar, kultur og fakta, praktiske nyttebøker og alternativ litteratur.
Askerforlaget
Fagområde og emne i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Bjørgu AS
Forlaget gjev ut tidsskrifta A&T Bruktmagasin, Anlegg & Transport, Moderne Transport, Transport Inside, Logistikkmagasinet og Transporthåndboken.
Bokstudio
Forlag og kurssenter med vekt på personleg utvikling. Blir drive av Kristin Bae Mysen.
Butterfly Forlag
Bøker om sorg og sjølvhjelp er noko av det forlaget kan tilby.
Byggenæringens Forlag AS
Utvikling, produksjon og distribusjon av læremiddel til opplæring og etterutdanning i byggjenæringa.
Cappelen Damm
Forlagshusa Cappelen og N.W. Damm & Søn AS fusjonerte i 2007. Forlaget Cappelen Damm er ein del av Egmont-konsernet. Nettsida inneheld informasjon om eit stort utval av bøker i alle sjangrar, dessutan kart, lydbøker og spel. Nettbutikk og bokklubbar.
Caspar Forlag AS
Spesialfeltet er lærebøker i matematikk, matematikk fagdidaktikk og pedagogikk for lærarutdanninga. Gjev i tillegg ut tidsskriftet «Tangenten».
Clue Norge
Firma med eigen nettbutikk som sel elektroniske ordbøker innanfor eit variert utval av fagområde. Med høve til å laste ned ein demoversjon i 30 dagar.
CyberBook
Side til dataforlag som gjev ut pedagogisk programvare på CD-ROM. Utviklar eigne program samtidig som dei distribuerer for andre forlag.
Dalsnes Forlag
Har gjeve ut bok om leik i fotball.
Damm Undervisning
Utviklar og leverer tidsrette læremiddel og fagpublikasjonar for utdanning og arbeidsliv.
Dance Forlag
Mette Lill Johansen er utdanna dansar, og gjev ut bøker om dans på sitt eige forlag.
DataPower Norge AS
Leverandør av teknologibaserte læremiddel på bok, CD og Internett.
Didakta Norsk Forlag AS
Hovudtyngda av utgjevingane ligg innanfor det pedagogiske fagområdet.
Dreyer Bok
Forlaget har utgjevingar med emne henta frå stavangerområdet, attåt annan fag- og skjønlitteratur.
Dyade.no
Forlag og tidsskrift om meditasjon m.m. Her kan du bestille bøker, lydkassettar og tidsskrift innan alternative emne.
E.A.C. Eikenes forlag
Gjev ut teologiske, filosofiske, musikkhistoriske og lokalhistoriske bøker, notar og CD-produksjonar.
ED.B. Giertsen Forlag
Forlaget tilbyr maskindagbøker.
Eduke AS
Fagforlag i Horten som leverer opplæringsmateriell innanfor områda IT, metodikk og publisering.
e-forlaget
Forlaget er etablert for å produsere og utgje programpublikasjonar av høg kvalitet.
Einar Forlag
Einar Oterholm har gitt ut skriftlege arbeid som handlar om energi, energibruk, bioenergi, solenergi, varmepumper og inneklima.
Elektronisk Undervisningsforlag AS
Utviklar og sel lærebøker og dataprogram til grunnskular og trafikkskular.
Esstess-Forlaget
Verksemda er konsentrert kring forbruksvarer til skular, fagbøker til bruk i tema og prosjektarbeid, lettlesne bøker og hjelpebøker til språkundervisning og kopieringsoriginalar.
Europa Forlag
Driv forlagsverksemd nasjonalt og internasjonalt med utgjevingar av bøker og andre publikasjonar.
Fagbokforlaget
Bøkene frå forlaget kan tingast over nettet.
Falken Forlag
Gjev ut progressiv litteratur med marxismens klassikarar som spesialfelt.
Focus Forlag AS
Fagbokforlag som bl.a. gjev ut kompendium, oppgåvesamlingar og arbeidshefte innanfor forretningsjus og næringsliv.
Folium Forlag
Bokutgjevingar, omsetjingar, translatørservice og kurs.
ForfatternesForlag
Stiftinga skal formidle opplysing og kunnskap om samar og samiske forhold til det samiske samfunnet og til interesserte utanfor dei samiske miljøa.
Forlag 1
Gjev ut bøker om bøker innanfor retorikk, språk, humaniora, juss, samfunnsfag, økonomi og leiing.
Forlaget Fag og Kultur
Gjev ut læremiddel for grunnskule, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.
Formatic
Spesialleverandør av tekniske språktenester.
Form IT
I tillegg til tradisjonelle bokutgjevingar arbeider firmaet òg med utvikling av data og e-bøker.
Forstå FLASH
Står bak bokserien «Forstå Flash».
Fortellerforlaget
Gjev bl.a. ut tøybokserien «Kosebok» for barn, attåt både fag- og skjønlitterære bøker for vaksne.
Forum Bjørndal
Halden-forlaget har til føremål å gje ut bøker og artiklar med lokalhistorisk og utdanningshistorisk innhald.
Freidig Forlag
Forlaget gjev ut fagbøker, skrivne av bl.a. Jon-Roar Bjørkvold.
Fritt og Vilt
Norsk forlag med venstreradikal profil. Har nettbutikk.
Futhark Forlag
Gjev ut bøker innanfor filosofi, medisin, alternativ medisin, indologi og nærliggjande emne.
Gaidaros Forlag AS
Tilbyr bøker innanfor reise, kunst og handverk, arkitektur, historie og filosofi. Fleire titlar for grunnskule, vidaregåande og høgskule.
Gan Aschehoug
Tilbyr litteratur innanfor grunnskule, media og kommunikasjon og
naturbruk.
Glittertind Forlag AS
Forlag og biletbyrå som tilbyr produkt med fjell som hovudtema og motiv.
Gyldenstierne Forlag AS
Lite forlag stifta i 1999, som for det meste gjev ut lokalhistorisk stoff frå Fredrikstadområdet.
Hagens Forlag
Forlaget gjev ut brannteknisk litteratur.
HelPed AS
Tilbyr fagbøker innanfor medisin.
Høyskoleforlaget
Satsar på lærebøker og fagbøker for alle nivå og typar utdanning: Universitet, høgskular, vidaregåande skular og grunnskular.
IDG Norge Books AS
Databokforlag som m.a. gjev ut nyheitsavisa Computerworld Norge og magasinet PC World Norge. Leverer materiell innanfor områda sertifisering, Java, Internett, Office, Linux, nettdesign, programmering, nettverk, Mac og databasar.
Indre Ledelse Forlag AS
Forlaget tilbyr bøker innanfor bl.a. alternativ medisin og uvanlege fenomen m.m.
Info Tjenester AS
Den leiande leverandøren i Noreg av tilarbeidd juridisk informasjon innanfor fagfelta personal, løn og rekneskap. I tillegg tilbyr dei internkurs innanfor dei same fagområda.
Info Vest Forlag
Info Vest Forlag har sidan 1983 levert varer og tenester til skular, barnehagar og PPT-kontor over heile landet.
IT-forlaget
Forlag som sel eigenutvikla bøker og programvare. Gjev også ut bøker for Microsoft-programma.
Jerusalem Forlag ANS
Lærebøker i hebraisk på norsk.
Kommuneforlaget
Distribuerer produkt og tenester som skal dekkje sentrale behov for informasjon og kunnskap i offentleg sektor, med spesiell vekt på kommunesektoren.
KompendiumKomiteen
Gjev ut kompendium i fleire sentrale fag for norske høgskular og universitet.
Kompetanse Forlaget AS
Leverer handbøker i personal-, økonomi-, leiings-, HMS- og kvalitetsarbeid. Handbøkene finst på Internett og papir.
KPT Naturfag AS
Leverandør av læremiddel innanfor naturfaga biologi, kjemi og fysikk med eigen nettbutikk.
Kulturbro Forlag
Lite forlag som arbeider for å fremje kulturforståing, språkutvikling og integrering gjennom utveksling av litteratur mellom ulike kulturar og på ulike språk.
Labyrith Press
Forlag for kunstbøker i Noreg som publiserer bøker og monografiar om norske biletkunstnarar.
Last og Buss AS
Forlaget gjev ut bøker innanfor fagfeltet store køyretøy som buss og lastebil.
LEX - Norsk Samfunnsinformasjon AS
Handsamar og formidlar aktuell informasjon til skule- og helsesektoren og gjev ut bøker, tidsskrift, hefte og elektronisk materiell.
Libretto Forlag
Faktabøker for ungdom og vaksne, barnebøker, hjelp til sjølvhjelp m.m.
Libro Forlag AS
Libro Forlag AS ønskjer å vere den leiande informasjonskanalen og leverandøren av kunnskapar og hjelpemiddel til menneske som arbeider med sal, salsleiing og kundeserviceleiing.
Læremiddelforlaget AS
Forlaget har spesialisert seg på litteratur innanfor vaksenopplæring.
Læringsforlaget
Forlaget har vaksenopplæring i fokus og gjev ut bøker om vaksenpedagogikk og andre relevante tema kring dette.
Løvetannen Læremidler
Læremiddel for grunnleggjande skrive- og lesetrening. Eigen nettbutikk.
Mangschou AS
Lite forlag på Bryggen i Bergen.
Matematikkforlaget
Matematikkforlaget tilbyr lærebøker i matematikk for den vidaregåande skulen.
Messel Forlag AS
Forlaget gjev ut fagbøker om biletkunst, kultur og historie, mat og drikke, attåt bøker for hus, heim og hage.
MikroVerkstedet AS
Tilbod til alle som er opptekne av pedagogisk programvare.
Minor Forlag
Lite spesialforlag for læremiddel i norsk som andrespråk. Kan tinge bøkene på nettsida.
Musikkspill-lopper
Undervisingsmateiell for barne- og ungdomsskulen i drama og musikk.
Nautisk Forlag AS
Alle typar sjøkart for skandinaviske farvatn kan du tinge her. Også kart for Middelhavet, Karibia og antikke kart. Har òg maritime bøker, elektronikk og navigasjonsutstyr.
NKI Forlaget
Forlaget har faglitteratur innanfor vidaregåande skule, almenne fag for yrkesfaglege studieretningar, i tillegg til bøker på høgskulenivå, trafikk og transport og innanfor teknisk fagskule. Her kan du tinge over nettet.
Norsk Fakta Forlag
Gjev m.a. ut Noregs mest selte temabokserie.
Norsk Sjakkforlag
Sidene presenterer sjakklæring på grunnleggjande nivå med utgjevingar av lærebøker i sjakk.
Novus
Publiserer vitskaplege avhandlingar, lærebøker og tidsskrift for universitet og høgskular. Gjev også ut fagbøker for allmennmarknaden og lærebøker for vidaregåande skule.
Pandora Forlag AS
Tilbyr bl.a. serien «Din egen advokat» med dokument som testament, sambuaravtale, ektepakt og separasjon/skilsmål.
Pearson Education (usa)
IT-relaterte bøker.
Pedagogisk Forlag
Sel pedagogiske bøker til grunnskulen. Bøkene er skrivne av Odd Haugstad.
Pedagogisk Psykologisk Forlag AS
Utgjev faglitteratur med fokus på samhandling; i klasserommet, ved bedriftsutvikling og i kvardagen, dessutan bøker om skulen, for skulefolk og foreldre, og spesialpedagogiske tiltak for førskuleborn. Har eigen nettbutikk.
Roskva Forlag
Gjev ut bøker og hefte av Tone og Fritz C. Holte.
Schibsted Forlag
Noregs leiande faktabokforlag.
Simplicatus AS
Firmaet utgjev læremateriell for realfagslærarar. Eksempel er spel, kurs, «den matematiske koffert» m.m.
Skagerrak Forlag AS
Forlaget gjev ut både fag- og skjønlitteratur. Bestilling på nettet.
Skarland Press AS
Forlaget gjev ut tidsskrift og bøker innan fagområda VVS- og klimateknikk, emballering, næringsmedelindustri og målarfaget. I tillegg er dei arrangørar av messer og kurs innanfor bransjene.
Skoleservice
Her kan du bestille eksamenshefte i matematikk over nettet.
Skoletjenester
Kombinert forlag og tenesteytande selskap med hovudarbeidsområde innanfor skuleprøver, informasjon om skuleval og utdanning.
Solum forlag
Gjev m.a. ut tilrettelagte faglitterære bøker.
Spartacus Forlag
Breitt spekter av faglitteratur.
Spektrum Forlag
Forlaget gjev hovudsakleg ut faktabøker for barn og vaksne.
Sypress Forlag
Spesialiserer seg på bøker om Balkan (særleg det tidlegare Jugoslavia), og bøker innanfor humanistiske fagområde.
Tapir Forlag
Akademisk forlag eigd av Studentsamskipnaden i Trondheim. På sidene er det m.a. nyttige tips for fagbokforfattarar.
Teknisk Forlag ANS
Forlaget tilbyr bøker og materiell for grunnskulen.
Tell Forlag
Gjev ut faglitteratur om mat og hobby og om dei sceniske og dei visuelle kunst- og formgjevingsfaga.
Transit AS
Forlaget gjev ut bokserien P2-akademiet, som er NRK P2s radioforedragserie i bokform. Transit samarbeider med Vidarforlaget AS om nettbutikken Kultbok.
Undervisningsforlaget
Leverer opplæringsprogram. med høve til å tinge på nettet.
Unipub AS
Unipub forlag er eit fagbokforlag som rettar seg mot universitets- og høgskulesektoren.
Vett & Viten
Forlaga tilbyr læremiddel for vidaregåande skule, høgskule og universitet.
Vidarforlaget AS
Forlaget gjev ut fagbøker og spesialiserer seg mellom anna på Platon og hans samla verk. Samarbeider med forlaget Transit AS om nettbutikken Kultbok.
Vigmostad & Bjørke
Forlag i Bergen som utgjev vinbøker, klassikarar, biografiar og krim m.m. Nettbutikkløysing.
Visdomsskolen
Firmaet har som føremål å utbreie den tidlause visdomen slik han kjem til uttrykk i mysterietradisjonen i Vesten. Skulen tilbyr bøker og kurs i emne som Kabbalah, rosenkorsfilosofi og esoterisk kristendom.
Vistt AS
Firmaet leverer eigeutvikla løysingar for e-business og internettenester, dataopplæring, og kunnskapsstyring.
Vågemot miniforlag
Tekstar om og av sentrale personar i norsk polarhistorie, t.d. Roald Amundsen. Det er mogleg å tinge nokre av tekstane.
Yrkesforlaget AS
Utgjev fag- og lærebøker innanfor eit breitt spekter av fagområde.
Yrkeslitteratur AS
Fagbøker og lærebøker for yrkesfag.
Økonomiforlaget
Tilbyr læremiddel innanfor økonomi, rekneskapg, IKT m.m. Er organisert som ei eiga eining i Fagbokforlaget.
Økonomiforlaget
Ei eiga eining i Fagbokforlaget. Læremiddel for vidaregåande skule, med vekt på økonomifag.
ØL Forlag
Målsetnaden til forlaget er å tilby kokebøker til alle som er glade i god mat og drikke.