Kulturhistoriske museum
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
British Museum (uk)
British Museum er eit av verdas største og mest berømte museum. Museet er ein enormt oppbevaringsstad for skattar frå heile verda, deriblant egyptiske mumiar, samuraisverd, vikingvåpen og greske statuar.
Kunsthistorisk Museum: Oslo
Eit av dei største kulturhistoriske musea i landet. Det rommar den største arkeologiske samlinga i Noreg frå forhistorisk tid og middelalderen inkl. vikingskipa på Bygdøy, ei betydeleg kyrkekunstsamling frå middelalderen, ei antikksamling frå middelhavslanda og eit runearkiv. Museet har i tillegg ei betydeleg etnografisk samling med ting frå alle verdsdelar og dessutan Noregs største mynthistoriske samling.
Akershus Fylkesmuseum
Kulturhistorisk kompetansesenter og museum. Fotoarkiv, bibliotek, skiftande utstillingar.
Alta Museum
Museum for forhistorie og bergkunst i Finnmark, og lokalmuseum for Alta.
Batterie Vara
Kristiansand Cannonmuseum presenterer ein bit av den militære historia vår i årsløpet 1940-1945.
Bergen Museum
Universitetsmuseet i Bergen presenterer kultur- og naturhistoriske samlingar. Her finn du informasjon om opningstider og prisar og om dei ulike avdelingane.
Bergen Skolemuseum
Skulemuseum med bilete, morosame gamle undervisningsplansjar og mykje meir.
Bjerkreim.info - et digitalt museum for kulturhistorier
Museet inneheld ei privat samling av gjenstandar, bedrift- og lokalhistorie frå området ikring Bjerkreim. Samlinga har vore samla saman sidan 1970.
Borgarsyssel Museum
Museet dokumenterer og formidlar kulturhistorie frå heile Østfold sidan middelalderen og fram til no. Museet har ansvar for i alt 36 bygningar.
Brannmuseet i Oslo
Informasjon om Brannmuseet i Oslo og brannhistorie frå år 1050.
Bryggens museum
Her blir det halde faste temautstillingar av kulturhistorisk interesse med utgangspunkt i funn frå middelalderen i Bergen.
Buekorpsmuseet i Bergen
Her finn du masse nyttig informasjon om buekorps. Alt frå eldre historie til korpsa i dag.
Bymuseet i Bergen
Bymuseet tok i juli 2005 over drifta av Bryggens Museum, Gamle Bergen Museum, Bergen Skolemuseum, Lepramuseet St. Jørgens Hospital, Damsgård Hovedgård, Alvøen Hovedbygning og Bergen Brannhistoriske Stiftelse. Har også ansvaret for formidlinga ved Rosenkrantztårnet og Håkonshallen. Bymuseet i Bergen blir med dette eit av dei største kulturhistoriske musea i landet.
Det Hanseatiske museum og Schøtstuene
Historisk museum i Bergen.
Det jødiske museum i Trondheim
Kunnskapsbase om jødisk historie i Midt-Noreg frå 1880-1950, med tilleggsinformasjon frå verda elles. Held til lokala til det mosaiske trussamfunnet.
Drammen Museum
Museum for kunst- og kulturhistorie med faste og skiftande utstillingar. Museet femner og lystgarden Marienlyst, Gulskogen gård og park, Austad gård og Friluftmuseet på Spiraltoppen i Bragernesåsen.
Dåpstradisjon
På garden Aschim Nordre har dei systove og syr tradisjonsrike dåpskjolar etter tinging. Her er det òg eit dåpsmuseum.
Egge Museum
Ivaretek museumsfunksjonen for Steinkjer kommune og har i tillegg ansvaret for bygdemusea Snåsa, Leksvik, Verran, Mosvik og Inderøy kommune.
Eidsvoll 1814: Rikspolitisk senter
Dette sentret har blant anna som oppgåve å formidle kunnskap om den politiske og demokratiske utviklinga frå 1814 og fram til i dag. I Eidsvollbygningen kan du få ein guida tur, vere med på ulike arrangement m.m. Les meir om programmet, opningstidene og prisane her.
Eydehavn museum
Industriarbeidarmuseum i arbeidarbustad frå 1913. Utstilling om industri og samfunn i Eydehavn i Arendal.
Fetsund Lenser
Fløtingsmuseum og naturinformasjonssenter i Akershus, med museumsbåtar og kultur- og historiske utstillingar.
Follo Museum
Follo museum er en perle i Follo, med eldre bygninger og et nydelig rekreasjonsområde.
Forsvarsmuseet
Utstillingane på museets tek føre seg historia frå vikingtid fram til dei første åra etter andre verdskrigen. Ligg ved Akershus Festning i Oslo.
Fossesholm Herregård
Herregården daterer tilbake til 1541 og var tidlegare sentral i sagbruksdrift og trelasthandel i Noreg. I dag tilbyr garden lokale til kurs, møte og selskap, ved sida av å tilby omvisning på garden og å huse Nedre Buskerud Hjemmefrontmuseum.
FreiaLand
Pedagogisk tilbod laga for skuleelevar frå 10 år og oppover. Undervisningsmateriell til førebuingar og etterarbeid av besøket finn du på nettsida til sjokolademuseet.
Gamle Bergen Museum
Ligg om lag 5 km nord for Bergen sentrum.
Gardmillom i Gudbrandsdalen
Fjorten gardsbruk opnar dørene sine til overnatting og kulturhistoriske opplevingar i Gudbrandsdalen.
Geilosmiu
Byr på ein presentasjon av jernutvinning og smietradisjonar i eit levande industrimiljø. På nettsida kan du tinge den dramatiske omvisingsturen «Frå kolgrop til robot», som går gjennom den nedlagde fabrikken til Øyo og blir avslutta i fabrikkutsalet og den nye Geilosmiu.
Gjøvik Historiske Samlinger
Historiske gardar og bygningar i Gjøvik.
Hadeland Bergverksmuseum
Nettstaden inneheld informasjon om bergverksmuseet, opningstidene og aktivitetskalender.
Halden historiske Samlinger
Museet formidlar kulturhistoria i distriktet gjennom utstillingar, omvisningar og dagleg kontakt med publikum. Museet gjev også råd og rettleiing i vernespørsmål. Her kan du mellom anna lese meir om opningstidene.
Hallingdal Museum
Distriktsmuseum for Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Museet er eitt av dei eldste i Noreg og har antikvariske bygningar og ulike gjenstandar samla inn frå Hallingdal, i tillegg til skiftande kunstutstillingar.
Hamsunsenteret
Nettside for senteret som vart opna i høve 150-årsjubileet for forfattaren Knut Hamsun sin fødsel.
Hardanger folkemuseum
Regionmuseum for kommunane Kvam, Jondal, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda i Hardanger. Her finn du utstillingar av kulturhistorisk materiale frå områda rundt Hardangerfjorden.
Helgeland museum
Eit samarbeid mellom mange kommunar gjer det mogleg å vise eit breitt spekter av Helgelands historie.
Herdla museum
Eit kultur-, natur- og krigshistorisk museum, der utstillingane i tid spenner frå istida og fram til i dag. Ligg på Askøy utanfor Bergen.
Hordamuseet
Museet skildrar levevilkåra til folk som har budd i Nord- og Midthordland. Har skiftande kulturhistoriske utstillingar over eit breitt spekter.
Hringariki Kulturminnepark
Det historiske senteret gir publikum ei innføring i jernalder generelt og livet på vegen spesielt.
Ibsen.net
Ibsen.net, den nasjonale Ibsen-satsinga sine offisielle nettsider, står sentralt i markeringa av Ibsen-året 2006. Her finn du stoff om alle spekt ved Henrik Ibsen og forfattarskapen hans, informasjon om Ibsen-arrangement av ulikt slag og dei tre Ibsen-musea i Noreg.
Ivar Aasen-tunet
Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Møre og Romsdal er eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur i tillegg til å vere eit museum over Ivar Aasens liv og verk.
Jødisk Museum i Oslo
Museum og kultursenter for jødisk kultur, tradisjon, historie og jødedom. Skal også drive med forsking og formidling.
Karmsund folkemuseum
Regionmuseet for Nord-Rogaland. Samlinga dekkjer den nyare kulturhistori i regionen, med hovudvekt på jordbruk, fiske, handtverk, bu- og byggjeskikk. Samlinga femnar om rundt 20 000 gjenstandar og 25 bygningar.
Kirsten Flagstad
Her kan du lese om «århundrets stemme»; sangerinda sitt liv og karriere. Bak nettstaden står Kirsten Flagstadmuséet på Hamar.
Kistefos-Museet
Kistefos Træsliberi, skipa i 1889, fungerer i dag som eit industrimuseum, men byr også på kunstutstillingar. Ligg i Jevnaker, Oppland.
Kon-Tiki Museet
Verdsborgaren Thor Heyerdahl vart kjend for heile verda gjennom ekspedisjonane sine. Kon-Tiki-museet stiller ut originalfartøy og anna utstyr som han brukte på dei eventyrlege reisene sine.
Kvinnemuseet
Ein del av det nasjonale nettverket for kvinnehistorie. Har som oppgåve å dokumentere kvinners liv og virke i norsk kulturhistorie fram til i dag.
Lade Gaard
Både Harald Hårfagre og Olav Tryggvason har halde hus i den staselege garden på Lade utanfor Trondheim. I dag fungerer han som kulturelt senter for Reitangruppen.
Lenvik Museum
Utstillingar, magasin, aktivitetar m.m. i det gamle prestegardsanlegget frå 1885. På nettsida finn du også søkbare kyrkjebøker.
Lofotmuseet
Regionsmuseum for Lofoten med samlingar som består av båtar, ting, fotografi og andre objekt frå kultur- og naturhistoria i regionen. Ligg i Storvågan.
Lofotr: Vikingmuseet på Borg
Eit stort anlegg på Vestvågøy i Nordland som er eit spennane møte med vikingeverda.
Magnus Dagestad Muséet
Magnus Dagestad (1865-1957) var kunsthandverkar og styrar ved Norsk Kunsthandverksskule. På Voss finst museet, sentralt står norsk folkekultur.
Moss by- og industrimuseum
Museet i Moss held til i Kloster og Galle mølle, som er ein av dei eldste bygningane i området.
Museet Lysøen
Tre mil utanfor Bergen ligg Lysøen, sommarvillaen til Ole Bull, som i dag er gjort om til museum.
Nasjonalt Garborgsenter
Nettsida til det komande, nasjonale Garborgmuseet. Senteret skal fremje interessa for og auke kunnskapen om Arne Garborg sitt verk og liv. I tillegg skal det inspirere til leselyst og samfunnsengasjement.
Nord-Jarlsbergmuseene
Regionsmuseum og fagleg kompetansesenter for kommunane Hof, Holmestrand, Sande, Svelvik og Våle i Vestfold. Her finn du informasjon om musea og om historia til regionen.
Nord-Troms Museum
Regionmuseum for Nord-Troms, med ansvar for kommunane Storfjord, Lyngen, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen. Museet har både store og små anlegg spreidd i heile regionen, frå Storfjord i sør til Finnmarksgrensa i nord.
Norsk Barnemuseum
Eit museum om born, for born i Stavanger kulturhus på Sølvberget.
Norsk Bergverksmuseum
Nasjonalmuseum for bergverksdrift. Her finn du informasjon om sølvverkets samlingar, Kongsberg skimuseum, Den Kongelige Mynts museum og sølvgruvene.
Norsk Folkemuseum
På Bygdøy, i eit av dei største friluftsmusea i Europa, finst det over 150 bygningar frå nesten heile Noreg. I tillegg til å vere eit museum med ulike utstillingar, har dei ei rekkje arrangement i høgsesongen.
Norsk Industriarbeidermuseum
Museum for vern og formidling av industrihistorie og krigshistorie på Vemok.
Norsk Landbruksmuseum
Museet ligg i parken til Noregs landbrukshøgskole på Ås. Her prøver ein å vise viktige endringar på landsbygda dei siste 100 åra og stille spørsmål om landbrukets rolle i fortida og framtida.
Norsk Møbelfaglig Senter
På senteret er det jamnleg utstillingar der den norske møbelarven blir aktualisert.
Norsk Rettsmuseum
Her får du svar på korleis lov og rett alltid har vore og alltid vil vere nødvendig for at eit samfunn skal kunne fungere. Norsk Rettsmuseum fortel ikkje berre om fortida, men også om lov og rett i vår eiga samtid.
Norsk Trikotasjemuseum
Museet held til i lokala til tidlegare Salhus Tricotagefabrik i Bergen, og ønskjer gjennom utstilling av maskiner og utstyr å gje eit innblikk i livet som fabrikkarbeidar på 1850-talet.
Norsk Utvandrermuseum
Historikk rundt norske emigrantar. Sida inneheld bl.a. eige forskingssenter.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Noregs største museum på temaet vasskraft- og industrihistorie på 1900-talet. Ligg i Tyssedal, Odda kommune i Hordaland.
NTNU Vitenskapsmuseet
Museum underlagd NTNU med kulturhistoriske, zoologiske, botaniske og geologiske samlingar.
Næs Jernverksmuseum
Ein presentasjon av historia til museet og med peikarar til artiklar, forteljingar, småstykke og kjeldeutdrag om jernverkshistoriske emne.
Nøstetangen Museum
Multimediamuseum og utstilling av originale Nøstetangenglas.
Ofoten Museum
Kulturhistorisk museum i Narvik med Ofotbanen og områdets historie som hovudtema. Her finn du meir stoff om utstillingane, opningstider, prisar m.m.
Oldsakssamlinga
Universitetets Oldsakssamling held til på Historisk museum i Oslo, og har både faste og skiftande utstillingar av ulike antikvitetar.
Oslo Bymuseum
Museet ligg i Frognerparken. Gjennom gjenstandar, fotografi, måleri og modellar blir Oslos tusenårige historie presentert.
Osterøy museum
Eit kulturhistorisk museum for Osterøy og dei næraste bygdene, med samling av ting, antikvariske hus og bygningar og ulike temautstillingar.
Pomormuseet i Vardø
Samarbeidsprosjekt mellom Vardømusea og Arkhangelsk statlege museum for trearkitektur og folkekunst. Dokumenterer felles norsk-russisk historie og identitet.
Preus Museum
Tidlegare «Norsk museum for fotografi» i Horten. Her finn du ei samling av norske og internasjonale fotografi, kamera og andre gjenstandar som set lys på utviklinga av fotografiet. I tillegg har dei eit unikt fagbibliotek for fotografi, dessutan senter for fotokonservering.
Rallarmuseet
Museet på Finse med dokumentasjonssenter som viser historia attom bygginga av Bergensbana.
Rime Gård
Opplev gammal gardsdrift på Rime gård i Flå. Garden var opptaksstad for det første røyndomsprogrammet Farmen på TV 2.
Ringerikes Museum
Distriktsmuseum for Hole og Ringerike kommunar i Buskerud fylke. Her er det utstillingar, historiske gjenstandar, lokalhistorie frå heile distriktet m.m.
Ringve Museum
Ringve Museum er Noregs nasjonale museum for musikkinstrument med ei samling som femnar om omkring 1800 nummer. Av desse finn ein blant anna klassiske europeiske instrument, europeiske og ikkje-europeiske tradisjonelle instrument, notetrykk, lydarkiv med pianolarullar m.m.
Roald Amundsens Minne
Roald Amundsen vart fødd i Fredrikstad, heilt på grensa til Sarpsborg.
Rockheim
Nasjonalmuseet for pop og rock i Noreg. Har ansvar for å samle inn, ta vare på og vidareformidle norsk populærmusikk frå 1950-talet og fram til i dag. Nettsidene er ei samling med ulike informasjonsmidlar tilgjengelege for publikum.
Rygge Museum
Museet i Østfold inneheld ei permanent historisk og kulturlandskapsmessig utstilling, og temautstillingar av kortvarig art. Her finn du årets program, opningstider, prisar og informasjon om utstillingane.
Rørosmuseet
Sjølvstendig stifting som for å ta vare på og utvikle dei kulturhistoriske verdiane i Røros-distriktet. Dei faglege ansvarsområda er bergverkshistorie, bygningsvern, sørsamisk kulturhistorie og Verdsarven Røros. Rørosmuseet har tre stader som er opne for publikum: Smelthytta, Olavsgruva og Sleggveie.
Salten Museum
Ei rekkje museum går under paraplyen Salten Museum. Innehald bl.a. utstillingar om nyare kunsthistorie i Salten.
Samisk tro og mytologi
Utstilling på nett som viser samisk tru og mytologi gjennom tida.
Siljustøl Museum
Online presentasjon av heimen til den kjende komponisten Harald Sæverud, som er gjord om til museum.
Sogn Folkemuseum
Dei heibergske samlingar ligg mellom Kaupanger og Sogndal, og søkjer gjennom utstillingar, samlingar og eit friluftsmuseum å spreie kunnskap om liv og levnad til sogningane frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. Her finn du meir informasjon om opningstider, prisar, korleis ein kjem seg dit m.m.
Soria Moria
Eventyrmuseum i Krødsherad i Buskerud, med vekt på norske folkeeventyr.
Sporveismuseet
Museum om sporvegshistorie.
Stavanger Museum
Tverrfagleg institusjon med samlingar og utstillingar frå fire avdelingar: Zoologisk avdeling, Kulturhistorisk avdeling, Stavanger Sjøfartsmuseum og Norsk Hermetikkmuseum.
Stiftelsen Domkirkeodden
Stiftinga er ein samanslutnad av fire kulturhistoriske museum i Hamar-regionen; Hedmarksmuseet, Kirsten Flagstadmuseet, Norsk Utvandrermuseum og Prøysenhuset. På nettstaden finn du m.a. aktivitetskalender, prisar og opningstider.
Stiftelsen Fredrik Stabel og Avistegnernes Hus
Attraksjon for dei med sans for kunsten i augneblinken og den bitande eller humørfylte kommentaren til verdas skeive gang.
St. Jørgens Hospital: Lepramuseet i Bergen
Lepramuseet fortel om sjukdomen og historia om den i Noreg, om livet på hospitalet og dei vidkjende norske bidraga til lepraforskinga.
Storwartz
Storwartz er det best ivaretekne gruveanlegget i Røros-regionen. Sidene gjev informasjon om anlegget og fortel historia om Røros koparverk.
Sunnfjord Museum
Kulturhistorisk museum for Sunnfjord. Friluftsmuseum, utstillingar, guiding, kafé og butikk.
Sør-Varanger Museum / Grenselandmuseet
Museet har både faste og skiftande utstillingar, kunstutstillingar, strikkekafe og mykje anna. På nettstaden finn du oversyn over aktivitetar og opningstider.
Telemark Museum
Ei samleside for musea i midtre- og nedre Telemark.
Tromsø Museum
Universitetsmuseet i Tromsø. Her finn du berre adresseinformasjon og opningstider.
Utstein Kloster
Utstein Kloster ligg på Mosterøy i Rennesøy kommune. Det er det einaste middelalderklosteret i Noreg som framleis står, og det blir i dag drive som museum og konferansestad.
Valdres Folkemuseum
Det meir enn 100 år gamle museet ligg på Fagernes.
Vardømuseene
Vardømuseene er Finnmarks eldste museum, grunnlagt i 1894. Det er Lushaugen museum, museumsbåten Einar II og partisanmuseet i Kiberg. På nettstaden kan du klikke deg gjennom museumsutstillingane.
Vatican Museums (it)
Den offisielle nettsida til musea i Vatikanet.
Vest-Agder-museet IKS
Kulturhistorisk museum med sju avdelingar i Kristiansand, Vennesla, Mandal, Lindesnes, Farsund og Flekkefjord.
Vestfold Fylkesmuseum
Sida til Vestfold Fylkesmuseum med introduksjon til dei einskilde museumsbygningane. Her er det også peikarar til biblioteket og arkivet ved museet.
Vigeland Hus
Multikunstnarane Gustav og Emanuel Vigelands barndomsheim vart opna som museum i 2001, og har fram til 2003 blitt renovert og sett attende i opprinneleg stand.
Voss folkemuseum
Distriktsmuseum som skal ta vare på kulturminna frå Vossebygdene.
Økomuseum Grenseland
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Sverige. Føremålet er å utvikle besøksmål i området som tek vare på og formidlar den unike kulturhistoria for grenseregionen. Her kan du lese meir om prosjektet og dei besøksmåla som til no er med i samarbeidet.
Aalesunds Museum
Bymuseet i Møre og Romsdal. Utstillinga ved Aalesunds Museum gjev publikum små glimt frå byhistoria, og fortel først og fremst om kvardagen til folk, i arbeid og fritid.
Norsk Bergverksmuseum
Nettsidene til Norsk Bergverksmuseum som ligger i Kongsberg.