Nettsider redaksjonelt vurdert
Sortér:
- Alfabetisk
- Geografisk
FunkWeb Services
Tilbyr tenester innanfor data og informasjonsteknologi, trykksaker og opplæring/kursing. Fungerer som tilrettelagd arbeidsplass, og vart i si tid etablert for å gje funksjonshemma relevant kompetanse og arbeidserfaring.
Audiopedagogene
Rehabilitering for høyrslehemma/audiopedagogisk behandling.
Bærum musikkterapi-institutt
Privat institutt som arbeider med behandling av psykisk utviklingshemma, autistar og menneske med åtferds- og lærevanskar.
Dissimilis
Nettsider for Landsforbundet Dissimilis, som arbeider for at menneske med ulike læringsvanskar skal få ta del i musikk- og kulturaktivitetar ut frå eigne føresetnader, og Dissimilis Kultur og kompetansesenter i Bærum, som hovudsakleg arbeider for og med psykisk utviklingshemma.
Døvekompetanse AS
Verksemda har eit nettverk av konsulentar som gjennom rådgjeving, kurs og seminar vil kunne hjelpe offentlege organ og fagfolk med å etablere tiltak innanfor habilitering/rehabilitering av døve og hørselshemma med trong for særskilde ordningar.
Eikholt
Nasjonalt ressurssenter for døvblinde. Inneheld informasjon om senteret og mange pekarar vidare.
Ellen Velde Kompetanse
Ellen Velde gjev ut boka «Funksjonell sittestilling for rullestolbrukere». Målgruppa er rullestolbrukarar, terapeutar, helsepersonell og andre som arbeider med og har ansvar for menneske som sit i rullestol.
Frambu - senter for sjeldne funksjonshemninger
Frambu er eit landsdekkjende informasjons- og kompetansesenter for sjeldne funksjonshemmingar. Frambu omfattar Stiftelsen Frambu og Frambu barnehage og skole.
Granlien Aktivitetssenter
Senteret ligg i Kviteseid og har fleire hus som er tilrettelagde for funksjonshemma. Senteret kan brukast til konferansar, eller til rekreasjon for alle typar grupper funksjonshemma både sommar og vinter.
Institutt for Anvendt Atferdsanalyse
Gjev barn med autisme, utviklingshemmigar og andre lærevanskar opplæring og behandling. Tilbyr også kurs, workshops og hospitering for foreldre og fagpersonar.
JL - Målretta Kurs og Rettlsiing
Opplæring og rettleiing i effektive og positive behandlingsmetodar som byggjer på Anvendt Atferdsanalyse (ABA - Applied Behavior Analysis) og Målretta Miljøarbeid.
Peder Morset folkehøgskule
Skulen, som ligg ved Selbusjøen i Selbu, er «ein verkstad for det integrerte samfunn», idet ca. 40 av 64 har ei form for utviklingshemming.
Prosjekt felles framtid
Gir opplæring innan butrening, yrkesretta arbeidstrening og organiserer fritidstilbod for utviklingshemma i Sandefjord. Sida inneheld eit diskusjonsforum og nokre peikarar vidare.
Rishaugen Avlastningssenter
Avlasting for funksjonshemma barn, ungdom og vaksne.
Stiftelsen Radarveien Dagsenter
Stiftinga gjev dagtilbòd / tilrettelagt arbeidstilbòd til psykisk utviklingshemma som er over 20 år og bur i Oslo, og avlastingstilbòd til familiar med psykisk utviklingshemma medlemmer i alle aldrar.
Stiftelsen Signo
Vil, på eit kyrkjeleg og diakonalt grunnlag, gjennom fagleg profesjonalitet og på premissa til brukarane, sikre eit profesjonelt tilbod til dauvblinde og dauve som treng det.
Stiftelsen Solhovden
Feriestad for psykisk utviklingshemma i Hordaland.
Sunnaas sykehus
Sykehuset driv utreiing og behandling av pasientar med alvorlege og langvarige funksjonshemmingar.
TRS - et kompetansesenter for sjeldne diagnoser
TRS er eit kompetansesenter for sju sjeldne diagnosegrupper, er ein del av Sunnaas sykehus HF, og ligger på Nesodden utanfor Oslo. Nettsida har informasjon om diagnosene.