Kunstmuseum
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Astrup Fearnley-museet for moderne kunst
Dette museet har eit utstillingsareal på nærmare 1800 kvadratmeter, der det heile året blir vist fram biletkunst, skulpturar og installasjonar. Her finn du utstillingsprogram og praktiske opplysningar, og informasjon om kunstnarane.
Bergen Kunstmuseum
Museet er sett saman av Rasmus Meyers Samlinger, Bergen Billedgalleri og Stenersens Samling. Les meir om samlingane, program og annan praktisk informasjon på desse sidene.
Google: Art Project
Digitalt museum hvor man kan studere kunstverk fra verdens ulike museer på nært hold. Inneholder samlinger fra bl.a. MoMA, Van Gogh Museum og Museo Reina Sofia.
Munch-museet
Fyldig om Munch, både om museet og kunstnaren. Opning for dagleg kikk på kunstverka.
Nasjonalmuseet
Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet og Arkitektmuseet vart i 2003 slått saman til organisasjonen «Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design». I 2005 vart også Riksutstillingar integrert i Nasjonalmuseet. Målet til organisasjonen er å auke kunnskapen om og engasjementet for biletkunst, arkitektur, kunsthandverk og design.
Trondheim Kunstmuseum
Noregs tredje største offentlege kunstsamling med hovudvekt på norsk kunst fra ca. 1850 og fram til i dag. Dansk kunst fra byrjinga av forrige århundre dannar tyngdepunktet i samlinga av utanlandsk kunst.
Det Internasjonale Barnekunstmuseet
Museet vart etablert i 1986, ligg i Oslo, og har som mål å samle, ta vare på og formidle barnekunst frå heile verda.
Drammen Museum
Museum for kunst- og kulturhistorie med faste og skiftande utstillingar. Museet femner og lystgarden Marienlyst, Gulskogen gård og park, Austad gård og Friluftmuseet på Spiraltoppen i Bragernesåsen.
Emanuel Vigeland Museum
Emanuel Vigeland var veslebror av den meir kjente Gustav Vigeland. I Oslo kan du sjå kunstnarens monumentalkunst, teikningar og tidlege, ofte sterkt symbolistiske måleri.
Haugar Vestfold Kunstmuseum
Kunstmuseet ligg på den tidlegare Sjømannsskolen midt i Tønsberg sentrum.
Kunstnerhjemmene i Sigdal
Heimane til Theodor Kittelsen og Christian Skredsvig er opna for publikum og har ulike temautstillingar kvart år. Her kan du lese meir om kunstnarane, utstillingane, salsprodukt og opningstider.
Lillehammer Kunstmuseum
Museets faste samling er sett saman av norsk biletkunst frå 1830-talet og fram til i dag. Museet viser i tillegg skiftande utstillingar av norsk og internasjonal kunst.
Lillestrøm Kunstmuseum
Også kjent under namnet Tale Art Museum. Ligg i Lillestrøm, og på heimesida finn du all informasjon om museet og utstillingane der.
Magnus Dagestad Muséet
Magnus Dagestad (1865-1957) var kunsthandverkar og styrar ved Norsk Kunsthandverksskule. På Voss finst museet, sentralt står norsk folkekultur.
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum
Eit nasjonalt museum for kunsthandverk og design. Musèet sine historiske og moderne samlingar syner møblar, sølv, glas, tekstil og keramikk fra 1400-talet og fram til i dag.
Nordnorsk Kunstmuseum
Museets samlingar viser utviklinga av norsk biletkunst og kunsthandverk frå starten av 1800-talet til i dag, med hovudvekt på nyare kunst. Samlingane tel rundt 800 arbeid, og ligg i Tromsø.
Norsk Form
Norsk senter for formgjeving, arkitektur og bygningsmiljø med ymse utstillingar med vekt på formgjeving og arkitektur.
Norsk Møbelfaglig Senter
På senteret er det jamnleg utstillingar der den norske møbelarven blir aktualisert.
Nøstetangen Museum
Multimediamuseum og utstilling av originale Nøstetangenglas.
Preus Museum
Tidlegare «Norsk museum for fotografi» i Horten. Her finn du ei samling av norske og internasjonale fotografi, kamera og andre gjenstandar som set lys på utviklinga av fotografiet. I tillegg har dei eit unikt fagbibliotek for fotografi, dessutan senter for fotokonservering.
Ringve musikkmuseum
Ringve er et musikkmuseum med nasjonalt ansvar for musikk og musikkinstrumenter med samlinger fra hele verden.
Rogaland Kunstmuseum
Museet er ein knutepunktinstitusjon og viser temporære utstillingar i tillegg til utvalde delar av samlingane frå 1800-talet og fram til i dag. Eit tyngdepunkt er den største Lars Hertervig-samlinga i landet. Ligg sentralt i Stavanger.
SKMU - Sørlandets Kunstmuseum
SKMU Sørlandets Kunstmuseum formidler spennende og nyskapende utstillinger fra nasjonale og internasjonale kunstnere.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Omfatter seks ulike galleri og museum. Informativt nettstad.
Stenersenmuseet
Stenersen-museet er svært allsidig innan moderne kunst. Museet har flotte, romslege lokale i Vika, Oslo.
Sørlandets Kunstmuseum
Museet ligg i Kristiansand og viser både biletkunst og kunsthandverk. Her finn du informasjon om utstillingar, billettprisar, opningstider m.m.
Tegneseriemuseet
Ei stifting som blir driven på ideelt grunnlag og er eit unikt kompetansesenter for fagmiljøet. Her finst først og fremst omtrent alt som er utgjeve av teikneseriar i Noreg.
The Mini Bottle Gallery
Verdas største miniflaskemuseum finn du i Oslo. Lokala er også tilgjengelege for selskap, kurs og konferansar.
Vestlandske Kunstindustrimuseum
Her blir norsk og europeisk kunsthandverk og design gjennom 500 år presentert.
Vigeland - Museet og Parken
Vigelandsparken dekkjer heile 320 mål og inneheld 212 skulpturar modellert av Gustav Vigeland. I fem minutts gangavstand ligg heimen og arbeidsplassen til Vigeland, som er omgjort til museum og inneheld ei rad skulpturar, teikningar og tresnitt.
CowParade (int)
Globalt kunstprosjekt der lokale kunstnarar dekorerer glasfiberkyr i naturleg storleik. Kyrne vert «sponsa» av lokale bedrifter og innsamla pengar går til veldedige føremål. CowParade har reist over store delar av verda, sommaren 2006 kjem den bl.a. til Telemark.
Guggenheim (int)
Startsida for Guggenheim-musea i New York, Bilbao, Venezia, Berlin og Las Vegas.
J. Paul Getty Museum Collection (usa)
Kunstmuseet i Los Angeles husar ei samling av greske, romerske og etruskiske antikvitetar, europeisk billedkunst t.o.m. 1900, samt nokre fotografi.
Louvre (fr)
Dette vidgjetne franske kunstmuseet, mest kjent som heimen til Mona Lisa, aukar stadig talet på nettpresentasjonar av meisterstykka sine. På desse sidene kan du også gjeste museet virtuelt (Virtual Tour).
Metropolitan (usa)
Fantastisk nettside for The Metropolitan museum of art i New York. Ved å melde deg inn kan du setje saman di eiga «utstilling», basert på favorittbileta dine. Det er meir enn 3500 å velje frå.
Museum of Modern Art (usa)
MoMa-museet i New York er synonymt med moderne kunst, noko som blir reflektert på desse sidene.
National Museum of Women in the Arts (usa)
Museet set søkjelys på kvinnerkunst gjennom tidene gjennom utstillingar, samlingar, forsking og opplysningsarbeid. Her finn du mykje informasjon om museet, som ligg i Washington, D.C.
Rijksmuseum Amsterdam (nl)
Museet har ei enorm kunstsamling med bl.a. bilete av Rembrandt og Vermeer. På nettsida finn du informasjon om museet, utstillingar, samlinga m.m.
The National Gallery (uk)
Presenterer samlinga galleriet har av kjende måleri frå heile Europa. Den omfattande kolleksjonen i galleriet femner om kjende kunstnarar som til dømes van Gogh, Botticelli, Monet og da Vinci. Nettstaden er svært informativt om måleri, kunstnarar og kunsthistorie. Utover dette har det ei rad tenester med ulike innfallsvinklar til europeisk kunst gjennom tidene.
The State Hermitage Museum (ru)
Museet i St. Petersburg har enorme samlingar, og høgdepunkta er å finne på desse flotte sidene. Ein kan bl.a. lese om utstillingar, undersøkje ting, sjå panoramabilete frå museumssalane, søkje i basane og finne måleri, skulpturar, tekstilar, smykke og andre ting. Her er kunstopplevingar for mange timar. Tilrådd!
Van Gogh Museum (nl)
Museet presenterer kunstnaren og informerer om utstillingar. Ein kan også laste ned ei 3D-utstilling.