Startsida /

Nettguide

  • Startsida
  • Søk
  • Nettguide
  • Video
    • Sett som startside

23. mai 2012

  • Startsida
  • Temaoversikt
  • Helse
  • Bransjar og bedrifter
  • Institusjonar og tenester
  • Sjukehus

Sjukehus

  • Lækjarar@ »

Nettsider

Sortér:

  • Alfabetisk
  • Geografisk

Fritt sjukehusval Noreg

Sjekk sjukehuskøen på desse nettsidene som gjev oversikt over moglege operasjonsplassar, forventa og historiske ventetider, og annan relevant informasjon. Fritt sjukehusval er retten ein har som pasient til å velje kva for eit offentleg sjukehus eller distriktspsykiatriske senter ein vil bli behandla på. Nokre private institusjonar er også med på ordninga.

Helse Midt-Norge

Helse Midt-Norge RHF har ansvar for sjukehus og annan spesialisthelseteneste i dei tre midtnorske fylka.

Helse Nord

Helse Nord RHF skal, gjennom helseføretaka, yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det uavhengig av alder, kjønn, bustad og økonomi.

Helse Sør-Øst

Statleg helseføretaksgruppe med ansvar for spesialhelsetenestene i Austfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder.

Helse Vest

Det regionale helseforetaket Helse Vest dekkjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Akershus Universitetssykehus

Helseføretaket er lokal og sentralsjukehus for kommunane i den sør- og austlege delen av Akershus (Follo og Romerike), og har delt ansvar på sentralsjukehusnivå i Asker og Bærum kommunar.

Aleris

Aleris Helse, ein stor aktør innan privat helsevesen i Noreg, tilbyr allmennhelse-, spesialisthelse- og sjukehustenester fleire stader. Selskapet Aleris har også verksemd innan psykiatri- og barnevern, samt eldre- og handikapomsorg.

Asker Endoskopiklinikk

Privat spesialistpraksis innan fordøyingssykdomar.

Bergen Diakonissehjem

Stiftinga Bergen Diakonissehjem er ein sjølvstendig institusjon innan Den norske kyrkja. I dag eig og driv stiftinga fleire institusjonar og tiltak: Haraldsplass Diakonale Sjukehus (med Sunniva Klinikk), Haraldsplass diakonale høgskole, Garnestangen Ungdomsheim og Sjelesorgsenteret Haraldsplass.

Bergen Kirurgiske Sykehus

BKS på Nesttun har operasjonstilbod innan ortopedi, handkirurgi og ryggkirurgi.

Blefjell Sykehus HF

Føretaket representerer ei samanslåing av dei tre tidlegare lokalsjukehusa på Kongsberg, Notodden og Rjukan, og har Telemark og Buskerud som sitt nærområde.

Colosseumklinikken AS

Selskapet har tannlækjarkontor fleire stader i landet, attåt ålmennlækjaravdeling i Oslo. Nettsidene har også ålmenn informasjon om tannhelse.

Diakonhjemmet Sykehus

Behandlingstilbod innan somatikk og psykiatri. Sjukehuset er akutt- og lokalsjukehus, dessutan har det regionssjukehusfunksjon innan revmatologi.

Drammen Private Sykehus

Spesialklinikk for kirurgiske fag. Sjukehuset har spesialistar i plastisk, ortopedisk og generell kirurgi, samt øyre-nase-hals og augekirurgi.

Epilepsisenteret - SSE

Landets einaste spesialsjukehus, kunnskaps- og forskningssenter innan epilepsi. Sjukehuset tek imot pasientar frå heile landet, til tverrfagleg diagnostikk og behandling.

Feiringklinikken

Spesialsjukehus for undersøkjing, behandling og rehabilitering av vaksne hjertesjuke.

Glittreklinikken

Eit landsdekkjande spesialsjukehus for utreiing, behandling og rehabilitering av menneske med lungesjukdomar.

Granheim Lungesykehus

Tilbyr eit tverrfagleg behandlingssystem til menneske med astma, kronisk bronkitt, emfysem og andre kroniske lungesjukdomar.

Haraldsplass Diakonale Sykehus

Eit privat diakonalt sjukehus eigd av Stiftelsen Bergen Diakonissehjem, med m.a. kirurgisk klinikk, medisinsk klinikk, poliklinikkar og radiologi.

Haugesund Medisinske Senter

Har eigne seksjonar for allmennmedisin, yrkesmedisin, auge, øyre-nase-hals, kardiologi, revmatologi, hud, plastikkirurgi, ortopedi og fysioterapi.

Helgelandssykehuset

Helgelandssjukehuset består av tre lokalsjukehus i Mo i Rana, Sandnessjøen og Mosjøen, med hovudkontor i Mo i Rana. Sjukehuseininga har både somatiske og psykiatriske avdelingar.

Helse Bergen

Helse Bergen består av 11 tidlegare sjølvstendige einingar, mellom dei Voss sjukehus, Sandviken sjukehus, Kysthospitalet i Hagevik og Haukeland Universitetssjukehus.

Helse Finnmark

Helse Finnmark HF leverer spesialisthelsetenester i heile fylket, og består av seksjon for rehabilitering og habilitering, seksjon for psykisk helsevern, seksjon for medisin, seksjon for kirurgi og seksjon for klinisk service.

Helse Fonna

Helseforetak for sjukehus (Haugesund sjukehus, Stord sjukehus, Odda sjukehus, Valen sjukehus) og tenester i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger.

Helse Førde

Føretaket omfattar dei fylkeskommunale helseinstitusjonane i Sogn og Fjordane, derimellom Førde sentralsjukehus (Førde og Florø), Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Ortopediklinikk Lærdal m.fl.

Helse Nordmøre og Romsdal

Sjukehus med veldifferensierte spesialisthelsetenester og spesialfunksjonar.

Helse Nord-Trøndelag

Foretaket består av sjukehusa i Namsos og Levanger.

Helse Sunnmøre

Har ansvaret for spesialisthelsetenesta på Sunnmøre.

Hjerteklinikken St.Elisabeth

Hjarteklinikken har sidan 1993 tatt seg av all hjertekirurgi ved Regionsjukehuset i Trondheim. Her finn du generell informasjon om hjarteoperasjonar og klinikken.

Hjerteovervåkningen ved Ullevål Universitetssykehus

Tek dagleg i mot pasientar med NSTEMI/UAP fra lokalsjukehusa i Helse Aust med tanke på angiografi, og skal ha regionfunksjon for primær-PCI behandling av akutte st-elevasjonsinfarkt (STEMI).

Hjertesenteret i Oslo

Hjartesenteret er eit offentlig sjukehus som utfører opne hjarteoperasjonar.

Ibsensykehuset

Privat sykehus mellom Tønsberg og Kristiansand. Tilbyr plastikk kosmetisk, gynekologi, ortopedi.

Idrettsklinikken Private Sykehus

Klinikken skal dekkje privatpersonar sine behov for effektiv og kompetent medisinsk behandling, slik at pasienten raskt skal kome attende til normallivet.

Kvinnesenteret

Kvinnesenteret ved Ullevål universitetssjukehus består av dei tidlegare kvinneklinikkane ved Ullevål og Aker sjukehus. Senteret er organisert i ei fødeavdeling og ei gynekologisk avdeling. Nettsida har også informasjon om forskingsprosjekt.

Kysthospitalet i Hagevik

Spesialsjukehus i ortopedisk kirurgi i Hagavik i Hordaland.

Lovisenberg Diakonale Sykehus

Sektorsjukehus for innbyggjarar i deler av Oslo, innan områda psykiatri og indremedisin. Hospice Lovisenberg er eit tilbod for alvorleg sjuke pasientar i sluttfasa av livet.

Martina Hansens Hospital

Spesialsjukehus for muskel- og skjelettlidingar og revmatisk sjukdom.

Medi 3

Privat medisinsk senter på Nordvestlandet. Tilbyr allmennlege, spesialist- og bedriftshelseteneste, og har dessutan ei eiga sjukehusavdeling.

Medisinsk-teknisk avdeling Rikshospitalet

Medisinsk-teknisk avdeling (MTA) har overordna ansvar for medisinsk-teknisk utstyr ved sjukehuset.

Mjøs-Kirurgene AS

Privat sjukehus som driv med ortopedi, auge- og generell kirurgi. Gjøvik, Lillehammer og Hamar.

Nordlandssykehuset

Helseføretaket Nordlandssykehuset består av dei to tidlegare Bodø-sjukehusa Nordland psykiatriske sjukehus og Nordland sentralsjukehus og Lofoten sjukehus i Gravdal, samt fleire distriktspsykiatriske senter.

Oslo universitetssykehus

Oslo universitetssykehus er ått av helse Sør-Øst og er samansett av dei tidlegare helseføretaka Aker universitetssykehus, Rikshospitalet og Ullevål universitetssykehus. Sjukehuset leverer spesialisthelsetenester og har lands- og regionsfunksjonar.

Oslo Universitetssykehus, Aker

Universitetssjukehuset er tilknytt Universitetet i Oslo og Det Medisinske Fakultet og har betydelege aktivitetar innan medisinsk forsking og fagutvikling.

Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet

Rikshospitalet HF er eit høspesialisert universitetssjukehus med mange landsdekkjade oppgåver. Rikshospitalet HF er ei samanslåing av mange tidlegare statssjukehus (inkl. Radiumhospitalet) og er lokalisert fleire stader på Sør- og Austlandet.

Oslo Universitetssykehus, Ullevål

På denne nettstaden finn ein informasjon om verksemda, forsking og utdanning, pasientinfo og ei oversiktleg liste som tek føre seg Ullevål frå A til Å.

Privatsykehuset i Haugesund

Sjukehuset tilbyr omgåande undersøking og behandling til alle pasientar, sjølvbetalande og forsikringspasientar.

Radiumhospitalet

Spesialsjukehus for behandling av kreft. Ligg på Montebello, Oslo.

Revmatismesykehuset AS

Spesialsjukehus for revmatiske sjukdomar på Lillehammer, med poliklinikk, sengeavdelingar og ei spesiell lærings- og meistringsavdeling.

Ringerike sykehus HF

Sjukehuset skal sørgje for sjukehustenester til befolkninga i øvre Buskerud. Det inkluderer også umiddelbar hjelp-funksjon for Jevnaker kommune.

Ringvoll Klinikken AS

Tilbyr ei rekkje legetenester, som allmennmedisin, kardiologi, generell og plastikk kirurgi m.m.

Rosenborgklinikken AS

Sportsklinikken held til i klubbhuset til Rosenborg Ballklubb. Tilbyr medisinsk diagnose og ulike behandlingsmåtar til både idrettsutøvarar og andre.

Senter for sjeldne sykdommer og syndromer

Smågruppesenteret vart oppretta i 1994 ved Rikshospitalet i Oslo, som ein del av regjeringas handlingsplan for funksjonshemma.

Spesialsykehuset for Rehabilitering (SSR)

SSR er eit leiande behandlings- og kompetansesenter i Helse Sør-Aust, og tilbyr tverrfagleg spesialisert rehabilitering til heile landet. Kjerneverksemda til sjukehuset er pasientbehandling innan fysikalsk medisin, rehabilitering og vaksenhabilitering.

Stavanger Universitetssjukehus

Nettsider for Helse Stavanger HF - Stavanger Universitetssjukehus (SUS).

Stavanger Universitetssjukehus: Barneklinikken

Eiga nettside for barneklinikken i Helse Stavanger HF, som er ein av dei største slike i landet.

St. Olavs Hospital

Nettstad for universitetsjukehuset i Trondheim. Sjukehustilboda i Sør-Trøndelag er samla i eitt helseføretak. St. Olavs Hospital.

Sunnaas sykehus

Sykehuset driv utreiing og behandling av pasientar med alvorlege og langvarige funksjonshemmingar.

Sykehuset Asker og Bærum HF

Sjukehuset er lokalsjukehus for befolkninga i kommunane Asker og Bærum og har også sentralsjukehusfunksjonar på ein rekkje område.

Sykehuset Buskerud HF

Tidlegare Drammen Sjukehus. Her finn ein informasjon om verksemda, avdelingane, forsking m.m.

Sykehuset Innlandet HF

Fleire av sjukehusa i Hadmar og Oppland er med i helseføretaket. I tillegg ligg desentraliserte tenester innanfor både psykiatri og somatikk innanfor helseføretaket.

Sykehuset i Vestfold HF

Driv spesialisthelseteneste innan somatikk. Sjukehuset har lokale i Larvik, Sandefjord, Horten og Tønsberg.

Sykehuset Levanger

Sidene inneheld ein del informasjon for pasientar.

Sykehuset Namsos

Sjukehuset Namsos har sentral og lokal sjukehusfunksjon for 14 kommunar i Nord-Trøndelag, ein i Sør-Trøndelag og ein i Nordland.

Sykehuset Telemark HF

Sjukehuset Telemark omfattar tidlegere Telemark sentralsjukehus, Kragerø sjukehus, Ambulansetenesta og Habiliteringstenesta. Er lokalisert i 5 kommunar - Skien Porsgrunn, Bamble, Kragerø og Nome - og har behandlingstilbod både i somatikk og psykiatri.

Sykehuset Østfold HF

Somatisk sjukehus i Helse Aust RHF,som driv utreiing og behandling i Fredrikstad, Moss, Askim, Halden og Sarpsborg.

Sørlandet sykehus HF

Sørlandet sjukehus helseforetak er ei samanslåing av Aust-Agder sjukehus, Vest-Agder sjukehus og Lister sjukehus.

Tromsø Private Sykehus

Sjukehuset tilbyr tenester innanfor plastisk kirurgi, ortopedi og øyre-nase-hals.

Trondhjems Hospital

Institusjonen er unik i norsk historie. Den har vore i kontinuerleg drift som mild stifting på same tufter sidan 1277.

Universitetssykehuset Nord-Norge

Sjukehuset held til i Tromsø. På nettsidene deira fins utfyllande informsjon for pasientar, pårørande og fagfolk.

Vestre Viken HF

Samanslåing av Ringerike sykehus, Sykehuset Buskerud, Sykehuset Asker og Bærum og Kongsberg sykehus. Helseføretaket leverer sjukehus- og spesialisthelsetenester.

Volvat Medisinske Senter

Det største private lækjarsenteret i Noreg og sjukehus i Oslo, med allmennlækjarar og spesialistar med kompetanse i dei fleste medisinske fagfelt. Volvatgruppa omfattar også lækjarsenter i Bergen, Vestfold, Østfold og Hamar.

Helsenyheter

  • - Men helsa er fin!Aftenposten - 00:37
  • Slik finner du det sunneste grillkjøttetKlikk.no - 21:42
  • Han vil skjerpe hodet dittNRK.no - 21:27
  • Har du prøvd slankeopplegget PLUSS?Slankenett - 20:35
  • Ferdigkaker fulle av E-stofferNRK.no - 19:53

ABC Startsiden

  • Søk
  • Nettguide
  • Hvordan

Startsiden.no

  • Om oss
  • Gi oss tilbakemelding
  • Kontakt

Følg oss

  • Startsiden blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Last ned mobil app

Annonsere hos oss

  • Annonseweb
  • Annonseprodukter
  • Guidelines
  • Priser
  • Adm. dir. og ansvarlig redaktør: Espen Udland
  • Copyright © ABC Startsiden AS 1996-2011
  • Ad-serving powered by Emediate

ABC Startsiden AS

Startsiden er en del av ABC Startsiden AS

  • Om selskapet
  • Våre produkter
  • Kontakt oss