Nettsider redaksjonelt vurdert
Norsk brannvernforening
Stiftinga arbeidar for vern av liv, helse og verdiar i samband med brannar og andre ulukker. Nettstaden har mykje informasjon. Her er temasider, brosjyrar, statistikk, nettbutikk, forum etc.
Brannvernuka
Brannvernveka er ein informasjonskampanje som Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnstryggleik og vernebuing og If Skadeforsikring arrangerer kvar haust. Lokalt er det brannvesenet og dei lokale If-kontora som står for aktivitetane, ofte i samarbeid med el-tilsynet, Sivilforsvaret og andre samarbeidspartnarar.
Brannvettskolen
Undervisingsopplegg om brannvern og el-tryggleik. Lagt opp til barnehage, dei ulike trinna i grunnskulen, vidaregåande, i tillegg lærarar og foreldre. Utabeida av samarbeidsgruppa for brannvern i skulen.
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
DSB skal bidra til å hindre tap av liv og verne om helse, miljø, viktige samfunnsfunksjoner og materielle verdiar i samband med ulukker, katastrofar og andre uønska hendingar i fred, krise og krig.
Foreningen Norske Låsesmeder
Foreininga ønskjer mellom anna å auka forståinga for fysisk sikring og kriminalførebyggjande tiltak og å bevara og utvikla låsesmedhandverket i takt med teknologisk utvikling av produkt.
Forsikringsselskapenes Godkjennelsesnevnd (FG)
FG utarbeider regelverk og godkjenner sikringsutstyr og føretak for å redusere risiko for brann- og innbrotsskadar. Godkjenningar og regelverk kan søkjast opp på nettsidene. FG er ein del av Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNO).
Landbrukets brannvernkomité
Komiteen arbeider for å førebyggje og avgrense omfanget av brannar i landbruket.
Norsk Brannbefals Landsforbund
NBLF er ein landsomfattende interesseorganisasjon for brannbefal frå yrkes- og deltidsbrannkorps. På nettsidene kan du lese «solskinshistoriar», faguttrykk og annan informasjon.
Agent 110
Brann- og redningsetaten i Oslo kommune sine barnesider om branntryggleik. Her vil born finne tips og råd, quiz, spel og oppdrag rundt temaet. Målet er å engasjere born til å lære meir om brannvern og -tryggleik i heimen.
Aksjon bustadbrann
Aksjon bustadbrann er ein landfemnande informasjonskampanje som vert skipa til av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Norsk brannvernforening og Gjensidige.
Brannmannen
Tidskriftet av og for brannfolk tek opp tidsaktuelle tema og dekkjer hendingar over heile landet.
Brannrådgiveren
Søkjer du informasjon om brannvern og FDV (forvalting, drift og vedlikehald)? Vevstaden inneheld tema, bøker, artiklar og peikarar.
Deposito
Side om brannvern.
Fyringstips.no
Gode råd for trygg og økonomisk fyring frå Norsk brannvernforeining.
Opplysningskontoret for sprinkleranlegg
OFS har som hovudføremål å auke talet på nye sprinkleranlegg i Noreg og betre kvaliteten på eksisterande anlegg.
Rådet for vedlikehold av håndslokkere
Rådet tilbyr opplæring, eksamen og registrering for personar og verksemder som vil utføre vedlikehald av handsløkkjarar(brannmateriell).
Statens bygningstekniske etat
Informasjon om byggjereglar, byggingsteknikk, produktdokumentasjon og godkjenning av føretak.
SINTEF Byggforsk
Internasjonalt forskingsinstitutt som løyser utfordringar i heile byggjeprosessen. Hovudsatsingsområda er forsking, utvikling, spesialrådgjeving, sertifisering og kunnskapsformidling.