Nettsider redaksjonelt vurdert
Lommelegen
Fyldig helsenettstad, skriven i eit lettforståeleg språk, med informasjon om symptom, sjukdomar, skadar osb.
Klara Klok
Har du spørsmål som er vanskelege å stille? Spørjesida «Klara Klok» har ungdom og unge vaksne som hovudmålgruppe, og fokuserer på emna helse, forhold og familie, rusmidlar og seksualitet.
Ung.no
På ung.no kan ungdom finne svar på spørsmål om alt frå utdanning til rasisme og helse. Tenesta vert driven av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet.
Barneombodet
Barneombudet arbeider for born og unge frå 0 til 18 år. Barneombudet skal følgje opp all den lovgjevnaden som vernar barna sine interesser. Mykje informasjon på sida.
Beinggirl
Nettside for jenter med tema som kropp, tankar, venleik, seksualitet, forhold, musikk m.m. Har eiga spørjeteneste.
Doktor Online
Ein norsk møteplass for helse og livskvalitet. Lækjarar og spesialistar svarar på spørsmål og du kan diskutere i forumet deira. Nettsidene har også sjukdomsinformasjon, temaartiklar m.m.
Kirkens SOS
Kirkens SOS er ei døgnopen kriseteneste for dei som er i direkte fare for å ta sitt eige liv, og for dei som er i ei kjenslemessig eller eksistensiell krise. Telefonnummeret er 815 33 300. Du kan også sende e- post.
Kors på halsen
Raude Kross-telefonen for barn og ungdom har telefonnummer 800 333 21. Også på nettstaden for telefonen, «Kors på halsen», kan barn og unge anonymt melde og få svar frå vaksne. Her er også diskusjonsforum og temasider.
Sidetmedord.no
Ein nettstad der du kan sende inn spørsmål og få svar. Tenesta vert driven av Mental helse. Dei fleste brukarane er mellom 16 og 25 år.
Unghelse.no
Mykje informasjon om helse og livsstil, peikarar m.m.
Arbeid til spenning
Arbeidstreningsprosjekt for unge som slit psykisk og som er motiverte for å skulle kome seg vidare i livet, mot ein jobb, skule/utdanning og kursing for å auke kompetansenivået i seg sjølv. Vert driven av FRONT kompetansesenter i Molde.