Nettsider
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
Sorter etter fylke
Akershus
Bærum musikkterapi-institutt
Privat institutt som arbeider med behandling av psykisk utviklingshemma, autistar og menneske med åtferds- og lærevanskar. [ Akershus: Bærum ]
Dissimilis
Nettsider for Landsforbundet Dissimilis, som arbeider for at menneske med ulike læringsvanskar skal få ta del i musikk- og kulturaktivitetar ut frå eigne føresetnader, og Dissimilis Kultur og kompetansesenter i Bærum, som hovudsakleg arbeider for og med psykisk utviklingshemma. [ Akershus: Bærum ]
Ellen Velde Kompetanse
Ellen Velde gjev ut boka «Funksjonell sittestilling for rullestolbrukere». Målgruppa er rullestolbrukarar, terapeutar, helsepersonell og andre som arbeider med og har ansvar for menneske som sit i rullestol. [ Akershus: Bærum ]
Frambu - senter for sjeldne funksjonshemninger
Frambu er eit landsdekkjende informasjons- og kompetansesenter for sjeldne funksjonshemmingar. Frambu omfattar Stiftelsen Frambu og Frambu barnehage og skole. [ Akershus: Ski ]
Sunnaas sykehus
Sykehuset driv utreiing og behandling av pasientar med alvorlege og langvarige funksjonshemmingar. [ Akershus: Nesodden ]
TRS - et kompetansesenter for sjeldne diagnoser
TRS er eit kompetansesenter for sju sjeldne diagnosegrupper, er ein del av Sunnaas sykehus HF, og ligger på Nesodden utanfor Oslo. Nettsida har informasjon om diagnosene. [ Akershus: Nesodden ]
Buskerud
Eikholt
Nasjonalt ressurssenter for døvblinde. Inneheld informasjon om senteret og mange pekarar vidare. [ Buskerud: Drammen ]
Hordaland
Stiftelsen Solhovden
Feriestad for psykisk utviklingshemma i Hordaland. [ Hordaland: Bergen ]
Nordland
Døvekompetanse AS
Verksemda har eit nettverk av konsulentar som gjennom rådgjeving, kurs og seminar vil kunne hjelpe offentlege organ og fagfolk med å etablere tiltak innanfor habilitering/rehabilitering av døve og hørselshemma med trong for særskilde ordningar. [ Nordland: Hadsel ]
Oppland
JL - Målretta Kurs og Rettlsiing
Opplæring og rettleiing i effektive og positive behandlingsmetodar som byggjer på Anvendt Atferdsanalyse (ABA - Applied Behavior Analysis) og Målretta Miljøarbeid. [ Oppland: Vestre Toten ]
Oslo
FunkWeb Services
Tilbyr tenester innanfor data og informasjonsteknologi, trykksaker og opplæring/kursing. Fungerer som tilrettelagd arbeidsplass, og vart i si tid etablert for å gje funksjonshemma relevant kompetanse og arbeidserfaring. [ Oslo: Sagene ]
Audiopedagogene
Rehabilitering for høyrslehemma/audiopedagogisk behandling. [ Oslo: Sentrum ] [ Oslo: St. Hanshaugen ]
Stiftelsen Radarveien Dagsenter
Stiftinga gjev dagtilbòd / tilrettelagt arbeidstilbòd til psykisk utviklingshemma som er over 20 år og bur i Oslo, og avlastingstilbòd til familiar med psykisk utviklingshemma medlemmer i alle aldrar. [ Oslo: Nordstrand ]
Rogaland
Institutt for Anvendt Atferdsanalyse
Gjev barn med autisme, utviklingshemmigar og andre lærevanskar opplæring og behandling. Tilbyr også kurs, workshops og hospitering for foreldre og fagpersonar. [ Rogaland: Haugesund ] [ Rogaland: Stavanger ]
Sør-Trøndelag
Peder Morset folkehøgskule
Skulen, som ligg ved Selbusjøen i Selbu, er «ein verkstad for det integrerte samfunn», idet ca. 40 av 64 har ei form for utviklingshemming. [ Sør-Trøndelag: Selbu ]
Stiftelsen Signo
Vil, på eit kyrkjeleg og diakonalt grunnlag, gjennom fagleg profesjonalitet og på premissa til brukarane, sikre eit profesjonelt tilbod til dauvblinde og dauve som treng det. [ Sør-Trøndelag: Trondheim ]
Telemark
Granlien Aktivitetssenter
Senteret ligg i Kviteseid og har fleire hus som er tilrettelagde for funksjonshemma. Senteret kan brukast til konferansar, eller til rekreasjon for alle typar grupper funksjonshemma både sommar og vinter. [ Telemark: Kviteseid ]
Vestfold
Prosjekt felles framtid
Gir opplæring innan butrening, yrkesretta arbeidstrening og organiserer fritidstilbod for utviklingshemma i Sandefjord. Sida inneheld eit diskusjonsforum og nokre peikarar vidare. [ Vestfold: Sandefjord ]
Østfold
Rishaugen Avlastningssenter
Avlasting for funksjonshemma barn, ungdom og vaksne. [ Østfold: Halden ]