Ridesenter og rideturar
Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Alna Ridesenter
Tilbyr ridekurs for alle aldrar på alle nivå, rideturar i skog og mark, bryllaupskyøring og alt anna som har med hest å gjere.
Bakken Fjellgård
Driv utleige av hytter og rom i tilknyting til fjellgarden, arrangerer dessutan hesteriding og fisketurar.
Bekken Gård
Arrangerer rideturar på islandshest i Hessdalsfjella. Ligg i vakkert fjellterreng og har ein gard frå 1700-talet som base. Tilbyr opplevingar frå hesteryggen.
Blixland Hestesenter AS
Tilbyr rideskule og kurs, privat oppstalling med gode treningstilhøve, tilriding, overnattingsmoglegheiter og rideleir. Blixland arrangerer òg selskap og spesielle tilstellingar både for firma og familiar.
Buen Performance Horses
Vevstad om westernriding og amerikanske quarter-/painthestar. Import, trening og undervisning m.m.
Busteruds Hesteskyss
Tek på seg t.d. bryllaupskøyring, filminnspelingar, kanefart og paradar.
Chamoristallen
Ridesenter som ligg i fjellbygda Lesja i Gudbrandsdalen. Arrangerer riding for alle, og rideleirar på sommarstid, både langhelg- og vekesleirar.
Dikemark Ride- og Fritidsklubb
Eit moderne rideanlegg med allsidige rideskulehestar som passar for både små og store ryttarar ligg ved Svinesjøen i Asker. Opplæring på ulike nivå.
Drøbak ridesenter
Inneheld masse informasjon om ridesenteret, hestane og dei hestefrelste som held til der.
Dyrhaug Ridesenter
Tilbyr fjellriding på islandshest i Sylane i Sør-Trøndelag. Her kan du lese om turane og sende inn bestilling.
Elveli Gård
Hestesportsenter med stall, rideopplæring og turriding. I samarbeid med Nordmarka Opplevelser AS tilrettelegg dei også arrangement for firma, utdrikkingslag og privatpersonar. Har eigne selskapslokale.
Epona Ryttersenter
Rideanlegg tilrettelagt for mosjonsryttarar og konkurranseryttarar. Tilbyr rideskulekurs og undervisning for privatryttarar.
Erik Holmin Fjordhester
Tilbyr m.a. hesteskyss og kanefart, for sjølve turopplevinga si skuld eller for å setje ein spiss på noko anna, t.d. eit bryllaup.
Eva's Ridesenter
Har islandshestar og arrangerer rideveke kvar sumar.
Fjellrittet
Familiebedrift som arrangerer rideturar både med og utan overnattingar i Jotunheimen.
Folkenborg Hestesenter
Hestesenter i Mysen som tilbyr rideskule, rideleirar og -tura, oppstalling og masse kos med hest.
Folldal Hestesenter
Hestesenteret kan by på rideleirar, rideturar i fjellet, oppstalling, trening av hest og mykje anna gøy med hest.
Fossanmoen
Garden i Rogaland arrangerer gardsferie, rideleirar, kurs og overnatting. Informasjon på norsk, engelsk og tysk. Bestilling på nettet.
Geilo Hestesenter
Rideturar på Hardangervidda, kanefart om vinteren. Arrangerer òg rideleirar med undervising i riding og hestestell.
Gjøvik Miljøhestesenter
Arrangerer ridekurs på kvardagar. Leirar om sommaren.
Grorud Gård
Ei «storfamiliebedrift» som arrangerer ridekurs for alle. Dei tilbyr dessutan rideleirar gjennom heile året.
Grytting Hestesenter
Senteret ligg på Stokmarknes og kan tilby rideleirar, kurs og andre arrangement for hesteinteresserte.
Grønne Gressganger AS
Hestepensjonatet tilbyr stallplass, vekentleg sprang- og dressurtrening med instruktørar, solarium, skrittemaskin, beite, paddock m.m.
Hallingskarvet Hestegård
Staden for dei som vil sjå hestar, lære å ri eller oppleve fjellet frå hesteryggen.
Harstad hestesportsenter
Tilbyr alt innen ridesport og travsport med profesjonell travtrener, fisketurer, gårdsliv m.m.
Hedemarken Hestesenter
Hestesenteret driv rideskule og kurs, har eigen hovslagar og sel heste- og rideutstyr.
Helgaker gård
På garden i Gran får du tilbod om overnatting, og dei driv to program knytte til hest og natur: «Horsetales», er eit utviklingsprogram for organisasjonar, og «Eventyrrittet» er rideturar i kultur- og historielandskapet på Hadeland.
Hemsedal Hestesenter
Hestesenteret er ein av Noregs største arrangørar av vekesrideturar i fjellet.
Hesteskoen
Sel hesteutstyr som dekken, hovudlag, støvlar og hjelmar over nettet og i butikk. Har også ridesenter der dei tilbyr rideopplæring og -feriar.
Hestetur.no
Tilbyr kløvturar, rideturar og køyring med hest og vogn til firmafestar, barnehagar, bryllaup eller andre høve. Har blogg på sidene.
Hest i Villmark
Villmarksleir i Risør der du har høve til å nyte natur, leirliv med bål og heimelaga mat, aktivitetar som skyting med luftgevær og pil og boge, padling, bading og sjølvsagt riding.
Hjelmås Hestesenter
Ligg i Lindås kommune i Nordhordland, og arrangerer aktivitetar med hest for grupper og enkeltpersonar.
Hollekve Ranch
Aktivitetssenter spesielt for barn og unge, med utgangspunkt i hestar og dyr. Fleire ulike aktivitetar med stell av hest, riding, køyring med vogn m.m.
Hubertus Rideleir
Arrangerer rideleirar i haugesundstraktene for barn og unge mellom 7 og 14 år.
Hønefoss og Ringerike Rideklubb
Nytt og moderne ridesenter. Ridekule og oppstalling av privathester. Alle fasiliteter.
Islandshester.no
Ridekurs, rideleir og mykje anna for deg som er islandshest-frelst!
Islandshestsenteret på Sørlandet
Eit av noregs største kurs- og opplevingssenter spesialisert på islandshest. Ligg i Søgne kommune.
Kirksæthers Rideskole
Ei familieverksemd som tilbyr rideskule og rideleir.
Klosterskogen Ridesenter
Senteret arrangerer ridekurs på alle nivå.
Kragerø Ridesenter
Lær å ri, sprang og dessur. Tilbyr òg firmaturar.
Krovågen Hestesenter
Hestesenter og ponnystutteri, med tilbod om ulike aktivitetar for barn, ungdom og vaksne knytte til ponny, hest og ridesport.
Kvistli Islandshester
Rideturar på islandshest i skogsterreng og på fjellet i Folldal.
Landøy Hestesenter
Rideleir, hesteskyss, dagsturar eller helgar/ferieopphald.
Lefdals Rideskole
Rideskulen i Tønsberg har kurs for alle aldrar og nivå.
Lutsi Hestesenter
Hestesenter med eigen rideskule som tilbyr privattimar, turar, og rideleir med overnatting. Senteret tilbyr også eigne kurs frå eksterne kurshaldarar og har eigen hovslagar.
Lystgaardens islandsheste (dk)
Høve for gardsferie, rideleir og rideferie i Danmark.
Marits Rideskole
Informasjon om ridesenteret, rideskulen, sommar- og helgekurs m.m.
Melfald Gård-Stall OL
Stallen driv kursverksemd, oppdrett, konkurransar, tilriding og sal av hest.
Mesna Islandshest Senter
Arrangerer ridekurs og -leirar. Stutte og lange rideturar for både born og vaksne.
Norefjell Hestesenter
Rideturar over fleire dagar på Norefjell.
Norsk Fjordhestgard
Rideleirar, ridekurs og turar er noko av det dei tilbyr på Norsk Fjordhestgard i Gloppen i Sogn og Fjordane.
Norsk Fjordhestsenter
Senteret er klassifisert som nasjonalt hestesenter, og tilbyr mellom anna rideleirar.
Norsk Hestesenter
Eit fagleg senter for utdanning av hestepersonell og for avl av hest i Noreg. Mykje informasjon om hestehald og hesterasar. Også ein del stoff for deg som har hest som hobby.
Os turridning
Arrangerer rideturar i skogane og fjella i Østerdalen. Driv også trening av gjetarhund.
Peer Werner Vogel
Underviser både menneske og hestar i westernriding.
Rauland Ridesenter
Rauland Ridesenter i Telemark tilbyr ridekurs og turriding tilrettelagde på alle nivå. Her kan du lese meir om aktivitetstilbodet, innkvartering og prisar.
Revhaug Gård
Gode råd om fôring, stell og riding av islandshest.
Ridetur i Hallingdalsfjellene
Vekesturar på hesteryggen i Hallingdalsfjella.
Ringerike gård Ridesenter
Hestesenteret ligg i Sørkeldalen ved innfallporten til Nordmarka. Her har dei ridehus, flotte luftegardar og fantastiske turmoglegheiter.
Riska Rideklubb
Rideklubb og ridesenter i Riska i Sandnes kommune med 140 medlemmer og 45 hestar. Ridesenteret har rideskule, ridehall og hesteutstyrsbutikk.
Røysland Gård
Har villmarks- og rideleirar for skuleelever. Til garden, som ligg i Risør, høyrer store deler av Skarvatn, eit stort ferskvatn med godt høve til bading og fiske.
Sagaøya Hestesenter
Hyggeleg rideleir med islandshestar.
Sandslia ridesenter
Informasjon om dei ulike ridekursa dei tilbyr.
Skogshorn Hytteutleie og Hestesenter
Ligg i Hemsedal, om lag 860 m.o.h., med utsikt til Skogshorn og Storevatn. Arrangerar også rideleir frå søndag til laurdag kvar veke heile sommaren.
Solheim Rideleir
Rideleirar sidan 1990. Ligg i Henning.
Sollia Hesteridning
Dagsturar med hest, eller rideturar kombinert med overnatting i tømmerstove. Det blir òg arrangert ridekurs.
Stall Blakstad
Blakstad Hovedgård har historiske tradisjonar for avl og røkt av hestar. Nettstaden inneheld informasjon om ridesenteret, Blakstad Hestesportklubb, skulehestane og lokalhistorie m.m.
Stall Brusletto
Stall Brusletto ligg like utanfor Geilo sentrum og tilbyr tilpassa rideturar i Hallingskarvet. Her finn du firmainformasjon og prisliste.
Stall-C Ridesenter
Ridesenter med tilbod på rideskule, privattimar, handicapriding, turar og rideleir med overnatting.
Stall Hafskjold
Heimesida til sprangryttar Jan Auen Hafskjold. Her blir hestane og ryttarane til Stall Hafskjold presenterte. Inneheld blant anna oppdaterte stemneresultat.
Stall Kjellbotn
Driver rideleir og andre aktivitetar med islandshest.
Stall Kjersem
Stall Kjersem i Tresfjorden i Romsdal er eit ridesenter, gardsanlegg og seter som blant anna tilbyr rideleirar.
Stall Krafla
Rideturar med islandshest i variert terreng.
Stall Nedenes
Ridesenter som kan tilby skreddarsydde løysingar med heilpensjon. Har 15 stallboksar.
Stall Nersvei
Tilbyr rideturar (med overnatting) og ridekurs i naturskjønne omgjevnader i Rondane.
Stall Røros
I stallen driv dei dressur- og ridekurs. Arrangerer også kanefart og rideturar.
Stall Vassenden
Ride- og aktivitetssenter i Jølster i Sogn og Fjordane.
Steinseth Ridesenter
Tilbyr ridekurs på det moderne rideanlegget sitt.
Storlien Fjellridning DA
Tilbyr opplevingar med hest i fjellet.
Strand Rideskole
Tilbyr rideleir, påskekurs, haustkurs m.m.
Strandsjø Hestesenter
Tilbyr opplevingsferiar med rideleir, rideskule, utleige av hest og mykje mer.
Sulseter Rideleir
Rideleir med undervising i hestestell og rideturar i fjellområda i Gudbrandsdalen. Tilbyr òg rideturar utanfor undervisningsopplegget.
Sør-Trøndelag kjørelag
Nettsida inneheld informasjon om køyrelaget, kurs, aktivitetar, medlemmer, styret og e-posttenester.
Tandberg Ridesenter
Grunnleggjande opplæring i riding og handtering av hest og utstyr.
Torp Trav og Ridesenter
Ridekurs for alle nivå og aldersgrupper. Arrangerer eigne kurs for vaksne.
Torstad gård
I tillegg til dyrking av korn og fôr, driv garden stall med islandshestar og utleige av stallplassar, i tillegg til at dei leiger ut lokale til nærings- og bustadføremål.
Trosterudstallen
Rideskulen ligg sentralt i Oslo, nær Oslo Sentralstasjon, og tilbyr ridekurs heile året.
Trysil-stallen
Tilbyr riding, villmarksturar, naturopplevingar og kanefart i Trysilområdet.
Tuvengmoen gård
Ridesenter med instruktør og 15-20 hestar. Garden leverer òg skigardar og eigenprodusert kalvekjøt.
Uren Luren Islandshest og Gårdsferie
Gardsferie i nærleiken av Kristiansand. Tilbyr m.a. ridekurs og rideturar med islandshestar.
Uvdal Aktivitetsgård
Garden arrangerer rideturar på Hardangervidda, og rideleir for dei som er mellom 10-18 år.
Wido Neuroth AS
Trening av galopphestar og deltaking i laup.
Øien Øvre
Informasjon om hestaktiviteter på Øien Øvre. Tilbyr fjellturer med hest om sommeren, samt sledekjøring og andre hestaktiviteter året rundt.