Grøssar
Nettsider redaksjonelt vurdert
30 Days of Night (usa)
30 dagar kvar vinter ligg den isolerte byen Barrow i Alaska i totalt mørke. Det er ei tid då dei fleste av innbyggjarane i byen reiser sørover til varmre og ikkje minst lysare strok. Fleire bisarre hendingar pregar staden like før lyset forsvinn. Regi: David Slade.
Cloverfield (usa)
Vi følgjer ei gruppe med fem ungdomar under eit åtak på New York City av eit monster som nesten er like stort som ein skyskrapar. Regi: Matt Reeves.
Drag Me To Hell (usa)
Christine Brown er ein ambisiøs bankrådgjevar med ein sjarmerande kjærast, professor Clay Dalton. Livet er fint heilt til den mystiske Fru Ganush kjem til banken for å be om ei utsetjing på huslånet sitt. Regi: Sam Raimi.
Død snø
Venegjengen hadde alt dei treng for ein vellukka påskeferie; hytte, ski, snøskuter, rattkjelkar, store mengder øl og ein fruktbar kjønnsfordeling. Det var i all fall ingen av dei som hadde sett føre seg at de ikkje skulle kome heim i live! Nazizombie-bataljonen som heimsøkjer fjellområda rundt Øksfjord hadde visst andre planar... Regi: Tommy Wirkola.
Forbannelsen 2 (usa)
Film nummer to held fram der den første slutta. Den smittsame, hemngjerrige forbanninga angrip eit knippe individ, tilsynelatande utan tilknyting til kvarandre. Regi: Takashi Shimuzu.
Friday the 13th (usa)
Clay Miller reiser til den uhyggjelge skogen ved den legendariske innsjøen Crystal Lake på leting etter systra si, som er sakna. Remake av den berykta filmserien frå 80-talet. Regi: Marcus Nispel.
Fritt Vilt 2
Vinteren 2006 møtte fire ungdomar ein brutal død i Jotunheimen. Berre ei ung kvinne overlevde. Utsliten, blodig og gjennomfrosen finn ho attende til siviliasjonen. Regi: Mats Stenberg.
Funny Games (usa)
Ferieidyllen til George, Anna og sonen Georgie vert broten når ein ung mann som heiter Peter bankar på døra og vil låne nokre egg.
Halloween (usa)
Manusforfattaren, musikaren og regissøren Rob Zombie pustar nytt liv i Halloween, ein av dei mest berykta og elska skrekkfilmane nokon gong.
Invasjonen (usa)
Eit mareritt i vaken tilstand startar for psykiateren Carol Bennell då stadig fleire menneske rundt henne ikkje er seg sjølve lenger. Årsaka kan ha samanheng med vrakrestane av ei romferje.
Pans labyrint (es/mx)
Ofelia har alltid vore glad i eventyr, og brått lever ho midt inne i eit sjølv. Medan mor er sjuk i barsel og den nye stefaren er opptatt med å slakte lokalbefolkninga, finn Ofelia ut at ho er tronarving til eit paradisisk rike under jorda. Regi: Guillermo del Toro.
Paranormal Activity (usa)
Eit ungt par mistenkjer at huset deira er heimsøkt av noko ukjend og farleg. For å skaffe bevis, installerer dei eit overvakningskamera som skal registrere alt som skjer når dei søv. Regi: Oren Peli.
Saw 5 (usa)
Den sadistiske og psykotiske mordaren Jigsaw og lærlingen hans Amanda er båe erklært døde. Det er i allfall det som er truleg. Rettsmedisinaren Hoffmann beundrar arbeidet til Jigsaw. Han er tilsynelatande den siste levande personen som kan vidareføre den djevelske arven til Jigsaw, dødsspelet. Regi: David Hackl.
Saw 6 (usa)
FBI-agenten Peter Strahm var nær ved å avdekkje tilhøva rundt seriemordaren Jigsaw, men måtte lide ein smertefull død i ein av dei utspekulerte dødsfellene. Politietterforskar Hoffman er arvtakaren som har starta eit nytt djevelsk spel i Jigsaws ånd. Regi: Kevin Greutert.
Silent hill (usa)
Den mystiske sjukdomen til eit barn. Ei hjelpelaus mor. Ein skummel, tom og tåkelagt by, plaga av løyndomar. Regi: Christophe Gans.
Skjult
Kai Koss vender motvillig attende til heimstaden sin 19 år etter at han rømde frå den grusome mor si. Mora er død, og han har arva det no forfalne huset han voks opp i. Han ønskjer berre å gjere opp buet og forlate staden, men med arven følgjer ei rad mørke løyndomar. Regi: Pål Øie.
Stay Alive (usa)
Ein ungdomsgjeng opplev at det grusomme skrekk-dataspelet de har viklet seg inn i plutselig blir til virkelighet. Regi: William Brent Bell.
The Eye (usa)
Ei blind kvinne går gjennom ein augetransplantasjon som skal gje henne synet tilbake. Men den vellukka operasjonen gjev marerittaktige biverknader. Amerikansk nyinnspeling av den japanske grøssarhiten. Regi: David Moreau, Xavier Palud.
The Host (kp)
Kritikarrosa sør-koreansk monsterfilm som blandar action og komedie. Regi: Bong Joon-ho.
The Messengers (usa)
Det er prova at barn er svært mottagelege for paranormale fenomen. Regi: Danny Pang, Oxide Pang.
The Orphanage (es)
Saman med mannen Carlos og den 7 år gamle sonen deira Simon, kjem Laura attende til barneheimen ho voks på, men oppdagar at dei ikkje er åleine i huset. Regi: Juan Antonio Bayona.
The Rite (usa)
Vi følger den motvillige teologistudenten Michael Kovak til eksorsismeskole i Roma. Med Anthony Hopkins i rollen som Fader Lucas. Regi: Mikael Håfström.
The Ruins (usa)
Vi følgjer ei gruppe vener på ferie i ein avsidesliggjande del av den meksikanske jungelen der dei vitjar ein arkeologisk utgravningsstad. Venegjengen vert raskt trekt inn i ein brutal kamp for å overleve vondskapen som gjøymer seg i ruinane. Regi: Carter Smith.
The Strangers (usa)
Eit par som er inlosjert i eit isolert feriehus i samband med eit bryllaup, får midt på natta uventa besøk av tre framande personar. Regi: Bryan Bertino.
The Unborn (usa)
Nokre gonger har sjela til ein død person vore så bederva med vondskap at den er nekta tilgang til himmelen. Den må då vandra kvilelaust i grenselandet mellom verder på desperat søk etter ein ny kropp han kan ta bustad i. Og sommer gonger lukkast han. Regi: David S. Goyer.
The Wolfman (usa)
Inspirert av den klassiske filmen frå Universal film som skapa horrorarven, tek denne filmen myten om varulv-mannen tilbake til opphavet. Regi: Mark Romanek.
Trolljegeren (nor)
Tre mediestudenter får i oppgave å lage dokumentarfilm om en lokal personlighet. De velger å fokusere på en folkesky mann som kommer til bygda med jevne mellomrom. Regi: André Øvredal.
Twilight: Eclipse (usa)
I tredje avsnitt av Stephenie Meyers fenomenalt suksessrike Twilight-serie, er Bella nok en gong omgjeven av farar, når Seattle vert terrorisert av ei rekkje mystiske drap og ein vondsinna vampyr held fram med hemntokta si. Regi: David Slade.
Zombieland (usa)
I ei verd full av zombier har desse to overlevande tilpassa seg godt. No står dei framfor det mest skremmande scenariet av alle: kvarandre. Regi: Ruben Fleischer.