Kulturfestivalar
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
400meterkunst
To vekers kunstfestival om hausten. Over 75 kunstnarar frå heile landet stiller ut i over 50 butikkar i Vangsgata på Voss.
Bjørgvinmarknad
Årleg viking- og middelalderfestival som vart arrangert første gong i 2004.
Blåfrost-festivalen
Festivalen vart starta etter initiativ frå kulturinteresserte i Saltdal handelsstand og kommune.
Borealis Vinterfestival
Festival med aktivitetar under nordlyset, snø og iskunst, teater, konsertar, marknad i Bossekop, snøskutercross og Finnmarksløpet.
Dei Nynorske Festspela
Arrangerast årleg siste helga i juni på Ivar Aasen, samt andre stader i Volda og Ørsta.
Eat the Rich
Ikkje-kommersiell, anti-kapitalistisk alternativ festival på Svartlamoen derr små grupper og einskildpersonar kan setje i gang sine eigne arrangement.
Et Årsverk 2005
Kulturfestival arrangert av Stabekk Kino & Kulturhus. Tre dagar med musikk, litteratur, mat, kunst og fest. Her finn du program og ytterleg informasjon om hendinga.
Festivaler Karasjok
Stiftinga har som føremål å arrangere og gjennomføre festivalar og messer i Karasjok.
Finnskogdagene
Kulturhistoriske dagar på Finnskogen. Blir arrangert andre helga i juli kvart år.
Folkekulturfestivalen
Folkekulturfestival på Beitostølen.
Fortellerfestivalen
Vert arrangert kvart år på Det Åpne Teater. Framsyningar med dei høgast akta forteljarane frå Noreg og resten av verda.
Galleria Kunstfestival
Noregs lengste galleri i Nord-Noregs lengste samanhengjande bevarte trehusbygg. Biletkunst, foto, materialbilete, skulptur, musikk, film, handverk m.m.
Herøydagan
Tre dagars arrangement med kulturelle innslag, utstillingar, fiskekonkurranse, rafting, St. Hans-fest m.m.
Kraftfestivalen
Årleg kulturfestival i Askim, Austfold med musikk, revyinnslag, poesi og litteratur, biletkunst og kulturaktivitetar for born m.m.
Kristiansund Kyrke Kunst og Kulturfestival
Festival med musikk, biletkunst, teater, dans og litteratur med tilknyting til kyrke og kristendom. Det overordnna målet er å styrkje band mellom kulturlivet og kristendomen.
Kulquinox
Kulturfestival som holdes årlig i Sandvika, Bærum.
Kulturdagan i Valnesfjord
Arrangement og seminar under den årlege avviklinga av Kulturdagan i Valnesfjord. Her finn du òg program og bilete.
Kulturfestivalen Volum
Festivalen byr på et variert program med konsertar, kunstutstillingar, dans, filmvisingar m.m. Arrangert første gang i 2003.
Kulturnatt Haugesund
To dagar og netter fulle av kulturelle innslag som musikk, utstillingar, teater, poesi og lyrikk, foredrag og mykje, mykje meir.
Kunst & sånn: Kunstfestival
Kunstfestival i Mandal med kunstnararog kunsthandverkarar som stiller ut og demonstrerer arbeida sine.
LIAF
Biletkunst laga av kunstnarar frå ei rekke land verda rundt vert vist i både originale og ordinære settingar.
Lundefestivalen
Kultur- og naturfestival der festivaldeltakarane vert oppdaterte på sjøfuglflokken tilstand.
Markomeannu
Årleg samefestival i Troms, med kunstutstillingar, forteljararrangement, teaterframsyningar, samisk dansetilstelling, musikk m.m.
Momentum
Nordisk festival for samtidskunst annakvart år i Moss.
Morellfestivalen
Skipar mellom anna til offisielt NM i Morellsteinspytting.
Målselv Snøfestival
Snøfestival med snø og is som materiale for å lage skulpturar, aktivitetar og folkefest, i tillegg til snøforming.
Naturfestivalen
Festivalen byr på eit allsidig program med bl.a. klatring, riding, oppdagingstur til Raudøya, fjellvandring, båttur, paragliding, fotokurs og -konkurranse, vinseminar, plattingdans, småbåttreff og kjerringtorg.
Nordic light
Den største fotofestivalen i Nord-Europa let fotografiet knyte saman ulike kunst- og kulturuttrykk, alt frå filosofi til fotball.
Nordnorsk ungdomskulturfestival
Kulturfestival i Harstad for ungdom i alderen 13-18 år der det vert arrangert verkstader innanfor områda dans, teater, musikk, film og kunst. Ungdomsfestivalen er ein del av dei Nord-Norske festspela.
Norsk Fjellfestival
Festivalen vert skpa til i Romsdalsfjellet i perioden 6 - 12 juli 2009. Friluftsliv er i fokus, og det vert skipa til fleire kulturelle hendingar.
Nytelsesfestivalen
Festivalen byr på kunstutstillingar, konsertar, erotikk- og tangotorg, danseframsyningar, seminar m.m.
Olsok i Tolga
I Tolga er feiringa av Olav den Heilage på fødedagen hans 29. juli, er ei vekelangt tilskiping med små og store tilskipingar rundt i regionen.
Oslo Fashion Week
Moteveka i Oslo går av stabelen to gonger i året og har til føremål å presentere norsk design for publikum, presse og innkjøparar. På nettsidene finn du program, designarar og kontaktinformasjon.
Oslo Kulturnatt
Liker du kultur og nattlege opplevingar? Denne natta byr på båe delar. I tillegg opnar dei bygningar som normalt ikkje er opne for publikum. Det er Oslo kommune ved Kultur- og idrettsetaten som står bak arrangementet.
Oslo Middelalderfestival
Om den årvisse Mellomalderfestivalen i Middelalderparken i Oslo.
Oslo Open Kunstfestival
Kunstnarar i Oslo opnar ateliera sine for ålmenta. Arrangementet vil ha aktivitetar i heile Oslo med kunst både over og under grunnen, i bakgardar, på T-bana, i sentrum m.m.
OttaMartnan
Salsutstilling med bl.a. husflid- og handverksmesse, tivoli og måleriutstilling av lokale målarar.
Prøysenfestivalen
Prøysenfestivalen Blåklokkevikua er ein årleg kulturfestival med mellom anna song, musikk, teaterførestillingar og forteljarstunder.
Rennebumartnan
Salsutstilling for tradisjonsrike og moderne husflidprodukt krydr med kulturinnslag i kommunesenteret Berkåk.
Riddu Riddu
Riddu Riddu Festivála er ein samisk kulturfestival og ein internasjonal urfolkfestival. Sida gir informasjon om festivalen på samisk, norsk og engelsk.
Rumifestivalen
Årleg, internasjonal festival i november som involverer alt frå scenekunst, musikk og litteratur til foredrag, debatt og seminar. Festivalen er ein tverrfagleg og fleirkulturell møtestad for diskusjon, oppleving og utveksling i poeten Rumis ånd.
Røldalsmarknaden
Her er det kulturtilbod og mat tilsals for alle og einkvar. I tillegg vert det skipa til dans om kveldane. Festivalen vert halden i juni.
Sami Easter Festival
Samisk påskefestival og musikkfestival. Vert halden rundt påsketider.
Skeive dager
Stor festival og kulturarrangement for det skeive publikum. Vert skipa til i Oslo, og eit av høgdepunkta er paraden som verkeleg set farge på byen.
Skudefestivalen
Kystkulturmønstring i Skudeneshavn på Karmøy med båtar av alle kategoriar, dessutan konsertar, auksjonar og utstillingar m.m.
Sommerdagan: Kulturfest i Meløy
Kulturfest i heile kommunen, med rock og teater, kjende og ukjende utøvarar, kalveshow, kyrkjekonsert, bryggjekveld og stor utekonsert.
Stavanger2008
Stavanger-regionen hadde status som europeisk kulturhovudstad 2008. Meir enn 1100 store og små arrangement vart gjennomførde gjennom året.
Steinkjermartna'n
Folkefest med ei rekkje kunst- og kulturarrangement, marknad og tivoli m.m.
Ulsteinsdagane
Ulsteinsdagane blir arrangerte av Ulstein kommune, Ulstein Marknadsforum og Ungdomsrådet. Ulsteindagane skal vere glade og aktive dagar for kultur og handel.
Ultima
The Ultima Oslo Contemporary Music Festival er ein årviss internasjonal festival med moderne musikk og liknande kunstformer som dans og teater.
Vikingfestival på Egge
Kulturfestivaien er retta mot born og familiar og er halden på historisk grunn. Hit kjem artistar og handverkarar frå heile Europa.
Vinterfestuka i Narvik
Den best vitja kultur- og musikkfestivalen i Nord-Noreg. Her vert det arrangert konsertea, dans, kunstutstillingar, teater, konferansar m.m.
Ørje slusefestival
Festival på det eldste kanaliserte vassdraget i landet, med verdas eldste propelldrivne dampbåt. Det blir jazz i slusene, gamle handverkstradisjonar vert synst fram, det vert arrangert auksjon, barneteater og ei rekkje andre aktivitetar.