Utanlandske nettsamfunn
Nettsider redaksjonelt vurdert
aSmallWorld (usa)
Den virtuelle leikegrinda til dei rike og kjende med nøye utvalde medlemer som oppfyller strenge kriterium. For å verte medlem må du verta invitert.
Barbie Girls (usa)
Barbie har fått sitt eige nettsamfunn der unge eigarar av den 48 år gamle dokka kan treffe kvarandre i ei virtuell verd. Her kan dei òg handle klede og møblar til jenterommet, spele spel, og om dei ønskjer det kan dei adoptere eit dyr.
Bebo.com (usa)
Nettsamfunn der brukarane kan dele video og anna multimediainnhald.
Big Think (usa)
Webteneste som skal vere møteplassen for akademikarar, politikarar, forfattarar og andre intellektuelle.
Bragster (uk)
Jackass møter Facebook. Her kan ein utfordre kvarandre eller seg sjølv til å gjere ulike stunts, som å møte på jobb i pyjamas eller å kysse ein ukjend.
Club Penguin (usa)
Barnevenleg virtuell verd der barn kan spele spel, ha det moro og ha kontakt med kvarandre.
CollectiveX (usa)
Nettsamfunn der t.d. grupper kan møtast for å utveksle informasjon, kalender, filer, dokument og kommunikasjon.
Daily Motion (fr)
Video-nettsamfunn som kombinerer profesjonelt og amatør-materiale.
Damsels in Success (usa)
Nettsamfunn for karrierekvinner. Her kan du diskutere alt fra jobbmoglegheiter, entreprenørskap, korleis kombinere jobb og foreldrerolla og andre område innanfor jobbkvardagen.
Doostang (usa)
Nettsamfunn for verksemder, starta av Harvard, Stanford og MIT.
Druttizen Community (se)
Nettsamfunn for nordmenn, svenskar og danskar. Svensk språk.
Facebook Studio (usa)
Her kan reklamebyråer dele idéer og kommentere reklamekampanjer.
Facebook (usa)
Populært nettsamfunn! Her kan du lage deg profil, finne vener, sende meldingar, leggje inn bilete og mykje meir.
Flickr (usa)
Stor og solid bilet-teneste der internettbrukarar kan laste opp og dele fotografi med andre. Ein kan avgjere kven som skal ha tilgang til bileta ein legg ut. Fungerer omtrent som ein slags blogg for fotografar over heile verda.
Flock (usa)
Browser og nettsamfunn i eitt. Kan integrerast med Facebook, Twitter, YouTube og Flickr.
Flux (usa)
Teneste som gjer det mogleg å lage sosiale nettverk, anten som eiga teneste eller påheng til ei eksisterande side.
Footytube (usa)
Oppdatert og oversynleg nettside der du kan sjå mykje fotballvideo. Diskutere fotball kan du også.
Fotolog (usa)
Stort internasjonalt nettsamfunn for fotointeresserte spesielt. Her kan du føre fotodagbok og få tilbakemeldingar på dine bilete frå andre.
Foursquare (int)
Stadsbasert sosial nett-teneste med mobilapplikasjon. Med denne kan du halde deg oppdatert på kvar venane dine er.
Friendfeed (usa)
Nettsamfunnteneste der du kan samle alle dei sosiale aktivitetane til deg og venene dine.
Google: Buzz (usa)
Sosial nettteneste knytt til Googles Gmail-teneste. For web og mobil.
Gowalla
Stadsbasert sosial nett-teneste med mobilapplikasjon. Med denne kan du halde deg oppdatert på kvar venane dine er.
Hatebook (usa)
Eit antisosialt nettsamfunn som set deg i kontakt med menneska du hatar.
Jagsaknardig.se (se)
Nettsamfunn der du kan dele tankar, funderingar og kjensler.
LinkedIn (usa)
Sosial nettverksteneste som gjer det enkelt å kome i kontakt med kollegaer, vener og andre kjende. Fokus på karriere og jobb.
Listal (uk)
Nettsamfunn det du også liste opp og ha kontroll på filmar, TV-program, musikk, bøker og dataspel du anten har eller har sett/høyrt/lese/spela.
Mahalo.com (usa)
Søkjeteneste og nettsamfunn som fokuserer på brukarstyrte bidrag framfor algoritmar som Google gjer.
Mashable: The Twitter Guide Book (usa)
For lærdom om kva Twitter er og korleis du bruker tenesta, les her.
Multiply (usa)
Nettsamfunn bygd på deling av digitalt innhald.
Myfaceweb (it)
Nettsamfunn-teneste.
MySpace (usa)
Nettstaden byrja som ein treffstad på nett for unge amerikanarar. Artistar av alle slag brukar no MySpace til marknadsføring av seg sjølv. I tillegg inneheld sidene horoskop, spel, bloggar, chat, musikkvideoar m.m.
Ning (usa)
Teneste som let deg lage din eigen sosiale nettstad.
NOSO (usa)
Nettsamfunn som i motsetnad til alle andre ikkje gjev deg høve til å få vener, opplevigar eller kontaktar.
Open Source Food (usa)
Nettsamfunn for entusiastiske matelskarar der oppskrifter og bilete vert delt, og alt om mat diskutert.
Orkut (usa)
Googles eige nettsamfunn. Her treng du ikkje invitasjon for å bli med.
Palabea
Nettsamfunn som fokuserar på språklæring. Medlemmane kan lære og lærar bort språk.
Papermint Online Society (at)
Nettrollespel der målet er å verte mest populær og å skaffe seg mange vener. Samstundes skal du utvikle avataren sin, litt som i World of Warcraft. Kjem på engelsk over sommaren.
Playboy U (usa)
Nettsamfunn utvikla av Playboy for collagestudentar i statane. Tek opp konkurransen med Facebook med mange av de same funksjonane. Det vert presisert at klede skal vere på.
Pownce (usa)
Her kan du sende meldingar, filer, peikare og hendingar til venene dine. Du kan lage eit nettverk av folk du kjenner og dele saker og ting med dei, men for å bli med må du verte invitert.
Respectance (nl)
Netteneste som er vigd til dei som har gått bort. Alle kan opprette ei minneside for ein som er avliden, og det er også råd å søkje etter oppretta minnesider. Her kan du leggje inn bilete, fødsels- og dødsdato, namn m.m.
Second Life (usa)
Ei virtuell 3D-verd der du gjennom eit program på datamaskina di styrer ein figur (kalt avatar), som kan vere med og kommunisere med både andre avatarar og miljøet rundt.
Slide (usa)
Let deg bruke foto og anna digitalt materiale for å publisere ting du bryr deg om.
Snooth (usa)
Eit sosialt vinnettverk der du kan få tips om vinar, kvar du kan shoppe vin, snakke om vin med andre, lære om vin m.m.
Solid Love (se)
Møteplass for kristne som vil treffe nye vener eller finne ein livskamerat.
Stardoll (se)
Eit slags nettsamfunn der ein kan kle på dokker. Ein kan velje mellom kjendisar og artistar til å kle opp.
StyleMob (usa)
Nettsamfunn som går ut på å dele motar og motetabbar med kvarandre. sidene er på engelsk.
Tangle (usa)
Nettsamfunn og videodelingsnettstad med kristen, familievenleg profil. Tenesta, som tidlegare heitte GodTube, er også open for ikkje-kristne.
The Auteurs (usa)
Nettstad der du kan sjå filmar, vanlegvis for ein viss sum, og diskutere dei med trusfellar. Krev innlogging.
ThisMoment (usa)
Nettsamfunn der du kan lagre og dele augneblinkane i livet ditt.
Twango (usa)
Nettsamfunn der det vert satsa på deling av media, t.d. foto, video, lyd og dokument.
Twitter (usa)
Nettsamfunn og bloggteneste der brukarane kan sende små oppdateringar om seg sjølv via sms, IM eller mail m.m.
Vimeo (usa)
Populært nettsamfunn for deling av video.
VIRB (usa)
Nettsamfunn der du lett finn vener med same interesser som deg sjølv. Du kan dele bilete, videoar, musikk, bøker m.m.
Weplay (usa)
Nettsamfunn for dei som diggar sport. Her finn du aktivitetar, lagkameratar, vener og mange ulike grupper. For både barn, vaksne, lagspelarar og fans.
WikiYou (usa)
Nettsamfunn som etter eigne ord kallar seg «Wikipedia for folket». Oppfordrer brukarane til å ope skrive om kvarandre og dokumentere hendingar i liva til kvarandre.
Yammer (usa)
Mikrobloggingsverktøy for bedrifter og organisasjonar.