Bibliotek og arkiv
Nettsider redaksjonelt vurdert
Nasjonalbiblioteket
Biblioteket skal vere den fremste kjelda i landet til til kunnskap om Noreg, nordmenn og norske tilhøve, her og i utlandet, samt den fremste instansen for innsamling, oppbevaring og formidling av norske media i Noreg.
Biblioteksvar.no
Referanseteneste som svarar på spørsmål og hjelper deg med faktaopplysningar, peikartips eller informasjon om kor svaret kan finnast. Brukarane kan ta kontakt med ein bibliotekar via chat (direkte kommunikasjon) eller e-post, og spørje om kva skal vere.
BIBSYS
Søk i fag- og forskingsbiblioteka. Opplysningar om bøker, seriar, tidsskrift m.m. frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana og om lag 70 norske universitets-, fag- og forskingsbibliotek (om lag 2,3 mill. titlar). Sjå her kva produkt som inngår i BIBSYS.
Wikipedia (int)
Spennande prosjekt der målet er å skape eit leksikon med ope innhald på alle språk, der brukarane sjølv legg til informasjon. Den engelske mortenesta er svært god. Finst også på bokmål og i nynorsk versjon.
Samsøk
Her kan du samstundes søkje i fleire BIBLIOFIL®-bibliotek og bibliotekbasar som tilbyr søk gjennom Z39.50-protokollen.
Bazar
Teneste for innvandrarar, flyktningar og språklege minoritetar i Noreg. Bazar inneheld informasjon på mange språk om norsk samfunn og kultur, aviser fra heile verda, adresser til organisasjonar for språklege minoritetar og ei oversikt over bøker til lesetrening i norsk. Tenesta er eit samarbeidsprosjekt mellom Deichmanske bibliotek, Det fleirspråklege bibliotek og Biblioteknett.
Bibblan svarar (se)
Svenske biblioteks svartjeneste.
Bibliotekarforbundet
Side til det landsfemnande fagforbundet for bibliotekarar. Inneheld vedtekter og relevant informasjon for medlemene.
BOBCATSSS
Årleg internasjonal konferanse av og for bibliotekarstudentar.
Deichmanske bibliotek: Serieteket
Teikneseriebibliotek på Grünerløkka filial. På nettsida finn du katalogsøk, tilrådingar, teikneseriepeikarar m.m.
Den norske Bokdatabasen
Den norske Bokdatabasen utvikler og tilbyr informasjon og informasjonsløysinger til bibliotek og bokbransjen.
Depotbiblioteket
Skal medverke til effektiv ressursbruk i det norske biblioteksystemet gjennom mottak av lavfrekvent materiale frå biblioteksamlingar, utlån, artikkelkopiering og tenester frå avisbiblioteket.
Europeana (int)
Europeana gjer det mogleg å utforske digitale ressursar fra musea i Europa, bibliotek, arkiv og audio-visuelle samlingar.
Finn biblioteket!
Enkel søkjemekanisme som gjev deg adressa og andre opplysningar om 3000 bibliotek i Noreg og Norden, attåt peikarar til bokbasane til biblioteka.
Nordisk bibliotekuke
Årleg arrangement med opplesing, debattar og ulike kulturopplevingar på skuler, bibliotek og i foreiningar i Norden og Baltikum.
Norsk Bibliotekforening
Fri, uavhengig foreining som har til førmål å fremje utviklinga av bibliotek-, dokumentasjons- og informasjonsverksemd.
Bibfeeds (dk)
Nyheter frå den skandinaviske bibliotekverda.
Biblioteklaboratoriet
Kommunikasjons- og utviklingsflate for bibliotekarar og andre interesserte som syslar med utvikling av bibliotekdata og sosial teknologi.
Bibliotekportalen Oppland
Bibliotekportalen Oppland gir deg eit digitalt døgnope bibliotek gjennom éin felles bibliotekportal. Med felles lånekort kan du låne på kva som helst bibliotek i Oppland og bøkene kan du levere tilbake på det biblioteket som passar for deg.
Biblioteksamarbeidet MÅHA
Interkommunalt samarbeid mellom biblioteka i Marnardal, Åseral, Hægebostad og Audnedal. Ser på løysingar som kan gje betre brukartenester, intensivering av den faglege fellesskapen mellom biblioteka og får fram kva ressursar det einskilde biblioteket har.
Biblioteksentralen AL
Kunnskapsbedrift som har spesialisert seg på å tilby tenester, bøker og andre media til norske bibliotek.
Bokbåten epos
På nettstaden finst det informasjon om bokbåttenesta på Vestlandet, rutetider og kulturprogrammet dei har ombord. Inneheld også ei kartteneste der du kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.
Bok og bibliotek
Kulturtidsskrift med fokus på bibliotek og tilgjengeleggjering av kulturarva. Vert utgjeve at ABM-utvikling. Her kan du få ein smakebit av siste nummer samt lese nokre fulltekstartiklar.
Databasen Undset
Søkjemotor til m.a. bøker, artiklar, og noko audiovisuelt materiale av og om Sigrid Undset, som er gjeve ut mellom 1963-2007 i Noreg, andre europeiske land og Nord-Amerika.
Emnekart Norge
Dette er heimen til det norske emnekartmiljøet.
E-ressourcer (dk)
Elekroniske ressursar frå Det Kongelege Bibliotek. Innheld bibliografiar, tidsskrift, manuskript m.m.
Felles lånekort
Informasjon om prosjektet som arbeider med å få på plass felles nasjonalt lånekort og lånerregister.
LibraryThing (usa)
Med denne tenesta kan du katalogisere bøkene dine på nettet. Slik kan du halde oversyn over bokhylla di, og kome i kontakt med folk som les det same som deg.
Nordland fylkesbiblioteks digitale tjenester
Fylkesbibliotekets formidlingsstad for digital informasjon. Her finn du fjernsynsprogram og radioprogram frå Nordland, kortfilmar, lydfiler, artiklar bilete og anna digitalisert materiale for og om nordlendingar.
Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap
Selskap som vart stifta hausten 1998 med førmål om å auke kjennskapen til og interessa for bok- og bibliotekhistorie, og dessutan hjelpa til med å få registrerert, samla inn og teke vare på bok- og bibliotekhistorisk materiale.
Opplandsarkivet
Arkivet er eit samarbeid mellom musea i Oppland og Oppland fylkeskommune. Nokre av avdelingane er t.d. Maihaugen på Lillehammer og Randsfjordmusea.