Nettsider redaksjonelt vurdert
Byggesak.com
Har informasjon om byggjereglar, rettleiing, svar på ofte stilte spørsmål, nyheiter og mange peikarar vidare. Solid side om rutinane byggjesakshandsamarane må forhalde seg til
Mesterregisteret
Vi har i Noreg kring 18 000 registrerte meistrar i om lag 65 fag. Om handverkaren din er ein av desse, kan du sjekke her. Meisterbrevnemnda står attom søkjemotoren.
Statens bygningstekniske etat
Informasjon om byggjereglar, byggingsteknikk, produktdokumentasjon og godkjenning av føretak.
Byggeguiden
Treng du ein handverkar raskt, kan du søkje i Byggeguidens database som inneheld fleire tusen handverksbedrifter og leverandørar av byggvarer over heile landet.
Byggmeisterforbundet
Organisasjonen arbeider for dei faglege og merkantile interessene innan byggjenæringa, og særskilt i tømrarfaget. Organisasjonsinfo, kursoversyn m.m.
Byggmesteren
Fagtidsskrift for byggjebransjen.
ByggSøk
Samarbeidsprosjekt mellom statlege byggjeorgan og bransjen. Har så langt hatt i oppgåve å leggje til rette for at kommunane kan tilby byggje- og planinformasjon på Internett og ta i mot og handsame elektroniske søknader og planar.
Klagenemnda for håndverkertjenester på fast eiendom
Klagenemnda tek føre seg tvistar som gjeld kjøp av handverkartenestar ved arbeid på fast eigedom mellom forbrukar og næringsdrivande, og er oppretta etter avtale mellom forbrukarrådet og ni bransjeorganisasjonar innan byggenæringa.
Byggarbeidsmiljø
Nettsidene inneheld bibliotek, informasjon om læremiddel innanfor HMS, eit biletarkiv og ei instruktørrettleiing.
Energimerking.no
Frå 1. juli 2010 skal alle bustader og yrkesbygg som skal seljast eller leigast ut ha ein energiattest. Den består av eit energimerke som viser energistandarden i bygningen. Målet er gjere folk meir medviten om energibruk og løysningar som kan gjere bustaden eller bygningen meir energieffektiv.
Glass og Fasadeforeningen
Bladet er eit forum for glas- og fasadebransjen med fagstoff om produkta til bransjen.
Norsk Bergindustri
Bergindustriens landssammenslutning (BIL), Stenindustriens landsammenslutning (SIL) og Pukk- og grusleverandørenes landsforening har slått seg saman og skipa ein ny organisasjon.
Norsk Byggtjeneste AS
Ein informasjonsteneste for fagfolk i byggjebransjen, men også nyttig informasjon for den vanlege huseigar. Nyhende, byggvareinformasjon m.m.
Rørfag.no
Fagblad for røyrleggjarar i Noreg.
SINTEF Byggforsk
Internasjonalt forskingsinstitutt som løyser utfordringar i heile byggjeprosessen. Hovudsatsingsområda er forsking, utvikling, spesialrådgjeving, sertifisering og kunnskapsformidling.
Skikkeligrørlegger.no
Norske Rørgrossisters Forening (NRF), VA- og VVS Produsentene (VVP) og Norske Rørleggerbedrifters Landsforening (NRL) representerer kvart sitt ledd i verdikjeda til bransjen.
Statsbygg
Statsbygg er staten sin sentrale rådgivar i byggje- og eigedomssaker, byggherre, eigedomsforvaltar og eigedomsutviklar. Ryddige sider som inneheld nyheiter, prosjekt, info om tenesta m.m.
Veidekke
Veidekke er den største entrepenørverksemda i Noreg. Allsidig selskap med verksemd innanfor bygg- og anlegg, industriell verksemd og eigedom.
Dinfeil.no
Nettstad med mål om å gjera folk medvitne om upraktiske løysingar og ikkje naudsynte hindringar i bustadene våre. Samarbeidsprosjekt mellom Husbanken og Statens bygningstekniske etat.