Nettlesarar
Nettsider redaksjonelt vurdert
Google Chrome (usa)
Nettlesar frå Google. Minimalistisk, rask og enkel.
Microsoft: Internet Explorer (usa)
Her finn du Microsoft Internet Explorer på både engelsk, norsk og fleire andre språk. Internet Explorer finst på alle nyare Windows-PC-ar, og er no ute i verson 8.
Mozilla (usa)
Utviklarprosjekt som gjev ut nettpakka Mozilla, nettlesaren Firefox og e-postklienten Thunderbird. Prosjektet har utgangspunktet sitt i gamle Netscape, og dei nyare versjonane av Netscape er bygd på Mozilla-prosjektets arbeid. Tilrådd!
Opera
Rask og funksjonsrik norskutvikla nettlesar. Fullversjonen er heilt gratis. Opera produserer i tillegg nettlesarar for mobile einingar.
Safari (usa)
Nettlesaren som lenge har vore tilgjengeleg for Mac, er nå også råd å laste ned for PC. Førebels berre i betaversjon.
Firefox.no
Nettsidene til dei norske omsetjarane av produkta i Mozilla-familien. Alle produkta kan lastast ned og brukast heilt gratis.
Netscape (usa)
Her finn du restane av Netscape. Firmaet er ikkje lenger aktivt, og det vil sannsynlegvis ikkje kome fleire nye utgåver av Netscape Navigator. For nyare programvare som byggjer på Netscape, sjå Mozilla.
Avant Browser (cn)
Nettlesaren bruker same kjerne som Internet Explorer, men tilbyr bl.a. fleire funksjonar.
Flock (usa)
Browser og nettsamfunn i eitt. Kan integrerast med Facebook, Twitter, YouTube og Flickr.
Galeon (usa)
Denne raske nettlesaren byggjer på Mozillamotoren og er for dei som bruker Linux.
Ghostzilla (usa)
Nettlesar for de iparanoide. Du kan velje sjølv kor mykje som skal visast på skjermen din og programmet legg ikkje att om du t.d. vil køyre det frå ein USB-pinne.
Kirix (usa)
For Linux og Windows. Med denne nettlesaren kan du samle inn data sortert i tabellar, og han har støtte for å gruppere RSS-feedar rett i nettlesaren.
K-Meleon (usa)
Nettlesaren byggjer på Gecko og er rask og bruker difor lite minne. Har full støtte for å bruke favorittar både frå Firefox, Internet Exporer og Opera.
Links
Links er nettlesaren for dei som vil å surfe i noko som ser ut som eit vanleg terminalvindauge.
Maxthon Browser (usa)
Heit tidlegare MyIE2 og baserer seg på Internet Explorer. Fleire smarte funksjonar som gjer surfinga enklare.
Slim Browser (usa)
Fanebasert nettlesar som byggjer på Internet Explorer. Med denne kan du t.d. definere grupper med nettsider som man kan opne med eitt klikk og gøyme enkelte nettstader slik at dei ikkje kjem opp i fanevisinga.
SpaceTime (usa)
Tredimensjonal surfing. Sidene du opnar vert viste i eit tredimensjonalt rom som du kan navigere i, og du kan til dømes gjere Google-søk der sidene i søkjeresultatet vert opna på rekkje og rad innover i biletet.
Tucows: Web browsers (int)
Her finn du eit breitt utval av nettlesarar og meta-nettlesarar som anten bruker Mozilla eller Internet Explorer som hovudkomponent.
WebLOS
Tekstbasert nettlesar i DOS som er laga for blinde og svaksynte som ikkje kan bruke nettlosane (nettlesarane) i Windows.