Sjøfarts-/kystmuseum
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Kon-Tiki Museet
Verdsborgaren Thor Heyerdahl vart kjend for heile verda gjennom ekspedisjonane sine. Kon-Tiki-museet stiller ut originalfartøy og anna utstyr som han brukte på dei eventyrlege reisene sine.
Norsk Fiskeindustrimuseum
Norsk Fiskeindustrimuseum vart skipa i 1991 som eit landsdekkjande museum for norsk fiskeindustri. På sida finn du meir informasjon.
Norsk Fiskeværsmuseum
Museet ligg i Sørvågen i Lofoten. På vevstaden kan ein bli med på ein guida virtuell tur i museumsbygningane. Teksten er på engelsk.
Norsk Sjøfartsmuseum
Museet ligg i Oslo, og har utstillingar som fortel om kystkultur og sjøfart, og dessutan ei utstilling av norsk maritim målarkunst. Her finn du årets program, informasjon om prisar og opningstider.
Norveg
Bli kjend med utviklinga i kyst-Noreg gjennom ei reise i senteret for kystkultur og kystnæring. Den flotte bygningen er også nominert til fleire prisar for arkitekturen sin. Senteret er lokalisert i Rørvik i Nord-Trøndelag.
Bergen Sjøfartsmuseum
Her finn du informasjon om utstillingane (skiftande og permanente), historikk og marinarkeologi m.m.
Frammuseet
Hovedattraksjonen i polarmuseet er polarskuta Fram frå 1892.
Hardanger Fartøyvernsenter
På museet vil du finne gamle båtar og fartøy, sjå gamle handtverk som skipstømring og båtbyggjing eller ta ein segltur med skuta Mathilde. Senteret ligg i Norheimsund i Hordaland fylke.
Herøy Kystmuseum
Museet rommar den gamle handelsbyen, slik han voks fram på 1800-talet med bygningar, interiør, fiskereiskapar og tradisjonelle båtar.
Hurtigrutemuseet
Museet ligg i Stokmarknes i Nordland. På vevstaden finn ein nokre bilete og informasjon om museet.
Ishavsmuseet
Føremålet til museet er å verne om historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å leggje til rette for studiearbeid og forsking.
Karmøy Fiskerimuseum
Ligg på Karmøy og presenterer ulike delar av fiskerihistoria. Her er det fleire akvarium, modellar som forklårer fangstmetodar, gammaldagse navigasjonsinstrument og ekkolodd. På nettstaden får ein meir informasjon om opningstidene og utstillingane.
Kvalvik Fort
Fortet er eit av dei best ivaretekne kystforta frå 2. verdskrigen og skildrar ein viktig del historie gjennom blant anna periodiske utstillingar. Etter avtale med kulturkontoret kan det formidlast guida turar med fleirspråklege guidar.
Lindesnes Fyr
Det første fyret i Noreg vart tent på Lindesnes i 1656. I fyrmuseet finn du spor etter meir enn 350 års fyr- og sjøfartshistorie.
Lofoten Tørrfiskmuseum
I Lofoten kjem tørrfisken til sin rett og i Å har han fått eit eige museum.
Lofotmuseet
Museet, som er regionsmuseum for Lofoten, ligg i Storvågan like vest for Kabelvåg og er bygd opp rundt ein gammal væreigargard.
Marinemuseet i Horten
Noko av det ein kan oppleve her er ein stor samling skipsmodellar og verdas første torpeobåt, elles får du sjå korleis fartya har vore utrusta gjennom tidene.
Museet i Mælandsgården
Museet gjev eit innblikk i korleis Skudeneshavn voks fram og i korleis fiske, sildesalting, handel og sjøfart har vore med å forme byen.
Museet Kystens Arv
Museet skal ta vare på kysthistoria på ein levande måte, og gjester har høve til å oppleve ekte kystkultur. Set også opp friluftsteatret «Den siste viking».
Nesvaag Sjø- og Motormuseum
Ei stor samling gamle båtmotorar, fiskeutstyr og båtar i eit maritimt miljø.
Nevernes havn
Fleirbrukssenter med fokus på tradisjonar innan jordbruk og fiske. Her finn du mange omfattande utstillingar som bygningar, reiskaper, kunstgalleri, krigsmuseum og informasjonssenteret for Lomsdalen Najonalpark.
Nordkappmuseet
Nordkappmuseet er eit ansvarsmuseum for kystkulturen i Finnmark og lokalmuseum for Nordkapp kommune. På sida finn du vidare informasjon.
Nordmøre Museum - Kristiansund
Dette er regionsmuseum for nordmørsregionen. Hovudområdet for museet er kystkultur med vekt på handverkshistorie, fiskerihistorie og skipsfart.
Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum
Museet i Troms har til føremål å ta vare på ein grunnstamme av fartøy i Nord-Noreg som er representativ for den maritime kulturhistoria i landsdelen.
Nordsjøfartsmuséet
Museet i Telavåg har tre faste utstillingar; Telavågstragedien, Nordsjøfarten og Shetlands-Larsen, i tillegg til skiftande utstillingar.
Saltstraumen museum
Saltstraumen Museum presenterer eit snitt av vår eigen særeigne kystkultur gjennom 10 000 år. Meir informasjon på heimesida.
Stavanger Museum
Tverrfagleg institusjon med samlingar og utstillingar frå fire avdelingar: Zoologisk avdeling, Kulturhistorisk avdeling, Stavanger Sjøfartsmuseum og Norsk Hermetikkmuseum.
Stavanger Sjøfartsmuseum
Stavanger Sjøfartsmuseum vart etablert i 1926. Vidare informasjon om museet finn du på sida.
Svelvik Museum
Her kan du oppleve seglskutetida i form av gjenstandar frå skipperlugar, losflagg, skutemodellar, navigasjonsutstyr, skipskister, verktøy m.m.
Varanger samiske museum
Ansvarsmuseum for sjøsamisk kulturhistorie i Finnmark. Sida er både på norsk og samisk.
Vesterålsmuseet
Regionsmuseet for Vesterålen i Melbu har utstillingar som rettar seg mot typiske trekk i Vesterålens utvikling. Historia blir fortalt via fotografi, gjenstandar, tekstar m.m. Prisinformasjon og opningstider finn du her.