Friluftsmuseum
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Norsk Folkemuseum
På Bygdøy, i eit av dei største friluftsmusea i Europa, finst det over 150 bygningar frå nesten heile Noreg. I tillegg til å vere eit museum med ulike utstillingar, har dei ei rekkje arrangement i høgsesongen.
Akershus festning
Nettsidene inneholder informasjon om åpningstider, besøkssenteret og arrangementer.
Astruptunet
På Jølster kan du besøkje heimen til den kjente målaren og grafikaren Nikolai Astrup.
Baroniet Rosendal
Dette museet og kultursentret ligg i Kvinnherad i Sunnhordland og er i dag ått av UIO. Her kan ein oppleve både slottsomvisning, konsertar, kunstutstillingar, husmannsplass og ein landskapspark frå 1850-talet. Les meir om programmet, utstillingane m.m.
Blaafarveværket
I Åmot i Buskerud ligg Blaafarveverket som kan by på utstillingar av kjende kunstnarar, guida turar og koboltgruvene, produktutsal, ei eiga seter med husdyr og badestrand.
Bogstad Gård
Her kan ein oppleve ein autentisk innreidd heim som står delvis urørt frå slutten av 1700-talet. Noregs eldste engelske landskapspark ligg rundt bygningane.
Det gamle Rekkjetunet
Kunst- og kultursenter i sommarhalvåret med overnatting, turar i skog og mark, matservering, havfiske og musikk- og kulturopplevingar.
Fetsund Lenser
Fløtingsmuseum og naturinformasjonssenter i Akershus, med museumsbåtar og kultur- og historiske utstillingar.
Follo Museum
Follo museum er en perle i Follo, med eldre bygninger og et nydelig rekreasjonsområde.
Gamle Hvam storgård og museum
Hvam Museum på Årnes i Akershus er i hovudsak den tidlegare storgarden Store Hvam. Her har det vore fast busetjing og jordbruksdrift i meir enn 1500 år.
Hallingdal Museum
Distriktsmuseum for Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol. Museet er eitt av dei eldste i Noreg og har antikvariske bygningar og ulike gjenstandar samla inn frå Hallingdal, i tillegg til skiftande kunstutstillingar.
Hedmarksmuseet & Domkirkeodden
Her kan ein lese om dei ulike avdelingane på museet, sjå på programmet og opningstidene m.m.
Håsteinarparken
Håsteinarparken er ein del av Gamle Laksevåg utemuseum.
Jærmuseet
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Kulturminna og kulturlandskapet formidlar oppleving og kunnskap om natur, ressursutnytting, busetjing og jordbruksutvinning gjennom fleire tusen år.
Jølstramuseet og Norsk Fiskesenter AS
Jølstramuseet er ein privat natur- og kulturpark, med eit kunstgalleri og eit fiskesenter. Arrangerer konsertar, bryllaup m.m. Tilbyr laks- og sjøaurefiske og havfiske.
Jørundgard Middelaldersenter
Mellomaldergarden vart oppført til innspelinga av filmen Kransen i 1994, bygd på Sigrid Undsets roman om Kristin Lavransdatter. Garden ligg med sine 16 hus og stavkyrkje ved E-6 i Nord-Sel i Gudbrandsdalen. Program og prisliste finn du her.
Kanalmuseet
Museet ligg i Ørje, som grensar til Sverige, i svært naturskjøne omgivnader.
Kittilbu utmarksmuseum
Ligg i setergrenda Kittilbu i Gausdal Vestfjell, museet fortel historia om bruken av området gjennom 10 000 år. ein kan oppleve og delta i aktivitetar frå gammal tid.
Lommedalsbanen
Historisk anleggsjernbane som er omgjort til friluftsmuseum.
Løhren gårdsmuseum
Privatperson som stiller ut gamle reiskapar for gardsdrift. Ope etter avtale i sommarhalvåret og enkelte andre dagar.
Maihaugen
Maihaugen på Lillehammer er ei samling på over 100 år gamle tømmarhus. Her kan du lese meir om billettprisar og opningstider.
Nordøsterdalsmuseet
Friluftsmuseum med avdelingar over heile Østerdalen. Museet er også arkivbevaringsinstitusjon for museumsregionen, og tek imot og oppbevarer privatarkiv. Kan òg gjera desse tilgjengelege for fleire.
Norsk Skogmuseum
Norsk skogmuseum har eit stort uteareal med masse historie, og faste utstillingar. Sjå meir her.
Stiftinga Sunnmøre Museum
Felles stifting for musea på Sunnmøre. Her finn du det samla oversynet over friluftsmuseer som fortel om gammal byggeskikk og levemåte i dei ulike bygdene.
Stiklestad Nasjonale Kultursenter
Kultursenteret på Stiklestad har scene i friluft med årleg oppføring av «Spelet om Heilag Olav». I tillegg er senteret både kulturhus og folkemuseum. Her finn du og nødvendig informasjon om Stiklestad hotell.
Sverresborg Trøndelag Folkemuseum
Friluftsmuseum i naturskjønne omgjevnader med over 60 bygningar frå Trondheim og Trøndelag. Meir om museet på sida.
Tingvoll Museum
På Tingvoll i Møre og Romsdal kan du blant anna bli med på ein rundtur blant gamle bygningar. På nettstaden kan du sjå korleis dei ser ut utanfrå.
Trondarnes Distriktsmuseum
Dette er eit regionsmuseum felles for kommunane Bjarkøy, Harstad, Kvæfjord og Skånland. Museet femner om ei rekkje kulturminne, landskap og lokale museum i denne delen av Sør-Troms. Her kan du lese meir om dei ulike museumseiningane m.m.
Valdres Folkemuseum
Det fjerde største friluftsmuseet i landet, med utstillingar av folkedrakter og andre temautstillingar av historisk interesse. Her finn ein meir å lese om museet, samlingane, opningstider og prisar.
Vest-Agder Fylkesmuseum
Friluftsmuseum med rundt 40 antikvariske bygningar i parkmessige omgjevnader og faste temautstillingar.